Valpolitikken.

 

 

Den Politikk, den Politikk,

den er lagad, so det hev Skikk!

Eigen Bate daa ingen ser,

som smaa Gudar seg alle ter!

 

Ja den Politikken, den kann setja ein mange Grillur i Hovudet. Vaart Val trudde no eg skulde voret greidt nok, likevæl gjekk det no langt yver mitt vesle Vit og langt inn i Presten sitt. Ør var eg fyrr, men endaa ørare vart eg ved det, eg saag i Bladet Dykk, for der saag eg ingen Ting. No skal det verta Greide paa det for Aalvor, vil du berre setja deg still og høyra etter, kva eg hev aa fortelja. Men for at du skal faa rettug Greide paa det, lyt eg fyrst fortelja deg, kor me bur. Me bur i ei bygd, der det baade er Skog og Fjell, Elvar og Fossar, Sjø og Land, Gardar og Hus, stort og smaatt Fe, ikkje so faae Rjuper um Vetren, men fleire um Sumaren, Harar og Revar, Kattar og Hundar, Mus og Rottar, ja til og med ein heil Slomp med tobeinte Folk av ymse Slag.

 

Soleis ser det ut, der me bur og det maa du merkja deg væl, ellest veit du ikkje, kor han Tulle høyrer heim. Men no veit du det. So skal du faa høyra, korleis me kann laga oss i den ”Poltikken”.

 

Ikkje mykje Greide hev eg paa slikt, som du væl veit, men det vesle eg veit skal eg so gjerne fortelja deg.

 

Me er so overlag ””mordrate”, ser du, for det hev me so mange Gonger i ”Mesteforeinige”, at du nok kunne hugsa det, ikkje det minste ”radkalle”, nei ikkje ein Tev av det ein Gong. Naar her skal vera Val ”diskurar” me ikkje desse i ”For-einige”, for daa kunne den verta til ”Meste-u-einige”. Nei det gjeng ikkje an, ser du. Men etter at Val-valet og desse Val-valmenn skal stad og kora Tingarmenner, daa ”diskurar” elder beskurar me for desse slik, at der ikkje finst nokon Skaar, men berre ei liti Brekke att i Vegen deira. Men ellest let me ein Mann fara kring i Revens Husko med Snutkjole paa. Daa veit me, det gjeng, som det var smurt etter. Um der var Fisk attmed Huskoni? Ja, du spør um meir, enn eg kann svara paa. Men godt gjekk det, det veit eg og. Mykje ”mordrat” var det ogso. Det tenkte eg no, du og kunne skyna.

 

Detta ”Mordrata” kann no arta seg mangeleis. Ikkje er det for uvetuge Folk aa skyna, kos det heng i hop. Men godt skal det vera, segjer dei, som hev Vit paa det. Alt godt skal takast etter, veit du. Lyd no difor væl til, so skal eg fortelja deg, korleis detta ”Modrata” bar seg aat med oss. No under Valet var det klaart, ser du, at Sverdrups ”Sterium” skulde stydjast ”so lenge det er rettferdugt”, sagde Høgremannen. Ja det var me mest alle samde um, ser du, og so maatte me velja Mannen inn i Heradstyret, endaa han hadde meldt seg ut av ”For-eininge” fyre Valet, for me hadde no ikkje meir hell denne eine ser du. – Ja det sverdrupske maatte stydjast, det var greidt, ellest kunne den gamle, sprukne og skrøpelege Statskyrkja ramla ned av Stolparne – Kristendomen er naturlegvis vel vart og verjad innan Statskyrkja sine griske Grindar mot baade ”Tenkeri” og alt anna ilt. – Det meinte no ”Tisten”, og difor maatte me ”dratta” med, ikkje støyta, ikkje skræma desse smaa, kvasse ”Tistarne”. Nei, daa er du paa den breide Vegen. – Ikkje den breide Vegen, som du veit, me skal faa fritt, berre me vil betala ein tretti-fyrti Kr. aarleg av kvar Skylddalar. – Tyrihans sagde: Hang fast, me hekk fast, og alle var me samde um, at ein ”Tist” maatte me hava med i Styret, um me skulde sleppe den breide vegen. Ja det er rart aa vera ”mordrat”, ser du, for daa, veit du, ein kann koma inn i ”Rett”, um ein berre ”resprenterar” 1/100av dei veljande, for det gjorde Mannen, og han kom. ”Tisten” kavde for 1/10, og han kom. _

 

Naar du les detta og ser, kor godt me kann laga oss, so trur eg nok, du vert forviten etter aa høyra, korleis vor ”Val-sofi” lyder. Vil du no endeleg veta det, so lyder den slik: ”Mordrat Dratting”! fyrst og fremst, som i Bulls- Soldaterlæra. For det andre: Væl mordrate, Midels-melungsmenner paa alle Postar, for dei, er du mest sikker paa, gjerer korkje vondt elder godt! _

 

Du vil kanskje ikkje lika mi Korting og Vending av Ord, men du veit Spraaki i sin Utviklingsgang strævar mot det kortaste, greidaste og enklaste. Difor tenkte eg, du som god ”Strævar kunne vera meg taksam.

 

Tullut og krullut er detta,

ein Snert av den Katterumpa,

um du det ei kunne fretta,

alt yver din Nasastumpa.

 

 

Din Tulle.

 

 


Frå Fedraheimen 02.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum