Kong Sverres Lur.

 

 

Dei gamle Normenner kjende til noko, som heiter Eldhug, og mest alle veit vel paalag, kva dette Ordet vil segja, no og. Men det er ikkje fritt for, eg tykkjer, at Eldhugen hev byrjat aa slokna. Normanna-aanden hev vortet kvalt av det daglege Kavet og hev storknat i den materialistiske Myri. Det er ikkje gildt, det skal vera so. Saki er, at mange ikkje hev fenget Augo upp for anna, enn det naturlege Livet krev. Storhopen fattar ikkje endaa, kvifor me er sette her i Livet. Mange hev ikkje noko Maal aa arbeida for. Tidi vaar er full av fagre Ord utan Gjerd. Det er so maklegt aa tala store Ord og det røynar ikkje noko paa. Verre er det aa stilla seg upp i Ringen og vera med i Striden.

 

Det var eingong nokre Gutar, som las desse Ordi hans Kristian Elster:

 

Der blenkjer Vardar i Natten tunge

der gjeng med Bod ifraa Heimar tunge,

um mangein Strid millom Fjell og Urd,

um dei ’kje høyrer Kong Sverres Lur”.

 

Daa dei hadde leset dette, kom dei paa den Tanken, at dei vilde iveg og sjaa det Ljoset, som blenkte i den tunge Notti og høyra det Stridssbodet, som gjekk millom Norges Fjell. Det var ein heil Hop, som drog avstad. Uppyver bar det i det væne Veret. Soli skein og Foglarne song uppi Lidi. Etterkvart som dei kom upp, tok dei liksom til aa letna um Hjartat. Men so var det nokre, som totte det vart fælt so annsamt. Dei byrjad aa sjaa tvilande uppetter og sagde: ”Undrer mig, hva jeg faar at se over dei høie Fjelde?” Fleire av desse sette seg i Bakken for aa kvila. ”Men Vardarne”, sagde hine, ”me maa ikkje kvila, fyrr me hev naadd dei”. ”Aaja, det er altfor sant”, sagde dei, og uppyver bar det, so det var ikkje lenge, fyrr me var framme. Medan me saag utyver Fjellviddurne og nedyver Fjorden, var det ein som song:

 

Aanei, det lyfter Hugen aa sjaa paa Fjell og Fjord

me ser, at ogso Dugen er størst, der Fridom gror.

Ja, alt det, som kann bera og lyfta oss til Ljos

det kann me ogso finna uti Naturens Hus”.

 

Ja, det var hugnadlegt deruppe. Ein kunne sjaa Jostedalsbræi bøygja seg som ein Ring ikring det gamle Kongeriket Fjaler. Lengere inne tottest me sjaa den gamle Jotunborgi. Jøtnarne livde der i gamle Dagar, men skal tru, um dei er der no? Iallefall totte me, me saag dei gamle Kjempur staa utanum Hallen og glo paa oss med dei kvasse Augo sine. Skjegget deira rakk til knes, og var so kvitt som Snø. Alderen hadde teket paa dei, maavita. Paa oss gjorde dei eit vyrdsamt Inntrykk: me totte, me vart so reint smaae. Sjølve Bræi skaut Joklarne sine utfyre Fjellkanten for aa syna seg i all sin Storleik.

 

Mot vest saag med desse Sund og Krokar, der dei gamle Normenn stridde so mang ein Gong. Det kom nettupp nokre Skip seilande um Neset derburte. Dugande Stridsmenner var det umbord. Men kva var det for ein Laat, me høyrde? Me vende oss til den Kanten, han kom fraa. Jau, det var Kong Sverres Lur. Han kallad Folket sitt saman til Strid mot Bakstrævaranne, mot Baglarne. Snart var Flokken samlat og han byrjad tala til Folket sitt. Han talad med ein sovoren Eldhug, at det gjekk deim gjenom Merg og Bein. Det var Sanningi, Fridomen og kvar Manns personlege Rett det galdt aa strida for, sagde han. Og me, som høyrde Talen hans, lovad at han vilde me fylgja, kva det so maatte koma.

 

Men kva er det, som stend derburte? Det hadde Horn, nett som ein Bukk.- Me maatte setja oss ned og sjaa, fyrr me vart visse paa, kva det var. Endeleg saag me, det var ein Mann og det ingen daarlegare enn sjølv Bisp Nokolas. Han hadde Bispehuva paa og Stav i Handi. Men kva gjorde han no? Jau, han heldt paa aa bansetja Sverre. Ved fyrste Augnakastet, totte me, dette saag fælslegt ut, Banstraalarne kom farande som Lynglimt; men so saag me, dei sloknad, fyrr dei naadde Sverre. Og no byrjad Striden. Han vart hard, men Fridomsflokken vann paa Bakstrævaranne, so at desse knapt nok fekk berga seg umbord i Skipi. Daa me saag Utfallet, vart me glade. Me lova daa strida for Fridom og Sanning, nett som Sverre gjorde. Me saag, at det vilde kosta Arbeid og Strid, men me hev god Sag aa strida for og ein Førar, som ikkje svikar.

 

Me maatte sjaa til koma paa Heimvegen.

 

Det var nokre, som vilde endaa høgare, men fyrst so vilde no alle heimatt. Me fekk sjaa mykje, medan me var deruppe. Me fekk sjaa den norske Naturen med Fjell, Dalar og Fjordar, Federnes Heltegjerd og Fridomsflokken sin Siger yver det myrke Bakstrævet.

 

Kvar drog heim til seg. Eg vonar, at alle vil verta trufast mot Lovnaden sin.

 

Jak. Rivedal.

 

 


Frå Fedraheimen 11.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum