Fridomen.

 

           

Ariost hev ein fager Forteljing um ei Fee, som for Skuld ein elder annan Naturlov paa sume Aarstider maatte syna seg som ein faarleg og giftug Slange. Dei, som foor stygt med ho, naar ho var i denne Skapnaden, var for alltid utestengde fraa det gode, ho kom med til Menneskjurne. Men for dei, som foor vænt med ho og livde ho, trass i Styggedomen hennar, for dei synte ho seg seinare i den fagre og himmelske Formi, som var den rette Naturen hennar. Ho fylgde dei, gjorde alt, dei ynskte, fyllte Husi deira med Rikdom, gjorde dei lukkelege i Kjærleik og sigerfull i Krig. Soleis er den Aandi, som heiter Fridom. Til sine Tider ser ho ut som eit stygt Krjupdyr, ho slikkar Støv, kvessar og stikk; men betre dei, som freistar aa knusa ho! Og sæle er dei, som tek mot ho, medan ho ver vanvyrdad og fælsleg, for dei skal faa full Løn, naar Fagerleiks- og Æresdagarne hennar kjem.

                                                                                  

 

Macaulay.

 

 


Frå Fedraheimen 08.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum