Fraa Landvik.

 

 

No heve eg det so fritt, det er Joli. Eg fær daa Tilhøve til aa rita nokre Ord til Fedraheimen. No med Jolegjestingi vankar, vil eg aldri nemna dei krappe Tider, som er so aalment umrødde. Det ser iminsto ikkje ut til aa vera so krapt, naar ein kjem til Gjestebods. Maltølet er godt og kveikjande og Kveitekaka stend paa Bordet, der det fyrr var berre Rugkaka. Men so er det mangestader heimelagat Ripsvin paa Jolekaggen istadenfyr Brennevinet.

           

 

Atter er det Vegarbeid i Landvik. No er det ein Sideveg upp øystre Bygdi. Her er komne tvo Islendingar med i Arbeidet. Tvo Gudbrandsdøler var burte paa Island i Sumar og arbeidde paa eit Vegstykke. Dei skulde nog syna Islendingarne. No er desse tvo Islendingarne komne hit i Vetter til aa temja seg upp til dugande Vegamenner. Kannhenda Njaals og Gunnar paa Lidar-Endes Ridevegar snart verta avløyste av Pannekakevegar. Kannhenda dei gamle Minni halda paa aa vekkja Islendingen ogso til Daad og Verksemd.

           

 

Du veit Privatbanken i Arendal rauk yver Ende. Tvo Gjentor or Granne-Heradet Herrefoss hadde faret til Amerika fyr 5 Aar sidan. Der hadde dei tent seg upp Pengar til aa liva av i Norge; for dei vilde liva sine gamle Dagar i sitt Fedraland. Pengarne sende dei heim og sette deim i Privatbanken. I Haust totte dei, dei hadde Rikdom nog og tok paa Heimvegen. Men dei hadde snaudt sett Foten sin paa Norges Grunn, fyrr dei frette, at Pengarne deira var uppetne, og dei var lika snaude som daa dei foor. Det ber til Amerika med deim til Vaaren atter. – Jau det var gild Bankstyrar den byrge Herlofson, som køyrde i Vogner til yver 4000 Kr. Stykket. Sjaa um eg ikkje laut snerta innpaa dei krappe Tider likavel. No er baade Sparebanken og Handverkar-Banken strokne, so det finst ingen Bank i Arendal meir. Dei stella no med aa faa i Stand ein ny Bank, som skal heita ”Agdesidens Bank” elder Banken paa Agdesida. Skal vita, um ikkje den kaute Arendølen lyt mjukna litt etter dette Slaget.

           

 

Men so er Sildi ei god Trøyst. Ho er komi i Vetter ogso og feit og stor er ho. Ho heve kostat 50, 40 og 30 Øyror Sneiset. Det er billeg Kost. Ho kann steikja seg i sitt eiget Feitt.

           

 

Det er myket Fugl aa skjota og no. For det heve vortet Slutt med Stokkarne som dei tok slik Mengd i um Hausten fyrr.

           

 

27de Des. 1886.                                

 

K. S.

 

 


Frå Fedraheimen 08.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum