Ymist.

 

 

Folkemøteskal haldast paa Hønefos i Januar. Det skal verta Ordskifte um dei beste Midlar til aa upphjelpa den økonomiske Stellingi aat Bonden og um den politiske Situation.

 

 

Vinstreforeiningi  i Stavanger hev uttalat seg mot Hamarresolusjonen med 300 mot 15 Røyster vert det telegraferat til Vp.

 

 

Nye Bøker. Hjaa Cammermeyer: Anton Nielsen: ”Fattigmandsfærd” II, 3.40; Signe Rink: ”Grønlændere” 2.00; Wilh. Larssen: ”Lyse Livsbilleder i sort” 2.00.

 

Hjaa Nygaard, Bergen, er utkomet: ”Therese Raquin”, Drama av Emile Zola, umsett av G. Gran. Kr. 1.50.

 

Hjaa Ernst Bojesen, Kaupenhamn: ”Norden” II.

 

 

Garborgs  ”Mannfolk” kjem til aa kosta Kr. 3.20.

 

 

Juridisk  Embætseksamen  hev 46 teket no.

 

 

Arbeidsløysa i Bergen. Formannskapet hev gjevet 6000 Kr. til offentlege Arbeid.

 

 

C. Clementson, som i mange Aar hev voret Kasserar hjaa Storhandlaranne Caspary & Jøerges her i Byen, sit no fengslat. Han hev skrivet falske Vekslar for ikr. 200,000 Kronur. Han er 32 Aar gamall og skal vera fødd i Fredrikshald, segjest det.

 

 

Store  Fallittar. Fraa Fredrikshald vert det telegraferat til Morgenbl. Onsdagskvelden Kl. 8: ”Øhrs Glasverks Aktiebolag, Andreas Fritzner, Fritzner & Co. i Sarpsborg er standsede. Store Tab Glasværket paa Prisfald og svenske Kunder, Værkets Gjæld er ca. ½ Million i norske Banker”.

 

 

Bjørnstjerne Bjørnson  var Onsdag 54 Aar gamall.

 

 

Aksieteikningi  til den nye Banken i Arendal er alt ferdug.

 

 

Uranienborgs Kyrkja, som det hev voret so ugreidt med lang Tid, skal no endeleg verta teken i Bruk til Jul. Innvigingi skal haldast 22de Desember.

 

 

Det er gildt Sildefiske no her paa Austlandet. Det vantar berre Kauparar.

 

 

Bladsal. Bladet Akershus, Vinstreblad styrt av Stortingsmann Dieseth, er no selt til eit Høgresamlag. Bladet skal fraa Nytaar av, verta Høgreblad og styrast av den namngjetne Anton Brask Rustad, som fyrr hev styrt Akershus  Amtstidende.

 

 

Saker bør ein ikkje føra, utan ein kjem rektig i Knipetak. Ein maa punga ut anten ein vinn elder tapar. Men verst av alt er ”unødig Trætte”. Dette fekk ein Mann i Drangedal røyna. Han heldt paa med ei Sak i alle Rettar, men allestad tapad han og tilslutt dømte Høgsterett han til aa betala 200 Kr. i Sakskostnad og 200 Kr. attpaa for ”unødig Trætte”. (V. G.)

 

 

Fælslegt. Ei Kona i Fredrikstad, som hev 12 Born, kastad seg her ein Dagen i Elvi. Nokre Folk, som kom tilstades, fekk berga ho.

 

 

2 Uksar stellte seg nyleg upp paa Banelina ved Sørengen. Dei stangad mot Toget, so at Lokomotivet og ei Vogn gjekk av Skinnurne. Men baae vart øydelagde av det.

 

 

I Sarpsborg er det so mykje Difterit, at Skularne hev maatt sluttat.

 

 

Klokkemakar Hovde  fraa Hønefos, som er paa ei Stipendireis i Tyskland, hev leigt burt Patentklokka si til eit Fabrikk der nede for 10,000 Mark.

 

 

Gull paa Voss. Ein Mann fann ein Dag, han gjekk i Fjellet, ein glinsande Stein, som han stappad i Luma, utan aa bry seg meir um han. Daa han heime tok Steinen upp og saag paa han, kom han paa den Tanken, at han maatte innehalda noko sers. Han fekk ein fjelllærd Mann til aa granska han, og daa synte det seg, at det var Gull i han.

 

Ein annan Mann fann for nokre Aar sidan ein liknande Stein. Han tok han med seg til Bergen og fekk 20 Kronur for han, utan aa vita, kva det var i han. Denne Mannen kann helder ikkje finna Plassen att, der han fann Steinen.

 

 

Kattar – Smitte. Medicinaldirektøren hev fenget mange Meldingar, som syner, at Kattar i mange

 

Tilfelle hev boret Difteritsjuke med seg. Mange Tider hev dei gjenget til av ho sjølve.

 

 

Den sterke Stormen, som det hev voret i det siste, hev gjort stor Skade. Mange Farty hev sett til paa Kysten baade i Noreg og Danmark.

 

 

Frankrik. Freycinet hev no teket Avskil. Goblet heiter Ettermannen hans. Han hev voret med i Ministeriet hans Freycinet (Kyrkjestatsraad) og skal vera ein dugande mann. – Forresten so er det ingi greid Sak aa vera Stasraad i Frankrik no, og det er vant um Goblet kjem til aa halda det lenger enn til neste Aar. Det er so mange Parti der nede, og alle vil dei hava sitt fram, kann ein vita.

 

 

England. Til Hovudstadsbladi vert det telegraferat fraa London 9de Des.: I den private Klubben, uttalad Salisbury seg soleis: Kva Irland vedkjem, so er det Høgre sitt Ynskje, aa finna Midlar til aa slaa seg saman med dei liberale Unionistar (d. e. dei av Vinstre, som var imot Homeruleframlegget hans Gladstone) utan aa ofra den politiske Meiningi si. Regjeringi tenkjer fyrst paa aa granska Spursmaalet um serskildt Regjering for Skotland og England og sidan taka fat paa Irland. Naar ei sovori Ordning hev komi i stand, so vil ho taka fat paa Samfundsspursmaali i Irland. Regjeringi hev same Meiningi som fyrr um Forretningsskipnaden i Underhuset. Ho vil gjera alt for aa upphalda Talefridomen; men dei Midlar, som rakk til, daa det berre var 40 irske Medlemar, vert for smaae no, daa det er 90. Fyrst maa det gjerast noko ved det noverande Tilstandet i Irland. Det, som fyrst og fremst maa verta gjort, er aa hevda Loven fullt ut. Ein lyt granska det vonde, som fær mange Folk til aa negta aa lyda Loven. Regjeringi, som litar paa Stydnad fraa alle Parti, vil treda upp mot Lærdomar, som er faarlege baade for Industrien og Aalmenvælet i det heile.

 

 

Amerika. Stortinget i dei foreinad Statarne vart opnad Tirsdag av Cleveland. I Opningstalen vart det upplyst, at Statens Innkomur i fyrre Aaret hadde voret 336 og Utgifterne 242 Miljonar Kronur.

 

 

Herstellet  i dei ymse Land kostar store Pengar. Her er nokre Døme: Tyskland 392 ½ Mill. Kr. um Aaret, Rusland 670 Mill., Frankrik 622 Mill., Austrike-Ungarn 214 ½ Mill., England 550 Mill. og Italia 230 Mill. Alt i alt gjev desse 6 Stormagter 5000 Millionar Kronur um Aaret berre til Her og Flaate.

 

 

Sveltemeistaren Succi  hev no funnet Yvermannen sin han og. Den nye Karen heiter Merlatti og er Italiamann. Kann det verta aalment dette, at Folk kann liva 30-40 Dagar utan Mat, so vert det Raad for alle Folk aa freista Livet daa, maatru.

 

 

Den Gullringen  er ikkje meir egte, enn eg er egte”, sagde Gjenta til Kjærasten sin.

 

 

I Skulen. Læraren: Um du no missar baade Far og Mor, kven skal du so lita paa?”

Fatikkassa!” svarad Guten.

 

 

Ver sparsam,  Guten min, so at du kann hava Pengar i Bakhandi, um du eingong vert fatik og lid Naud”, sagde Faren til Sonen.

 

 

 


Frå Fedraheimen 11.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum