Maalet i Heradstyret.

 

I Fedraheimen for 30te Oktober ser eg, at Siljords Heradstyre fekk Bal med Fut og Amtmann, daa det vilde føra Protokollen paa Norsk. Det er so uhyggjelegt aa koma i Strid. Det er so godt aa vera sikker for seg. At ein ikkje skal koma i liknande Røre vil avhalda mange fraa aa bruka sitt eiget Maal i offentlege Bøker og Brev; eg trur difor, at ein bør stydja detta Arbeidet for den nasjonale Frigjerelsen vaar, kor liten Stydnad ein enn hev til aa koma med. Eg vil difor fortelja, at i Fjellbergs Heradstyre – Hordaland – vart eit Møte haldet den 15de Desember 1885 soleis, at det møtte fram forutan dei, som høyrde til i det Aaret, ogso dei fyre komande Aari nyvalde Medlemar, so at Val paa Ordførar og Viseordførar kunne gaa for seg. Daa dette so var gjort, samdest ein um, at Heradsprotokollen skulde tilførast dette:

 

Heradstyret – det gamle med det fyre komande Aaret – samdest dinæst um det Ynsket, at det norske Maalet vaart (Landsmaalet) ikkje berre som fyrr vert nyttat under Forhandlingarne, men ogso ved all Bok- og Brevføring i Heradstyrets Teneste”.

 

No vert all Skriving ført av Ordføraren i dette Herad paa Norsk, og korkje Fut elder Amtmann hev sagt det ringaste imot. Eg trur, at dette vil verta likaeins mest yver heile Landet no.

 

Normannskapen lettar Hovudet sitt meir etter kvart. Etter det sterke Vedtaket i Stortinget 1885 um Maalsaki, vilde det helder ikkje nytta Motstandaranne noko. Det er helder Von um, at Uviljen snart kunne koma til aa slaa um i berre Vælvilje, ikkje berre i Hordalands Amtet, men og i Bratsbergs. Sjaa berre kor vandt Amtmannen der hev for aa setja seg imot Landsmaalet, som han endaa finn ”tiltalende”.

 

Tidi hev forandrat seg mykje no sidan Per Bø i Faaberg for ein 10-14 Aar sidan vart so hardt medfaren, for han vaagad bruka sitt norske Maal i Heradsprotokollen. Eg meiner visst, at no er fleire Ordførarar kring Landet komne til aa bruka Landsmaalet ogso i Ombudsskriving, og fleire vil koma til etter kvart. Mange framande Ord er utan Trong innførde i den Tidi, me no hev nytta det danske i alt vaart offentlege Arbeid, og det var godt, um ein no med det same kunne verta samde um aa innføra norske Ord istadenfor dei mange unorske, som no vert brukat. Det var godt og nett paa rette Tidi no, um ein fekk eit Framlegg av ein av Maalmennerne vaare um dette. Ja –det er stor Trong til no aa faa ein slik Rettleiding, for vel hev me ”Norsk og Unorsk” av Knudsen, men den Boki kann ikkje kvar Kommunemann kosta seg. Sidan naar ikkje den Boki det alltid. Det er soleis lett aa skriva ”Uppgjer” for ”Budget” – Skatteuppgjer -, men det er ikkje lett aa føra eit norsk Ord inn istadenfor ”anvise”.

 

Det er ikkje berre ein Normanns Æressak aa føra Landsmaalet inn i Kommunearbeidet, det er ogso ein Trong; men endaa større Trong er det no aa føra det inn i Rettforhandlingarne. Det maa ikkje vara lenge, fyrr eit Vitnesmaal elder ein Forklaaring for Retten lyt  innførast skriftleg i det Maal, som den vitnande nyttar. Med Innførande av Folkedomstolarne vil eg vona Normannsmaalet ogso vert innført. Jurykommisjonen hev gjort eit priselegt Itak med Innføring av nokre norske Ord, men det er for  lite.

 

N. J.

 

 


Frå Fedraheimen 20.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum