Hr. Utgjevar.

 

Eg lyt beda um Rom aat eit Svar paa Stykket hans Olaf Huseby i Fedrah. No. 59.

 

Han kallar meg fyr ”ægte maalmand”, og siterar noko, som ein Mann hev skrivet til han, at ”de ægte maalmænd saa alligevel er uimodtagelige for kjendsgjerninger” – ”de er verre end pietisterne”.

 

Slik talad dei argaste Motstandararne vaare fyr 20 Aar sidan. Ingen vitug Mann vilde segja sovoret no.

 

Eg tenkjer nok baade eg og mange andre ægte Maalmenner kann taka imot ”kjendsgjerninger” og dryfta dei, um det so var med ein uægte Maalmann.

 

Huseby legg meg i Munnen Ordet: Landsforræderi! Eg hev aldri kallat Huseby fyr ”Landsforræder”.

 

Oplyser man om det sande forhold, saa vil stortinget ikke bevilge penge længere”, siterar Huseby og imot meg, so det ser ut, liksom eg vilde ljuga fyr Pengar. Det var mi Meining i det fyrste Stykket aa syna, at Huseby ikkje hadde upplyst ”om det sande forhold”, men at han gjekk for vidt. Sumt av det han sagde var sant, sagde eg, men det totte eg han hadde dømt for hardt um, so det var formeltsant, men realitergav eit falskt Bilæte.

 

Ingen hev skuldat Huseby fyr aa hava ”forkludret Fedraheimen eller været iveien for dens fremgang”. Eg nemnde nettupp andre Orsaker til, at det gjekk smaatt med Fedrah. Han talar um min ”eiendommelige art af regnekunst”, og so upplysar han, at han sjølv hev nemnt det same Talet i VerdensGang som eg.

 

So segjer han, at eg hev ”strøget 1000 kroner af salgssummen i 1884”. Kor hev han det fraa? Eg hev haldet meg til Aars-Reikneskapen til Samlaget, og der stend det, at det fyr 1884 er selt Bøker fyr Kr. 564,97.

 

Er dette galet, so er det Aars-Reikneskapen til Samlaget, som er galen. Kor kann eg vita, at Meiningi er, at det er selt Bøker fyr Kr. 564,97 + 1000 Kronur?¹)

 

Kva meiner Huseby med det? Og so med det same kjem han med noko um ”bankforretning” – for han veit eg hev ein Bankpost.

 

So talar han um Bokhandlarar ”i Sverige eller der omkring”. Med desse Ordi meiner han Fredrikshald, Han vil segja so mykje, at Forf. er Bankstyrar og bur paa Fredikshald. Han vil riva Anonymiteten av meg, maa tru. Ja, lat han det. Men daa synest det meg, at Huseby helder kunne segja beint fram, at den, som hev skrivet under Merket S, er Adjunkt Schjøtt paa Fredrikshald.

 

Eg trur, dei fleste hadde likat det betre.

 

Huseby meiner, at eg ”den anonyme indsender” er ”den same, der til forskjellige Tider i forskjellige Blade under forskjellige Mærker har skrevet mod mig” (: Huseby).

 

Han vil, at Folk skal tru, at eg hev personlegt Hat til han, men at eg er rædd fyr han, og gjøymer meg snart under eitog snart under eit anna Merke.


Dette er nok ein av Husebys ”kjendsgjerninger”. Eg skreiv mot han i Dagbladet under Merket ”En Maalmand”, og daa han spurde, um eg hadde skrivet det, so svarad eg ja. Naar eg i Fedrah. sette S. under, so var eg ikkje anonym fyr Huseby. I andre Blad og under andre Merke hev eg ikkje skrivet um honom. Segjer han noko anna, so lyg han.


Huseby segjer: ”For mig er dette, at hr.S. ikke kan læse Dag, fordi dette Blad har en fra hans egen lidt forskjellig skrivemaade, et bevis paa en særdeles udviklet tilstand af ufordragelighed _ _ _mon den landsmaalsform, hr. S. benytter, blir den evig gyldige?”


Med ”skrivemaade” meiner Huseby her Maalform, som me kann sjaa. Men eg hev ikkje skrivet um Maalform i Dag. Ikkje rettare eg kann skyna, aer Huseby en ”særdeles udviklet” Vriompeis²).


So undrast Huseby paa, ”hvorledes en landsmaalsforfatter som hr. S. kan skrive dette: ”Naar ein ulærd Mann set seg til og les Romarbrevet paa Landsmaal og ikkje skynar eit Ord, so slengjer han Boki” osv. Kan dette være det maal, som efter saa mange maalmænds udsagn er saa let forstaaeligt for enhver. Eller er det bare Matias Skard, bibeloversætteren, Aasen og Dagm. fl., som skriver saa uforstaaeligt og ikkje t. ex. hr. S.? Det vil dog sandsynligvis have forekommet ret mange, at bibeloversættelsen er vel saa begribelig som t. ex.”Heimskringla” for at nævne et arbeide med en anden normalform”.

 

Eg hev ikkje sagt eit Ord um, anten Landsmaalet er lett aa skyna elder ikkje; eg talad um, at naar ein ulærd Mann las eit Stykke av Romarbrevet, som han ikkje kunne skyna, paa Landsmaal, so lagde han Skuldi paa Landsmaalet, men las han det same(det stend so i mitt Stykke!) paa Dansk skynad han ingenting daa helder, men daa lagde han ikkje Skuldi paa Maalet. Eg hev ikkje talat um Maalformi her helder, men um Innhaldet. Og mykje av Innhaldet i Romarbrevet, er tungt aa greida fyr ein ulærd Mann; det hadde Huseby visst, um han var noko kjend i Bibelen. Her er ikkje Snakk um, kven som skriv tydelegast anten Skard, Aasen, Dag elder eg. Eg hev ikkje sagt, a Dagikkje skriv tydeleg, og hev ikkje talat um Maalformer.

 

Huseby gjer det til, at eg ”finder”, at han ikkje hev Rett til aa tala, fyr di han ikkje hev tapat Pengar paa Maalsaki, og so segjer han, at han ”kunde ha lyst til at sige, siden hr. S. indbyder til det, at maalsagen ialfald har lønnet sig udmærket for ham”, og so legg han til: ”Nei, lad os faa dette ud af diskusjonen! Det er raat mellem vaksne mænd”.

 

Huseby held paa og vrid og vringlar. Tankegangen i det eg skreiv var, at ein skulde ikkje gjeva seg so snøgt yver, som Huseby hadde gjort. Hadde han tapat Pengar paa Saki, so kunne han voret nøydd til aa slutta med aa arbeida fyr Saki, men han hadde vel ikkje tapat Pengar, sagde eg. Detta lagde eg til, for eg kunne ikkje vita so visst, um ikkje Huseby hadde lagt til pengar sjølv.

 

Det som H. skriv um, at det hev ”lønnet sig udmærket” for meg, skal eg og svara paa, - endaa det er so ”raat”, so det skulde ikkje turvast. H. veit ingenting um, anten det hev lønt seg for meg aa vera Maalmann elder ikkje, og det kjem ikkje honom elder andre ved. Men naar Huseby no hev dreget det fram, skal eg segja, at det er umogelegt fyr meg aa reikna ut, kor mykje eg hev tapat til dessa, baade i Penge-Inntekt og med det, at eg ikkje hev fenget Tider til aa studera, som eg skulde og med sumt anna og. Um eg kjem til aa tena paa Maalsaki heretter, det veit ikkje eg, og endaa mindre Huseby.

 

S.

 

¹) Grunnen til, at Samlaget berre hev førd upp Kr. 564,97 er, at dette er Salsummen aat sjølve Kasseraren. Samlaget avsluttar Reikneskapen sin 31te Desember, medan Aarsuppgjeret fraa Kommissjonæren fyrst kjem 6 Maanar etter. Dei 1000 Kr. er altso det, Huseby selde for i 1884. Bladst.

²) Naar eg nemnde: den Heim, som Gud skjenkte deim, istadenfyr som Gud gavdeim (for paa norsk segjer dei skjenkjaein Dram men gjevaein Heim) so hev ikkje det noko med Maalformi aa gjera. Eit normalt Menneskje vil skyna sopass.

 

 


Frå Fedraheimen 02.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum