Kristiania, den 10de Desbr.

 

 

Kyrkjelovarne. Regjeringi vil samrøystes framsetja Forslaget til Kyrkjelovar paa komande Storting, fortel Vp. Det er ikkje utrulegt, at so vert Tilfelle, daa Jakob Sverdrup og fleire med han hev arbeidet so trottugt paa det. Men um Stortinget vedtek Forslaget er eit anna Spursmaal.

 

Det hev voret talat so mykje um at Sokneraadet skulde vera eit brennande Folkeynskje. Dette syner seg ikkje aa vera sant. Det finst ein og annan, som ynskjer det, men noko Fleirtal i Folket hev Forslaget ikkje. Hadde det voret Tilfelle, so hadde det vel synt seg ved Stiftsmøti. Me hev fenget Melding fraa mange Kantar av Landet um, at det ikkje vart noko val av det til Stiftsmøti. Ja, i sjøvle Stavanger Amt, vart det ikkje haldet noko Val. Det berre reiste ein og annan likevæl. Og endaa held sume Blad paa og fortel, at Folket ynskjer Sokneraadet.

 

Betre og sannare Prov, fyrr me trur det.

 

 

Forholdstalsval i Kristiania. For Stortinget er det framsett tvo Forslag til Forholdstalsval. Det eine av Emil Stang, det andre av H. E. Berner. Daa Formannskapsvalet i Kristiania var avgjort vart det nedsett ei Nemnd av den liberale og den konservative Foreiningi, som skulde sjaa etter, korleis det vilde gjenget ved Valet etter dei tvo Forslagi. Uppteljingi ette Forslaget hans Stang turvte 4 Timar og valte vart 5 Høgre, 2 Vinstre og 1, Direktør Kjær, av Sedugskapsforeiningi. Uppteljingi etter Forslaget hans Berner tok paalag like lang Tid. Valet vart etter denne: 6 Høgre, 1 Vinstre og Kjær.

 

Ved Formannskapsvalet her hadde Høgre 2868-2715 R., Vinstre 1102-788 R. Av dei 6500, som hev Røsyterett, møtte 3945.

 

 

Det skal vera mange, som syrgjer, avdi dei ikkje fekk seg ein Orden no den 1ste Desbr. Det var ein Mengde, som fekk, men det skal vera endaa fleire, som syter, avdi dei ikkjefekk. Kongen hadde nok og tenkt aa gjeva Olavskrossen til fleire Normenn og, men so hadde Regjeringi funnet paa aa innstilla Stortingspresidentarne Steen og Sivert Nilsen til aa faa han. Kongen hadde ikkje Hug til dette og for ikkje aa støyta Regjeringi lagad han det so, at ingen Normann fekk han.

 

Um Regjeringi vilde halda paa aa innstilla sovorne Menn kvar Gong, so vart det kannhende slutt med dette narrelege Ordensstellet, som ingen aalvorleg Mann bryd seg det minste um.

 

Um Kongen totte, at Ordenarne hans var for gode til desse Kararne, elder at desse var for gode til aa bera sovoret Kram paa seg, er det ikkje sagt noko um. Det siste var vel Grunnen, tenkjer me.

 

 

Alle Vinstreblad hev uttalat seg mot aa slutta med Vinstreforeiningarne. Det var noko, ein kunne vita paa Fyrehaand.

 

 


Frå Fedraheimen 11.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum