Finst det Religionsfridom i Norig?

 

Eg hev set mykje saart, mykje som gjorde vondt, i den seinare Tidi her heime; men noko so trist og myrkt som no sist, Domen yver Missjonær Tønnæs, - det hadde eg ikkje trudd paa. Korleis kann noko sovoret gaa for seg i eit fritt Land?

 

Um me hev ein tullutt Lov um dette, so maa vel Autoritetarne kunne lata den Loven sova - til dei kann faa han burt. Aa lata ein Mann, som er sjuk, leva av Vatn og Braud i otte Dagar, fordi han hev tekje upp i Kyrkjesamfundet sitt nokre unge Menn og Kvende under nittan Aar – det er Barbari, ingenting anna.

 

Aa setja ein Mann paa Vatn og Braud er i seg sjølv umenneskjelegt. Me veit fraa Fysiologien, at Vatn og Braud ikkje rekkjer til som Næring for Menneskjet – det er det same som aa setja Husdyri paa Sultefor; aa setja Dyr paa Sultefor, det gjeng alle med paa er umenneskjelegt og barbarisk; og det hev Loven sett Straff for; men naar det gjeld eit Menneskje – daa gjeng det godt an.

 

Naar skal me frie for slike fæle Minne fraa Fortidi? Naar skal me læra, at Menneskjet hev Rett til aa tenkja og tala fritt og handla etter si Tru, trass alt Aandstyranni i Verdi?

 

Rolv.

 

 


Frå Fedraheimen 11.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum