Boksjaa.

 

Om  Bakterierne  af F. G. Gade. Huseby & Co. limit. Heft 1 Kr.

 

Denne Boka hans Doktar Gade er væl verd aa lesa. Det er ikkje allti ein fær sjaa so mykje nytt som naar ein les ”Om Bakterierne”. Du fær vita, korleis dei lever desse ”Smaaliv”, Mikroorganismer  dei kallar; korleis dei ser ut og kva dei gjer til Gagns og til Skae.

 

Du fær vita, at desse Smaasopparne har mykje aa segja i Naturen og Menneskjelive. Naar Smøre fær Traasmak, naar Mjølka vert sur, naar Ølet vert beiskt o. s. fr., so er det eit eller anna Slag Smaasopp, som har gjort det.

 

Mange Sjukdomar hjaa Menneskje og Dyr har ogso komi av slike ”Bakteriur”; soleis Braasykje hjaa Kretura, Poka, Ros, Kolera osfr.

 

Men dei gjer ikkje berre Skae, Bakteriurne. Um dei ikkje var til, so vilde vi ikkje kunne leva her paa Jora; for det er dei, som gjer, at alt Avfall rotnar burt. Alle daude Vokstrar, Dyr og Menneskje, kjem soleis ikkje til aa hopas upp og liggje i Vegen for dei levande.

 

 

Eg vil med det sama nemna ei onnor forvitneleg Bok, som nyst har utkomi. Det er:

 

Anatomiske termini fra det norske landsmaal” af Dr. med. S. O. Hennum.

 

Boka er desverre ikkje aa faa i Bokhandelen, for ho har utkomi som Tillegshefte til Norsk Magazin for Lægevidenskaben  Nr. 7 1886.

 

Det er merkelegt aa sjaa, at Maale vaart er so rikt paa Or. Dr. Hennum har havt mykje Arbei med denne Boka, ser det ut til. Ora er ikkje stelt upp etter Bokstavrekkja, men etter dei ulike Kroppsdelanne. Vi finn her burtimot 700 Or og anatomiske Orelag ihopsanka fraa Aasens Orbok.

 

Eg trur det fins mange fleir Or enn dei som Dr. Hennum har rekna upp. Men Boka er og som Grunnlag for dei, som vil sanke i hop fleire slike Or. Elles trur eg nok det er mangein Doktar paa Landsbygda, som vil ha godt av aa sjaa lite paa denne Boka.

 

Maalmennerne bør vera takksam mot Dr. Hennum, som har vaaga seg til aa gjeva ut denne Samlinga.

 

Sjur.

 

 


Frå Fedraheimen 20.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum