Ovtilverknad.

 

(Del 3 av 3. Fyrste delen.)

 

(Henry  George).

 

(Slutt fraa fyrre No.)

 

 

Men dette er ikkje alt. Det finst det, som kugar endaa meir paa Tilverknaden.

 

Soframt det i Allheimen finst større og meir utviklad Skapningar enn oss, som studerar dei store Under ikring seg og ein og annan Gongen ser ned paa Pletten, der me bur, med likso stor Vithug, som me hev, naar me granskar det yrande Livet i ein Vatsdrope, so maa dei verta forundrat yver Folkeumbytingi i Landet vaart. I Byarne er Folket so tett samanstuvad, at dei liver i Lag yver kvarandre; paa Landet bur dei so langt fraa kvarandre, at dei ingen Hugnad hev av Grannskapet. Dei ser, det vert bygt Hus i Byutkantarne, medan mykje betre og høvelegare Byggeplassar vert liggjande. Dei ser Folk fara lange Vegjer for aa dyrka Jord, medan ei Mengd udyrkat Jord finst der dei kjem fraa og der dei reiser gjenom. Soframt det finst Skapningar, som stend i same Forhold til oss, som dei lærde til Maurar og mikroskopiske Smaadyr, so maa det vera nokre snodige Tankar, dei gjer seg um Stellet vaart.

 

Lat oss tenkja oss, korleis t. D. Newyork vilde sjaa ut fraa ein Luftballon. Husi klatrar upp mot kvarandre, - 8, 10 ja like til 15 Høgder, Folkelag paa Folkelag, den eine Huslyden ovanfor den andre, utan nok Vatn, Luft og Ljos og utan nokon Leikvoll elder Pustrom. Det er so tettbygd, at Gaturne ser ut som Rivnur i Mursteinen og Kalken. I dei nye Bydelar er det berre ei 20 Fot breid Rivna millom Husi, som snur til ei Gata og dei, som snur til ei onnor. Det er so trongt, at Soli knapt fær glytta ned imillom mitt paa ljose Dagen. Men rundt ikring er det fullt av ubrukat Jord. I sjølve Byen er ikkje meir enn halvparten av Jordi bygt paa, og det ligg aalment store Byggeplasser ved Sida av dei høge Husi.

 

Soframt me med betre Kikarar kunne paa andre Himmellikame augna Vatn, som ikkje hadde jamn Yverflate, men som her og der reiste seg i høge Søilar, so vilde ikkje dette forundra oss meir, enn det maa forundra dei hine Skapningar, eg talad um, aa sjaa paa Landet vaart. Korleis heng det i hop, vil dei vel spyrja, at ikkje Folket brukar heile Jordi aa byggja paa. Dei forstend, at det maa vera noko, som er i Vegen, men kva det er, veit dei ikkje.

 

Men ei Menneskja fraa Sudhavsøyarne vilde ikkje lenge vera i Tvil um, kva han skulde kalla det. Nokre Heidningefolk der hev det nemleg so, at naar ein Hovding hev sagt, den Plassen elder den Tingen er ”tabu”, so torer ingen bruka elder koma nær han. Han maa helder gaa ein fleire Mil lang Umveg, enn setja Foten sin paa ein Stig, som er tabu”, han tyrster helder ihel, enn drikk av ei sovori Kjella, han maa gaa svolten, endaa Frukti i ein tabu  Hage rotnar framfyre Augo hans. Ein sovoren Mann vilde kalla denne Jordi ”tabu”. Og han vilde ha paalag Rett. Jordi ligg udyrkat og ubrukat, berre avdi ho høyrer til under den Tabuformi, me kallar ”privat Eigedom”.

 

Det er den høge Jordprisen, som er Grunnen til dei høge Husi, og at Byarne veks til og Prisen stig etterkvart, som ein større Folkemengde treng til meir Jord. Til større Etterspyrjingi etter Jordi vert, til høgare vert Prisen paa ho. Det vert bygt Leigehus millom store Byggeplasser, avdi Jordprisen er so høg, at dei, som hev mindre Raad, maa bruka so lite som mogelegt. Dette er Grunnen til, at den eine Huslyden bur ovanpaa den andre.

 

Medan soleis den stigande Jordprisen i Byarne hindrar Bygning og Umvølingar, so verkar han paa Landet paa ein annan Maate. Istadenfor aa stuva Folk saman, vert dei skilde fraa kvarandre so langt som mogelegt.

 

Jordkauparanne liter paa, at Prisen skal stiga, og difor kaupar dei mykje meir Jord, enn dei hev Bruk for. Dei ventar berre paa, at det skal koma andre, som med Tidi vert nøydde aa bruka ho. Paa denne Maaten vert Folk ikkje berre utestengde fraa den Hugnad og Gleda, det er i eit Grannelag, men Tilverknaden vert kaat han og. Utanumutlegg til Vegjer og Jarnvegjer, dei store Lengder Varurne maa førast, Hindringarne for Samkveme, som er naudturveleg for Tilverknaden no i Tidi, alt dette hindrar og minkar Tilverknaden. Liksom ein høgare Jordpris i Byarne hindrar Bygning, likeins hindrar han paa Landet Jorddyrkingi. Til høgare Jordaprisen er, til større Utlegg fær Jordkauparen, um han kaupar kontant, og kaupar han paa Avbetaling, so vil det gaa so mykje meir av den aarlege Fortenesten hans. Folk, som er hugad paa aa dyrka Jordi, um dei kunne faa ho, berre for Dyrkingi, dei vert burtviste for aa gaa lange Vegjer og bruka upp Pengarne sine, medan dei ser seg um etter betre Høve, for aa auka Talet paa Daglønaranne, for aa reisa attende til Byarne elder Fabrikarne for aa tena Maten, elder for aa verta arbeidslause ofte so lenge, at dei vert moralsk øydelagde verre enn unyttuge Landstrjukarar.

 

Soleis vert Tilverknaden hindrat i dei Livevegjer, som utgjer Grunnlaget for alle andre. Dette hindrar Tilverknaden paa andre Leider. Soleis gjeng det fraa det eine til det andre og framkallar dei Døme, ein kallar Ovtilverknad, men som i Grunnen er hindrat Tilverknad.

 

Og etterdi Jordaprisen stig ikkje berre, naar Folket og Rikdomen aukar, men ogso naar det er Von um ei sovori Auking, so vil denne Stigingi, i dei beste Land oftast gaa so vidt, at Tilverkanden ikkje svarar seg for Kapitalen og Arbeidet og Kapitalen negtar aa vera med. Dette hendar oftast, naar Spekulasjonsjuken er paa det høgaste og fører i Lengdi til ei aalmenn og hastig Hindring av Tilverknaden, og dette er atter Grunnen til desse Bivringar, som ein kallar Handels- og Handverkskriser og som utmerkjer seg ved Pengetap, Arbeidsløysa, Vareupplag som ikkje kann seljast utan Tap, og Naud og Elende paa alle Kantar. Det er sant, at andre Ting og kann hjelpa til, men at dette er den største og fyrste Orsak, trur eg er tvillaust.

 

Og endaa klaarare tykkjest det aa vera, at kva det so er Orsak til desse Kriser, so vilde dei ikkje kunna haldast vedlike og aukast, soframt dei arbeidande Krafter fekk bruka Jordi fritt. Det var umogelegt, at Arbeid og Kapital kunne vera so rolege, um denne naturlege Utvegen stod open. Samstundes det viste seg Merkje til ovtilverknad i eit Handverk, vilde Kapital og Arbeide taka fat paa dei Livevegjer, som utvinn Rikdom av Jordi, og daa vilde det straks verta betre.

 

Soleis ser me, at det me kallar trange Tider, desse store Uheppur, som stundom gjer meir vondt enn store Krigar, i Grunnen kjem av for lite Kjennskap til og Vanvyrding av Folkeretten, denne Vanvyrdingi av den Retten, som alle hev til aa venda attende til Naturen og faa fullt Vederlag for Arbeidet sitt.

 

 


Frå Fedraheimen 11.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum