Fagre Ord.

 

Me hev alltid klagat paa Regjeringarne vaare, at det var ikkje Ord i dei. Dei heldt seg uppe og var sterke ved det, at dei tagde seg. Var det aldri so brennande Spursmaal uppe, som me kunne venta Utgreiding um fraa dei, som stod for Riksens Styr og Stell – nei dei tagde seg. Og var det so endeleg komet til det, at dei paa sitt Embætsvegne maatte  tala, so kneip dei berre Munnen i hop til eit lite snubbe nei.

 

No hev me fenget andre Karar i Høgsætet, det er nokre som ikkje lid vondt for aa tala, og ingen kann klaga, anna dei sanneleg talar fagre Ord.

 

Men det var ikkje det, som var Meiningi, naar me vilde faa upp Munnen paa Statsraadarne vaare, at me vilde høyra berre fagre Ord. Me vilde fyrst og fremst høyra vituge og kloke, sanne og ærlege og greide mannelege og motige Ord, som kann manna upp Folket til Framstig og Arbeid.

 

Hev nokon havt stor Tru til dette Ministeriet i den Vegen, so syner det seg no, at han hev teket imist.

 

Heile Festen paa Litlehamar var ikkje stort anna enn slike fagre Ord, det var som eit Snøver, som draus stilt og vænt utyver vaare djervaste Tankar, utyver vaare sprettande Lengslur og sprengjande Viljar, lagde som eit Likklæde ut yver Politikken vaar.

 

Eg vil segja Meiningi heilt ut, det var ei likesæl og lettsleg Vending av ein Statsministar aa fara so, allvisst av ein som heiter Johan Sverdrup.

 

Naar me endeleg ein Gong hev fenget upp ein Statsministar etter vaart eiget Sinn, so var det ikkje for mykje, um me fyrst og fremst kravde litevetta Greidleik  av han. Men det er det langtifraa aa finna. Daa han reiser fraa Festen, daa kyter han sjølv av det, at han hev gjort ”et Modsigelsens Tegn”. Det er liksom han vilde segja: ”ja no hev De noko aa byda Godtfolk, kann nokon verta klok paa meg, so er han god”.

 

Men me bryr oss ikkje um aa hava nokon Diplomat og Tankeløynar til Ministar, me vilde hava ein fullgreid Kar.

 

Det er godt, at ein Statsministar er hag i Ord, men det er ille, naar han er so hag til aa sveipa Tanken, at Folk vert attsitjande med berre Sveipet i Fanget, uvisse um anten Tanken hev smottet utor elder han er der.

 

 

Fagre Ord var det ifraa den fyrste Bonden og til den siste, ifraa den gamle storættad Odelsbonden, Gudbrandsdølen Chr. Fougner og til Bonden i Kongens Raad, Vestlendingen Haugland. Fagre Ord og gamle Tankar. Det var slik underleg gamalmodig Stemning yver det heile, alt ifraa Farens Skjemming paa Borni, at dei gjer ”Uppstyr”, naar dei vil leda paa seg litt og faa seg noko betre Olbogerom; alt ifraa denne Gamalmannsrædsla for alt nytt og til Bondestatsraadens Svar og Forsikring um, at ingen turvte fæla for, at det skulde ganga for fort, Bonden skulde faa Lov aa krangla upp og ned dei gamle bakkutte Vegjerne no som fyrr. Han vilde nemleg ikkje vita av all denne ”Rastløshed”, som berre vil hava alt gangande med Damp. Nei me hadde nok med aa liggja gjæta paa ”Arven fraa Fedrarne” me, meinte han, so at den ikkje vart ”forfuskad”.

 

Kjære kven er det daa me skal gjæta imot no, sidan at ingen vil gjera denne nasjonale Arnen vaar Mein? I staden for nasjonale Fiendar hev me daa fenget nasjonale Vener, skal me daa leggja oss til aa drøyma um Fiendar, som ikkje finst og slaast mot Ver og Vind? Nei sanneleg me hev anna aa gjera, me vil setja Dampen paa alt me orkar. Det er ikkje aa spara det. Han burde daa ikkje vera so rædd for Dampen Haugland, det gjekk ikkje plent dei gamle bakkutte Vegjerne det Bilet, at Bondeguten steig upp paa Statsraadskrakken; for daa gjekk det med Damp daa, og den Dampen er det me ikkje vil sløkkja Elden under.

 

Bonde, Bonde, Bonde! ropar Presten i Kongens Raad nokre og tjuge Gong, ”Bonde, Bonde, kjære snilde Bonde kom og hjelp meg og gjev meg og Prestarne litt meir Magt, so skal me ha det so godt so”.

 

Hadde han endaa ifraa sin høge Stad ropat som so: Bonde kom og hjelp, so skal me fria Guds Kyrkje ifraa Lygn og Hyklarskap, ifraa uverdig Trældom under andre Samfunds Lovar, ifraa teologiske Paafund og presteleg Velde, ja daa det hadde voret fagna Ord, som var høvelege for ein norsk Kyrkjestatsraad daa. Men nei sann. Halv Fridom, halvt Framstig, halv Upplysning, halv Kultur, sjaa det er Fanen til han Jakop og alle Jakobiter. Kring den Fanen er det, han vil freista samla alle, som vender heim ifraa det store slaget, der dei under Føringi aat Gamlen vann heil og full Siger.

 

Og til det Endemaal er det, at dei vil leika og lokka og syvja dei trøytte Hermenner med fagre Ord.

 

 

Radi Kal.

 

 


Frå Fedraheimen 20.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum