Kristiania, den 1ste Juli. Ein lyt høyra mykje, fyrr Øyro dett av,

 

segjer Ordtøkjet. Men kunne ein nokor Tid missa Øyro sine, maatte det vera ved aa lesa det, som i desse Dagar vert skrivet i dei tvo Regjeringsbladi her i Byen.

 

Me kann ikkje anna enn samstava med Dagbladet, naar det segjer, det maa vera armt for Regjeringi aa lesa, kva Verjebladi hennar fører fram.

 

Folkets  Avis  hev sjølvsagt mest aa segja, daa det er Jakob Sverdrup, den sterkaste Mannen i Styringi, som stend bak der.

 

Igaar hadde Bladet eit Stykkje, der det tok for seg Spursmaalet Steen – Jakob Sverdrup og som sjølvsagt endad med, at Steen var umogeleg i Styringi. ”Han er jo Regjeringens aabenbare Fiende”, segjer det sanningsgranne Bladet.

  

Den, som er litt kjent med Forholdet, veit at dette ikkje er sant.

 

Det er ein offentleg Løyndom, at det finst ingen Mann i Tinget, som hev arbeidt so hardt paa aa halda Vinstreflokken saman som Rektor Steen. Endaa han baade i det eine og andre Spursmaalet hev havt ei onnor Meining enn Styringi, hev han gjort alt, han hev orkat, for at det ikkje skulde koma til noko hardt Samanstøytt. Og kva meir er: han hev av Statsministar Johan Sverdrup, den Mannen, som skuldar Steen so mykje, tolt Vanvyrdingar og Hædingsord so grove, at endaa reine Oftedøler hev stemplat dei som skamlause.

  

Det hev ikkje voret nokor lett Sak for den trauste Framstigsmannen, som iminsto kvar einaste Vinstremannen i Landet burde taka Hatten av for, aa sjaa paa, at Styringi Gong paa Gong hev sleget inn paa ein Veg, som vel Lars Oftedal og Jakob Sverdrup likad, men som Fleirtalet i Vinstre var imot. Me kann godt tenkja oss, at han hev vortet arg so mang ei Gong, og naar han likevæl for Samarbeidet si Skuld hev boret alt so rolegt, so burde ikkje minst Oftedølerne vera han takksame for det.

 

Det er sjølvsagt Steen si Stilling i Ordskiftet um Kyrkjelovarne, Bladet er so sinnad paa. Ein stakkarslegare Grunn kunne Bladet etter vaar Meining ikkje funnet.

 

Det var ikkje Steen, som arbeidde for aa faa fram Kyrkjelovarne. Det er visseleg ingen Vinstremann, som var meir mot denne utidige Framsetjingi enn han. Det var sjølve den Sverdrupske Regjering, som førde Saki fram og kravde, ho skulde fyre i Tinget. Som Formand i Kyrkjenemndi fekk han sjølvsagt med Saki aa gjera. Og no hende det, at det Partiet, han høyrde til, hadde Fleirtal for seg. Det vart altso han, som kom til aa skriva Innstillingi.

  

Han hadde ei onnor Meining enn Styringi. Og som ærleg Mann sagde han det, han meinte. Ein ærleg og dugeleg Mann segjer nemleg alltid si Meining.

 

So kom Utsetjingsframlegget. Det var sjølvsagt, at ein so stakkarsleg og søkt Grunn, som denne um Tidi, ikkje kunne faa Steen til aa gaa med paa aa utsetja ei Sak, som ein hadde havt so annvint med aa faa fram. Det maatte andre Grunnar til. Men daa ikkje desse kom og det viste seg, at dei Talarar for Utsetjing, som ikkje uppheldt seg ved Tidsspursmaalet, tok og klandrad Fleirtalet sitt Framlegg (sjaa t. D. Haugland), so saag han sjølvsagt ingi onnor Raad enn aa gaa til Ordskifte.

 

Daa so Ordskiftet kom, og baade Mindretalet sin Ordførar, Bonnevie og Riksraad Blix kvar for seg upptok og verjad sitt Framlegg, so var det vel det rimelegaste av alt, at Steen verjad sitt.

 

Det kann vera, og det er, ymse Meiningar um dei ymse Framlegg. Me likad no best Kyrkjenemndi sitt, me, og me totte, at Steen verjad det meistarlegt. Men det maa alle medgjeva, tykkjer me, at var det nokon, som talad saklegt, so var det Steen. Han tok for seg det, som fyre laag og ut fraa dette talad han so saklegt, at visseleg ikkje eingong den argaste Oftedølen skal kunne segja, det var Teft av personlegt i nokon av Talarne hans.

 

Utfallet kjenner me alle. Avrøystingi var eit so sterkt Mistilltisvotum til Kyrkjepolitikken aat Styringi, at det ikkje kann mistydast. At sjølve Oftedølerne røystad mot Styringi sitt Framlegg, gjer ikkje Saki betre. Spilet der var altfor klaart til at vaksne Folk ikkje skulde forstaa det.

 

Hermed hev me, tenkjer me, synt, at Steen heile Tidi hev faret saklegt aat. Me trur, at kvar einaste ærleg Mann, som vil setja seg inn i Saki, vil koma til den same Meiningi.

 

Me skynar godt, at dei argaste Oftedølerne, ikkje vil ha Steen inn i Styringi. Dei veit, han er ikkje deira Mann. Dei veit, at han baade i det eine og andre Spursmaalet hev ei Meining, som ikkje hugar dei og som gjer, at desse trongsynte Folki reint gløymer det store ved han, som alle Vinstremenner burde kunne vera samde um aa takka han for.

 

Me skynar godt dette, og me klandrar dei ikkje for det. Ingen kann gjera seg større enn han er. Men me klandrar, at dei i det ustyrlege Sinnet sitt hev gløymt so reint burt Saki, at dei berre hev Personen aa hanga seg i. Me klandrar ikkje det oftedølske Livssynet. Me held den personlege Meiningi altfor heilag til det. Men me klandrar, at dei, som stend som andsvarlege og uandsvarlege Styrarar i eit Blad, ligg so laakt, at dei slepp Saki og heng seg i det personlege soleis som dei oftedølske Bladi hev gjort det med Rektor Steen. Ein sovoren Skrivemaate bør jagast paa Dør so snart som mogeleg. Me kann etter alt, som hev hendt, ikkje skyna, kvifor ikkje Steen skulde kunna staa jamsides med Johan Sverdrup i Riksraadet. Dei arbeidde godt saman i Tinget, kvifor skulde dei so ikkje kunna gjera det i Riksraadet og? Og Jakob Sverdrup vilde ikkje mange sakna.

 

 


Frå Fedraheimen 02.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum