Du skal elska Næsten din som deg sjølv.

  

 

Naar du, kjære Lesar, tek upp Pengepungen din for aa betala Billettar til ein Haustfest, Dansemorro og anna sovoret hev du daa nokor Tid tenkt paa det Bodet, som segjer: ”Du skal elska Næsten din som deg sjølv”? Nei, kjære Lesar, baade du og eg er svært late og daude av oss, naar det gjeld Næsten vaar, men er det oss sjølve, daa veit me, kva me vil.

 

Ved aa lesa Kristianiablad, ser eg, at baade den og den Foreiningi skal halda Fest, og eg kom til aa tenkja paa alle dei fatike Arbeidarar i Landet, som ikkje hev nokon ljos og gild Julefest og Vinter i vente.

 

Eg kom, som sagt til aa tenkja paaa den store men likeframe Setningen: ”Du skal elska Næsten din som deg sjølv”.

 

Naar Arbeidsfolket lid Naud, so er me straks ferdige aa ropa um Hjelp fraa dei rike, og me gløymer for det meste, at me er skulduge aa gjera det, me kann sjølve.

 

Aa skjella og skjenna paa alt og alle, det er me svært viljuge til, men gløymer samstundes av vaar eigen Skyldnad.

 

Tenk um me tok alle desse Pengar, som me øyder upp til Festar og anna Kram, som berre gjer oss til Tiggarar og delad dei ut millom dei fatike Kameratarne vaare, kor stor Hjelp vilde ikkje det vera for dei, og kor vilde me ikkje gleda alle desse smaae, som gjeng der halvnakne mitt paa Vinteren og bed Mori etter Braud.

 

Lat oss stansa paa Vegen til Billetsalet og tenkja oss um, kanskje me vilde hava større Glede av aa gjeva dei Pengarne, me hadde tiltenkt Festar, til arbeidslause Medmenneskjur. Tenk kor mykje me kunne hjelpa, um me alle var ærlege og ikkje stakk noko under Stolen!

 

Eg trur, me hev Grunn til aa vera skamfulle yver det, me dagleg gjer, allramest hev me Grunn til aa skamma oss, naar me høyrer fatike Medmenneskjur skrik etter Braud til seg og sine, og me istadenfor aa hjelpa dei, skundar oss inn i den ljose Dansesalen, der Spilet lettar Foten til Dans, og der Drykkjevarurne meir og meir fær oss til aa gløyma burt dei lidande Brødrarne vaare.

 

Endeleg vil eg beda kvar Foreining um aa visa seg mot Medmenneskjurne sine, plent som dei vil, at hine skal visa seg mot oss.

 

 

I .M. P. iArbeideren.

 

 


Frå Fedraheimen 11.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum