Kristiania, den 19de Novbr.

 

Fedraheimens” Lesarar  kunne visst gjera mykje for aa faa fleire Tingarar paa Bladet. Og me fær ofte Brev fraa mange, um at dei gjer det. Men so er det det, at flestalle Folk tykkjer Bladet er so dyrt, dyrare enn andre Blad. Det er sant og det. Naar ein ser paa Kristianiap. og V. G., so er dei no billegare enn Fedrah. Men so fær ein ogso hugsa paa, at hine Blad ikkje tarv leggja so mykje Arbeid paa Innhaldet. Me maa umskriva kvar Biten, som me tek inn, og det kann ein vita er mykje Arbeid. Me kann ikkje styra Bladet med Saksi, som mange gjer.

 

Me veit, at det ofte er knapt for Pengar hjaa Folket. Og at dei difor held seg til dei Blad, som dei fær mest att for dei, det finn me heilt rimelegt. Men det kunne visst verta gjort mykje lell. Um det ikkje var paa annan Maate, so vilde det visst gaa, um tvo elder fleire slog seg saman um eit Blad. Daa vilde det verta Raad for nokon kvar aa halda det. Og kann me faa fleire Tingarar, so skal det ikkje vara lengje, fyrr me skal gjera Bladet større; men som det no er, er det raadlaust for oss, so gjerne me vilde.

 

 

Høgre og Svenskarne  ser gjerne, at Framlegget hans Sverdrup um fælles Utanriksministar, andsvarleg for ei Nemnd av like mange Svenskar og Normenner, gjeng gjennom. Det vil styrkja Unionen, fortel dei.

 

Me trur og, at det vil ”styrkja Unionen”, men berre den Slags Union, Høgre og Svenskarne drøymer um. Unionen fraa 1814 kjem det til aa øydeleggja.

 

 

Godt Vitnemaal for Prestar. I ein Strid med Luth. Ugeskr. um Jak. Sverdrup, skriv Vp.: _”Det (Ugeskr.) overfalder ham (Sverdrup) med al den Bitterhed og Gift, som fanatiske Prester kan lægge ind i sine Ord,og som kun finder sit Sidestykke i den Evne det Slags Mennesker har til at dulme sine Omgangsvenners og Meningsfællers Samvittigheder i Søvn ved vakre Talemaader og smukt klingende Ord”.

 

Det er av sine eigne, ein skal høyra det.

 

Prof. Monrad skriv, at soframt ein krev, at Mannen skal halda seg likso rein som Kvende, so vil Samfundet verta øydelagt. Kvende maa ikkje skjemma seg ut, men Mannen kann godt gjera det. Bjørnson stillar i ”En Hanske” det same Krav baade til Mann og Kvende, og det er noko, flestalle Folk er samde um, at Kvende bør hava same Retten som Mannen. Det vil ikkje Monrad vita noko av, for daa vert Samfundet øydelagt!

 

Dei Filosofarne, det er nokre rare Folk.

 

 


Frå Fedraheimen 20.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum