Ein ridall¹) Kar.

 

 

Det som Bjørnson fer og skriv imot Maalsaki no, hev so lite paa seg, at det var aldri verdt aa vyrda det.

 

Men det er sume Folk, som endaa er heiltupp synkvervde i ei Autoritetstru paa Bjørnson, so det kunne vera løglegt aa sjaa litevetta paa, korleis det er lagat med denne Autoriteten hans.

 

I fyrre Bladet gav me eit Utdrag av Rødurne hans um Maalsak og Maalmenner ifraa gamal Tid og til no.

 

For at desse Rødurne skal verta meir fullstendelege, skal me i dag taka med ei Røde til, den fyrste me finn um sovorne Emne fraa Bjørnson.

 

Det er utor ei Melding av I. Aasens ”Norske Ordsprog” i Ill. Folkeblad i 1857:

 

Hvem kjender ikke Ivar Aasen. Det er ikke mange Aar, siden han gikk om fra bygd til Bygd, hørte vort Folkemaal, tegnede det op og fik Bogtrykkersværten til at give sig ifærd med det. Hvad Gjæld og Skyld Landet derved er kommen i til ham, kan ingen regne ud og ikke engang vore Efterfølgeres Efterfølgere kan blive færdige med at fuldtakke ham. Vi var ligesom to Baadlag; vi reiste nok frem, men det ene reiste langt fortere end det andet og ikke vilde det tage det med sig, ei heller vilde det tage nogen oppi til sig, forandrede han ikke ganske Skikk og Sæder. Den dannede Del af Folket var det første, og Bonden var det andet.

 

Rart var det vel ikke gaaet, om det første var kommet frem uden det andet, og saa begyndte man endelig at gjøre Akkord. Den dannede Mand vendte tilbage til Folket igjen, drog frem dets Skatte af Sange og Sagn, Erfaringssætninger og Drømme, og han lagde sit Maal til rette saadan at Bonden kunde forstaa ham, og fra den Dag af skal det gaa godt med Bondens Opdragelse og med den dannede Mand selv; thi naar vi reiser saman alle som en, kan Reisen gaa let for sig, og vi kan naa langt frem.

 

En af dem, som her har gjort allermest, er Ivar Aasen, en bondefødt Mand fra Søndmøre. Han var en tarvelig lært Skolemester, da han følte det  at røres i sig, som Gud havde bestemt ham til.

 

Ordsprogene ere alle sat ud paa et Maal, det, som han selv har laget samman efter Bygdemaalene, saa kjendt det er, naar man taler det, saa fremmed synes det ofte, naar det kommer paa Tryk.

 

I 1857 byrjar han lint og smaatt, me kann aldri fulltakka Ivar Aasen, segjer han, Aasen er ein av dei, som hev gjort allermest, for at Framandfolket og Bonden kann slaa seg ihop til eit Baatlag og gjera Semje. Han følte detat røres i sig, som Gud havde bestemt ham til”, segjer han i 1856.

 

Men Bjørnson kann likevæl ikkje bry seg noko vidare um Maalet, Vinje hadde han liten Samhug med fraa fyrrstundes, endaa han maa medgjeva, at paa Landsmaalet er han daa verkeleg Diktar, alt 1864.

 

Bjørnson fekk ikkje noko Tak paa Maalsaki i Fyrstningi, han saag berre paa Bokstavar og Former og totte Bondemaalet vart berre stivt og kaldt og framandt, naar det kom paa Skrift. Men so var de ti 1870, at det gjekk upp eit Ljos for han; han hadde daa set, at Maalsaki var ikkje nokon tom Tanke lenger, nei ho tok seg fram i Livet paa alle Kantar gjennom Blad og Bøker og Samlag, berre so det stod etter, og den eine Bokmannen etter den andre steig fram. Og daa kunne ikkje Bjørnson halda seg att, han vil jamt hava Æra for aa forstaa (um ikkje vera Far til) det, som er uppe i Tidi, han fann, at Maalmennerne no hadde valt Aand for Bokstav, at dei var verkelege Demokratar og Fridomsmenner, fordi dei hadde Kjærleik til Folket; dei hadde Mot som faae, dei var i det heile nettupp ”Tidens Mænd”, um ein av dei sagde han, at han umfram andre arbeide upp det Parti millom Ungdomen, som vilde erva Framtidi, um ein annan sagde han, at han var den Diktar, som vart betre forstaden enn dei fleste andre Forfattarar og som skulde verta lesen i kvar Stoge i Landet.

Dette var i Aari 1870 til 1873.

 

I dei Dagar merkad B., at Maalsaki var ei Stormagt, som han anten maatte drepa elder vinna og han valde det siste. Han gjorde Fred med Ungdomen og bad liksom berre um Lov for seg og aa vera til paa sin Maate.

 

Men so daa dei tvo likaste, me hadde, var baade burte og gløymde, daa raadde B. Grunnen aaleine att ei Stund og tenkte, at all Faare var yverstaden. Men uti 70-aari dukkad Arne Garborg upp. Daa gjekk det i Bjørnson, er dei enno ikkje daane, som traar etter Livet mitt? og han tok til med Strid igjen, um han ikkje skulde ha Lukka med seg denne Gongen, for no hadde han sjølv fenget seg nytt Fotfeste i Kultur og Visdom og med dette trudde han seg Kar til aa avsanna og gløyma alt godt, som han fyrr hadde sagt um Maalmennerne.

 

Det var i 1879 han var stridast, daa fann han ut eit nytt Vaapen mot Maalsaki, han sagde ho var Bakstræv, og alle Maalmenner var daa Bakstrævarar elder det same som han sjølv daa hadde voret fyrr.

Men han fekk ikkje tynt oss, Arne Garborg var vrangare og seigare enn nokon skulde tru. Det fekk B. snart merka, og han fann for andre Gongen, at det var tryggast aa gjera Fred att. Han paastod daa, at han hadde ”begivet” seg til Kjelderhalsen og ropat paa Garborg, som foor og staakad der nede millom Tussarne og han hadde verkeleg fenget han upp, og daa kunne det væl ikkje vera so faarlegt um han skrepte um Maalsaki igjen, sidan han torde kalla seg sjølv for aandeleg Gjenfødar for ”Bevægelsens første Mand” Arne Garborg. Kor det so gjekk daa, vilde B. faa Vinnarnamn. 


P. Voss kom, H. Berner kom og A. Garborg kom, og B. B. saag, at Saki hadde vakset seg so fast inn i det politiske Livet og som Skulespursmaal, at han, for aa berga seg sjølv, ikkje kunne anna enn segja: ”jeg istæmmer”. Det han hadde skrivet i 1879, det tok han i seg so reint i 1884, at det ikkje er Dusti att. Daa er alt godt og væl, liksom i 1870, ja endaa grumare. ”Nu vil Saken ta sund Vækst i vor store nationale Kamp og vil gi den sin Styrke”:

 

Kva er det daa, som hev gjort denne store Hugvendingi att hjaa’n paa desse siste tri Aari?

  

Jau han er rædd Frukterne av det som han meiner han sjølv hev saatt.

 

Han er rædd for den rike Maalgrøda, som han synest spirar upp av Ordi sine i 1884 um ”Sakens sunne Vekst” etter Utviklingslovarne. Det var ikkje meint so aalvorlegt, det var ikkje meint paa, at Maalet skulde koma som ein Vaarflaum inn yver dei gamle vældyrkad Marker, han kjenner, at no gjeld det ein Strid paa Liv og Død millom det gamle utlivde og det nye friske, og daa er Bjørnson so gamallvorten, at han kann ikkje anna, naar han skal fylgja si Hjartans Meining enn aa halda med det gamle.

 

Han er rædd Frukterne av noko anna, han er rædd, at han, som han trur, kallad Garborg upp or Kjellarhalsen, for no tykkjer han, at G. er komen altfor høgt upp i Ljoset og Høgdi, daa han jamvæl torer tillata seg aa kritisera Bjørnsons Diktarverk og finna Gamalsmak paa sumt. Og han ser væl ingen beidt paa heile Tidi, at det skulde vera ”Samvirken” millom Styringi og Tinget, soleis at det var eit Landsmein, naar det var Statsraadar, som ikkje samhøvde med Tinget. Sjølv gjeng Sverdrup og snakkar um aa gaa av baade i Tid og Utid for dei minste Smaasaker, som Tinget ikkje vil fylgja han i og tuklar dermed alt upp i Snakk; men no, naar det er ei Storsak, av fyrste Rang, kanskje han daa vil tola, at ein Departementsstyrar hev ei onnor Meining enn Tinget og Folket.

 

Det er desse Storsakerne, som alltid hev stadet fremst paa Statsministar Sverdrups Program: Hersaki og Jurysaki.

 

For Hersaki laut Departementsstyraren som hadde med den Saki aa gjera, Statsraad Daae, gaa av, fordi han ikkje samhøvde med Statsministaran og Tinget.

 

Og det var rett.

 

Skal daa Parlamentarismen vaar alt vera so forskiplad, at Departementsstyraren, som hev med den andre Saki aa gjera, Statsraad Sørensen, skal verta sitjande, naar han er imot?

 

Finn Sverdrup seg i det, daa er han ikkje vaksen Kar til Styrarplassen lenger, og han sjølv turvte hava Skuring og Justitsminisitar Sørensen Mistilltisvotum av Stortinget.

 

Dei fyrre Statsraadar av det gamle Slaget hadde ”Overbevisning”, segjer Fædrel., og for den stridde dei, so lenge dei hadde Kongens Tillit

 

Men desse me no hev:

 

De har Overbevisning, men følger den ei”.

 

Skal det vera Parlamentarisme her i Landet, so maa no Sørensen gaa og Quamelder Steeninn i Staden hans.

  

 

¹) ridall, ein som hev mange ”Rider” og Lonur; ein som ofte skiftar Meining.

 

 


Frå Fedraheimen 21.05.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum