Kulturens Offerverk.

 

Yveralt, der det fins Liv er det ein Stri for Tilvære. Kvar og ein vil kara seg fram og leva, so godt han kann, og den, som er den duglegaste, tek det beste og vinn soleis lengst fram – det naturlege Vale, dei kallar.

 

Loven um det naturlege Vale er har, og den syner sin Harleik i det, at den ikkje let noko koma seg upp, uta samstundes noko anna vera tynt.

 

Naar Naturen let ein Del av Manneætta gaa fram baade aandelegt og materielt, so er det berre for aa la ein annan Del forgaa. Loven er au uhyggjeleg paa so Sætt, at han verkar stilt, han let oss sjaa Verkninganne, men ikkje Orsakenne.

 

Strien for Tilvære er har, men han er ikkje alti vill, og i det store og heile gjeng det naturlege Vale for seg utan ytre Vald. Statistiken viser oss, korleis det fredelegaste Samkvæm millom tvo ulike livekraftige Folkeslag ender med, at det veikaste gjeng under. Eg skal koma med nokre Tal, som provar, kva eg hev sagt, enndaa um dei ikkje plent slær til. Dei syner, korleis Loven for Kulturens Offerverk kjem fram i det store.

 

Daa Amerika vart updpaga, var Folkemengdi der overlag stor. Erobraranne saag naturlegvis paa si eige Nytte, men dei var snille mot Infødinganne. Me veit soleis, at dei innførde Arbeidskrefter fraa ein annan Del av Væri. Men det hjelpte lite. Infødinganne minka meir og meir, og no fins det knapt fleir Karaibar i Amerika, og dette gjekk for seg berre paa nokre hundra Aar.

 

Kvar og ein veit, at dei foreinte Statanne paa alle Maatar tryggjer og hjelp Indianaranne, og likevel held dei paa aa døy ut. Etter den Uppteljingi, som vart gjort i 1850, var det 388,299 av dei, men 10 Aar seinare hadde dei minka til 294,431. I 10 Aar hadde Tale soleis minka med næsta ein Tredjedel.

 

Likeins gjeng det paa dei Stader, Engelskmennerne gjer Nybygge. Dei fer snilt aat med Infødinganne. Daa Viktoria vart grunlagd, fans det 9000 Infødde der, og 12 Aar etter eller 1847 var Tale 5000. Den Upteljinga, som vart gjort i 1859, gav 1768 og Rekninga i 1871 berre 859. Infødinganne i Tasmania gjekk i 57 Aar ned fraa 5000 til 14, 4 Menner og 9 Kvende.

 

Ny-Zelands-folki hev meir Livekraft, men hjaa dei har det au vori Nedgong i Folketale. I 1844 rekna NativeProtectorut Folketale, og fann 109,550 Infødingar. I 1857 hadde det minka til 56,646, og Rekninga i 1869 gav berre 32,109.

 

Paa Sanvichøyanne minka Infødinganne med 12 Procent paa so kort Ti som 5 Aar.

 

I alle dei Tilfelle, som eg her har nemnt har Folketale minka, uta det har vori nokon ytre Vald. Loven for det naturlege Vale i Strien for Tilvære, er det, som har gjort dette.

 

Fyrr i Tia har ein jamnast trutt, at dei Folka, som var yvervunne, gjekk under, av di Sigraranne tynte dei med si Yvermagt. Det er væl so, at mange Folk har forgjengi ved Erobring, men det har daaalikavel komi seg av di, dei var for veike i Strien for Tilvære. Eit livekraftigt Folk gjeng ikkje under, det kann vera yvervynni aldri so mange Gonger.

 

Det beste Prove paa dette kann vi faa, naar vi ser paa Jødefolke: La vera, at Trældomen i Ægypten ikkje var so faarleg, og at Tale paa dei, som vandra ut av Lande, har vorti sett altfor høgt. Det viser ein Ting iminste: Livekraften aat det jødiske Folke, og den har alti vist seg likeins. I Lande deira var det alti ville Strier, og dei vart yvervunne av den eine Magta etter den andre. Naar vi tenkjer paa, kor liten Staten var, kor mange, som gjekk under baade i ytre og inre Strier i det fyrste Hundratale av Tidsrekninga vaar, og heile den Mengda, som gjekk med i Rom under Jødekriganne der, so kann vi lett sjaa, at det ikkje kunne vera so mange att til aa berga Ætta fraa aa døy ut. Men Ætta var livekraftig og gjekk med Siger ut av Strien for Tilvære og no er Jødanne fleir enn nokonsinn fyrr, veit vi. Dei tevlar med Europas kraftigaste Folk. Vi kann berre sjaa paa Mantalsupgifta i Algier. Av dei Europæarar, som har flutt inn der, døyr det mange fleir enn det vert fødd. Likeins er det med dei Negrar og Morar, som bur der. Men hjaa Jødanne er det omvend.

 

Daa soleis dei veikaste Folkeslaga gjeng ut, naar dei kjem i hop med dei, som er sterkare, har ein trutt, det maa vera mange fleir Raser til i Manneætta enn dei 5 som Blumenbach har sett upp. Dei, som held paa aa døy ut, skulde daa vera dei eldste og laakaste, som ikkje orkar aa kjempa ut Strien for Tilvære ilag med dei, som er yngre og betre.

 

Det kann vera, at detta er rett. Men vøre det ikkje soleis, so viser lell det, at dei veikaste gjeng med, at Strien for Tilvære kjempas ut stilt og lognt millom ulike Folk desmeir, og at Loven for Kulturens Offerverk gjeld baade for Ætta og for den einstaka.

 

Ix.

 

 


Frå Fedraheimen 02.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum