Ymist.

 

 

I Kristiania  gjeng det for Tidi mange arbeidslause. Nyleg vart det uppsagt 240 Mann paa Nylands mekaniske Verkstad. Det ser ikkje ljost ut for desse Folk no, svarte Vinteren kjem. Skulde det ikkje vera paa Tide, at det vart gjort noko verkelegt for Arbeidaren. Det er for Tidi samlat ein Arbeidarkommissjon i Byen; men den kjem visst ikkje til aa gjera stort. Ein Arbeidarkommissjon med ein Amtmann som Formann, det ser mest ut som – Hæding.

 

 

Dei kjem seg Høgre og. Paa Aarsmøtet i ”Akers Grundlovsforening” var det ein Talar, som sagde, han vilde framhalda, at Vinstre aalment trudde aa hava Rett likso fast som Høgre trur det. Grunnen til at Vinstre hadde meir Framgang var, at dei ikkje hadde so god Greide paa, korleis ein Stat burde styrast.

 

Ein annan trudde, at mange hadde sluttad seg til Vinstre, av di dei hadde vortet støytte paa ein elder annan Maate, og at det var mange, som var altfor gode til aa vera Vinstremenn.

 

 

Eit Kunstindustrimuseum tenkjer dei paa aa faa upprettat i Bergen.

 

 

Det døydde  ingen i Drammen i heile fyrre Vika.

 

 

Skulelærar Ramstad i Modum vart nyleg avsett av Skulekommissjonen. Det var komet Klage yver han fraa Folket i Skulekrinsen; men kva ho gjekk ut paa er ukjent. Seinare stemde han alle Klagaranne sine for ”Forlikelseskommissjon”, ein for ein, og desse hev ogso ein for ein gjort Forlik og vedteket aa betala ei Mulkt. Desse Forlik sende han daa til Stiftsdireksjonen og denne sende dei att til Modum Skulekommissjon. Kva denne no vil gjera, ventar Folk aa faa sjaa.

 

 

Rymd (?) Skulelærar. Skulelærar og Ordførar Lars Svendsen Askim var fyrre Maandagen paa Vitjing hjaa Son sin, som gjeng paa Landbruksskulen i Kalnæs. Derifraa gjekk han Kl. 6 Ettermiddag og seinare hev ingen set noko til han. Han var 58 Aar gamall.

 

 

I Arendal hev det no i alt spilat upp 21 og fleire kann det ventast.

 

 

Falskt. Ein Forretningsmann her i Byen, M. G. Maarud, som hev drivet med Skipsrederi og Trelastforretning i mange Aar, vart her um Dagen sett fast. Han hev skrivet falske Vekslar paa 43-44000 Kronur.

 

 

Toll paa Feitevarur. ”Enebak Landboforening” og Heradstyre hev oppfordrat Heradstyri i Akershus, Smaaleni, Heidemarks, Kristians og Buskeruds Amt til aa segja si Meining um det burde verta lagt Toll paa Feitevarur, som vert innførde her i Landet. Av 85 Heradstyre, som hev uttalat seg, hev 73 uttalat seg for eit sovoret Paalegg, 5 torer ikkje likefram gaa med paa det, medan 7 steller seg beint imot.

 

 

Telegramprisarne. So underlegt er det lagat her i Landet, at det er billegare aa telegrafera til Utlandet enn til Stadar her i Landet. Til Tyskland kann ein telegrafera for 60 øre, til England for 90, medan det billegaste Telegrammet her i landet kostar 1 Krone. Det var visst paa Tidi, det var rettat paa dette.

 

 

Ved Kinn  hev det voret godt Sildefiske paa det siste. Sildi skal vera gild stor og Prisen er 8-10 Kr. for Maal. Mange Fiskarar hev alt fiskat mykje og paa Florøy skal det vera mykje Liv.

 

 

Ein Fiskar  fraa Laurvik fekk nyleg ein Sælhund paa ein Krok.

 

 

Mild Haust. Fraa fleire Kantar av landet kjem det Melding um Blomar og Frukt, som hev vakset og utviklat seg no i Haust.

 

Soleis vart det nyleg sendt mogne Bringebær til Bladstyret av Kragerø Tid.

 

 

Snø  ligg det no fleire Plassar i Landet. I Østerdalen og deruppe ligg det so mykje, at dei alt brukar Sledefart.

 

 

Paa  Litlehamar  hev Komunestyret forbodet reisande ”Musikantar” aa spila i Gaturne. Det same Forbodet er fyrr komet ut i Gjøvik.

 

 

Livande  Torsk  vert no sendt fraa Kraakerøy til Gøteborg.

 

 

Vrak. Nokre Losar fraa Jæren var 13de Nov. umbord paa eit Vrak, 3 Mil ut fraa Land. Masterne var burte, men Skroget saag ut til aa vera godt. Av Papir, dei fann, kunne dei skyna, at Namnet var ”Dorthe” av Thisted (Danmark) og at Skipparen heite Jørgensen. Skipet var lastat med Salt.

 

 

Ei liti Gjente,  3 ½ Aar gamal, fall her um Dagen ut fraa 4de Høgdi og ned paa den steinsette Gardsplassen. Merkjeleg nok, kom ho ikkje det minste til Skades.

 

 

Det er gode Voner  um at Freden vil halda seg i Europa. Baade den engelske Fyrsteministaren, Salibury, og Grev Kolnocky i Ungarn hev haldet sterke Talar mot Rusland. Baae held paa, at slik som Rusland hev faret aat i Buglaria er skamlaust og at heile Europa bør semajst um aa arbeida mot ein sovoren Politikk. England og Austrik-Ungarn hev vortet samde um aa hjelpa Bulgaria, um ikkje Rusland vil stoppa med den stygge Framferdi si, og no paa det seinaste hev dei fenget sjølve Bismarck med seg. Russaren er sinnad, kann ein vita, men det vert nok ingi onnor Raad for dei, enn aa finna seg i det. Folket i Europa hev Varmhug for Bulgararne og Endalykti paa det heile vert, at Rusland dreg seg attende og Bulgaria vert fritt og sjølvstyrt, som det fyrr var.

 

 

Paul  Bert. Det var i Stortinget, Freycinet, den franske Statsministaren, fekk Telegram um, at Paul Bert hadde sloknat. Han gjekk upp paa Talarstolen og sagde:

 

Eg maa, endaa det gjer meg vondt, fortelja Kamret, at Paul Bert er daaen. Han fall med Ære, yvervunnen av dei Vander, han hadde paateket seg for aa klaara den store Uppgaava si. Kamret tapar i han eit av dei fyrste Medlemarne sine, Vitenskapen tapar ein av sine dugelegaste Menn, Frankrik ein av sine beste Søner, og me, Regjeringi, ein framifraa Medarbeidar, som hadde vaar fulle Tillit. Eg er ikkje i stand aa segja meir.

 

 

Mord i Sverik. Det er fælt so mange Mord det hev voret i Sverik paa det siste. Det ser reint ut til, at det hev vortet Mote derbute aa drepa. Soleis vert det no fortalt um 3 Yverfall berre paa 2-3 dagar. 11te November var det ein Gut i Ørebro Len, som drap Bror sin med ei Øks, 15de vart ein Postførar fraa Hudiksval hoggen med ei Øks bakanfraa, og Natti til Sundag vart det sett Eld paa eit Landsted (Villa) i Nærleiken av Stockholm.

 

 

I Gefle  vart det haldet Møte um Toll 10de November. 700 var tilstades. I Ordskiftet talad 5 for og 20 imot Toll paa Korn, og Endalykti vart, at Møtet med stort Fleirtal uttalad seg mot Korntoll. Eit nytt møte skal haldast i neste Vike for aa skipa eit Samlag mot Toll paa Fødevarur.

 

 

Avhaldsarbeidet i Finland gjeng raskt fram. Det kom nyelg ut ein Lov, som tillet kvart Heradstyre aa avgjera, um det vilde hava Drykkutsal. Det vart daa haldet Folkemøte for aa ordskifta um dette. Mange hev alt forbodet alt Sal. Andre totte, at dette var altfor radikalt, og at det berre vilde hjelpa fram Løynhandel og difor hev dei berre arbeidet paa aa avgrensa Handlen so mykje som mogelegt. I Helsingfors hev 3000 Arbeidarar sluttat seg til Avhaldssaki.

 

 

Edvard Phragmén  heiter den yngste Professor i Verdi. Han er 23 Aar gamall og hev nyleg fenget Professorplass i England. Lærefaget hans er Matematikk.

 

 

Afrikareisande. 3 Svenskar reiste 10de November til Kapstaden for aa faa Tak i den namngjetne Elefantjagaren, Alb. Erikson, der nede. Dei hadde med seg baade Kuler og Krut og dertil eit par Jagthundar.

 

 

Til eit Minnestytte  yver Luther i Berlin hev den tyske Keisaren gjevet 50,000 Mark.

 

 

449 Menneskje hev vortet drepte ved Ulukke paa Jarnvegen i England i dei fyrste 6 Maanar av Aaret. 186 hev vortet saarat.

 

 

Flaum i Frankrik. I Sudfrankrik hev Elvarne stiget yver Kantarne sine, so at store Landsstykkje hev stadet under Vatn. I Avignon hev Vatnet soleis stadet 3 Fot høgt i Gaturne. Dei franske Blad inneheld lange Forteljingar um den store Skaden, som det hev valdet. Stortinget hev gjevet ½ Miljon Franks til aa avhjelpa Naudi med. Som eit Døme paa, kor fælslegt det hev voret, kann det merkjast, at like til 10 Mil fraa Kysten kunne dei skilna millom det blaae Vatnet fraa Middelhavet og det gulkvite Vatn fraa Elvarne.

 

 

20 Søner. I ein By i Austrike er det ein Arbeidsmann, som hev 20 Søner, han hev voret gift i 29 Aar. Alle Sønerne er friske og raske.

 

 

Trugen Skippar.  Damparen ”Amerika”, hev havt eit fælande Vedr paa siste Reise til Newyork. Grace, Skipparen, stod heile 42 Timar ved Roret. So klagad han yver, at han var forkjølat og døydde 4 Timar etter.

 

 

Med den tyske Keisaren  er det laakt no um Dagarne. Han er so gamall og skral no, at han held det ikkje lenge til, meiner dei.

 

 

Winkelmeyer  heiter ei Kjempa fraa Austrike, som for Tidi er i Paris for aa syna seg. Han er 87 Tumar høg, og Føtarne er 19 Tumar lange. Det var fyrst daa han var 14 Aar gamall, at han tok til aa veksa so svært.

 

 

I Konstantinopel hev dei nyleg funnet noko rart: Pengar i – Statskassa. Dei meiner, dei er komne fraa Rusland.

 

 

Ein russisk Luftskippar, Sachs, druknad hi Vika i Østersjøen. Han steig upp i Helsingfors, og Balonen dalad so snøgt, at det var raadlaust aa berga seg.

 

 

Ogso ein Maate aa bruka Kyrkja paa. I ei tysk katholsk Kyrkje i Chikago hev Politiet funnet 24 Dynamitbomber, 18 Gværer og nokre fleire Vaapen gøymde bak Altaret. Dei hev funnet ut, at sidan den store Domen yver Anarkistarne fall, hev eit Anarkistfylgje haldet Eksis i Kyrkja um Natti. Mange er fengslat.

 

 

Ei snodig Portrætbok. Politifolket i Wien held paa med aa laga til ei Bok, som skal innehalda Portræt av alle Brotsmenner i Verdi. Dei hev alt fenget Tak i 3000. Kvart Blad er delt i tvo Delar. Paa den eine stend Bilætet og paa den andre Livssoga aat Brotsmannen.

 

 

I Budhalæra er det og 10 Bod. Dei lyd soleis: 1. Du skal ikkje slaa i hel. 2. Du skal ikkje taka det, som ein annan Mann eig. 3. Du skal ikkje vera sedlaus. 4. Du skal ikkje ljuga. 5. Du skal ikkje tala vondt um Folk. 6. Du skal ikkje tala um den Uretten, du hev lidet. 7. Du skal ikkje trættast med nokon. 8. Du skal ikkje hata. 9. Hav Tillit til dei heilage Bøker. 10. Tru paa eit ævelegt Liv.

 

 

Ein egyptisk Papyrus, 42 Fot lang, hev Boksamlingi i New-Brunswick nyleg fenget Tak i. Han inneheld alle Kapitlarne av Daudeboki, og dei trur, at han er skriven for 3000 Aar sidan.

 

 

Lampar med Flatbrennarar  skal vera eldsfaarlege, um dei vert sloknat ved aa skruva ned Veiken og ikkje bleset ut. Det finst Døme paa, at det hev haldet seg Eld i heile 20 Timar paa den Maaten.

 

 

Framåt, Göteborgs Kvinnoförenings Tidsskrift er utkomet med det 22de Hefte og inneheld:

 

N. J. Nørlund: Fredstanken og Opdragelsen. – Saxon: En bröllopsdag. – Literatur. – Diskussionsafdelning: Röster från Finland: I anledning af ett førslag i No: 20 af ”Framåt.” – En vän af ”Framåt”: Fråga till ”Framåts”redaktion. – Redaktionen: Svar till ”en vän af Framåt”. – Jacob C_r: Till förf. af ”Pyrrhussegrar”. – En af Framåts läsare: Några anmärkningar med anledning af Pyrrhussegrar. – Redaktionen: Matlagningsskola för Kvinnor af arbeitsklassen. – När och Fjärran.

 



Frå Fedraheimen 20.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum