Ymist.

 

Kaffiprisen, som flaug so upp paa ei liti Stund, stend no stille att og kjem vel til aa detta ned igjen au. Det er berre nokre faae Amerika-rikingar, som hev køyrt Prisen so upp; dei hev kaupt upp baade den Kafi’n, som er haustat, og den som ska haustas og kanskje endaa meir, og so hev dei sjølve sett Prisen, og skuldat paa ein klein haust; men no for 14 Dagar sidan kunne dei ikkje halda Lygni si duld lenger, og so rauk heile Samlaget deira sundt. Men Rikingarne hadde selt og dei gledde seg; men mange av dei, som hadde kaupt, rauk upp i raude Rappe. Nokre hadde ei Gjeld paa 1 Million Doll. og so bortyver.

 

Men kven fær betala tru?

 

I Svelvik, ein liten By ned ved Drammensfjorden, hev det voret eldlaust nyleg. Laurdag Kvelden Kl. 101/2 tok det til aa brenna og um eit Par Timar hadde 54 Hus gjenget med. Sparebanken brann ned; men Bøker og anna sovore vart bergat. Det skal vera stor Naud i Byen, daa dei er Fatikfolk flestalle, det brann for.

 

Skogbrannen i Sande er det no Slutt med.

 

Kongen  kjem til Trondheim Tirsdagskvelden og skal opna Landbruksutstellingi der.

 

 


Frå Fedraheimen 02.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum