Ogso du Brutus!

 

At ogso du Fedraheim  vil taka inn sovorne Lysingar som den i No. 68 for Laurdag 30te Oktober um ”Helbredelse af Gigt, Reumatisme og Nervesygdomme”. Endaa Innsendaren i det meste er einug med V. G.  og likar han, maa eg daa segja, at den Maaten han utropar Brandt sine ”Schweizerpiller” paa, er me sterkt imot. Aa tala um Morgenposten, som mest allstøtt hev eit elder anna sovoret aa byda Lesaranne sine, nyttar ikkje. Folk med liten Upplysning trur paa slikt allvist daa, naar det finst paa Prent. Slik ”Humbug” burde alle blad verta samde um ikkje aa taka inn. Det er Synd og Skam av Bladmennerne, at dei for Skuld nokre stakkars Kronur skal vera viljuge til aa narra Folk slik. Det er ikkje god Moral, som tillet slikt. Det er dei, som hev minst Raad  baade til aa kaupa Medicinog til aa vera sjuke, som trur paa sovoret. Dei fattike, sjuke Stakkaranne brukar desse Midlar – som visseleg paalag i alle Tilfelde gjer meir Skade enn Gagn – til dei vet heilt øydelagde, so dei ikkje orkar arbeida og Fatikdomen og Naudi veks og kugar dei endaa meir, so eg trur, at fleire, som elles kunne verta friske att, (ved dette) aldri blir det. Eg meiner difor, at slikt verkar baade lekamleg og aandeleg Øydeleggjing ikkje aaleine for den einstaka, men samstundes ogso for Samfundet i det heile, daa det fremjar Fordomar i staden for at ei av Pressens store Uppgaavur nettupp er aa motarbeida og utrydja dei. Eg vonar, at Bladfolke hev so høg Moral, at dei sluttar med dette.

 

Eg bed alle Blad um aa taka upp Stykkje mitt.

 

Ein  sjuk.

 

 


Frå Fedraheimen 20.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum