Boksjaa.

 

Fraa Cammermeyer hev me motteket:

 

Pattedyrenes Liv, siste (25de) Hefte. Dette er eit framifraa godt Verk, som ikkje bør saknast i nokon Boksamling. Innhaldet er godt og alle dei Teikningar, som stend i det, er vakre og naturlege. Boki er so fint utstyrat, at ho stend Sida um Sida med nokor fraa Utlandet. Cammermeyer hev gjort ei god Gjerd ved aa utgjeva dette Verket og det var aa ynskja, at Folk skynad paa det. Heile Verket kostar 25 Kronur.

 

Runeberg: Samlade Skrifter. H. 11-12 til 25 Øre Heftet.

 

 

Fraa P. T. Mallings Bokhandel er utkomet:

 

Udvalg af Luthers Skrifter III. Pris heftat 0.85, innb. 1.00.

 

Dette Heftet inneheld 118de Salma. Aa rosa Skrifterne aat Luther tarv me ikkje. Dei talar for seg sjølv. Me ynskjer berre, at Folk vil setja seg meir og meir inn i dei, for det hev ein Nytte av. Me hev havt mange Bibelutleggingar etter Luther si Tid, men det er ingen, som kjem upp mot han. Det er Raad baade til aa skriva seg for heile Verket og til aa kaupa serskilde Hefte.

 

 


Frå Fedraheimen 02.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum