[Ymist.] Maalsaki.

 

I Kristianssands Vinstreforeining vart det haldet Ordskifte um Maalsaki, Torsdag 23de Septbr., 256 var tilstades. Bladstyrar Løvland var Ordstyrar. Amtsskulestyrar Torkell Mauland (Stavanger) heldt Fyredrag. Sakførar Vogt talad imot, og meinte at Landsfolket godt forstod Bokmaalet.

 

Rektor Feilberg meinte, at Maalarbeidet var grunnat paa ein so ”ravruskande gal” Tanke, at han ikkje kunne fatta han. Han heldt seg til, kva Prof. Storm hev skrivet i Morgenbl. Han likad godt Dialektarne og totte det var best, naar Bønderne talad utan aa knota.

 

Gardbrukar O. T. Frøysund (Sætersdøl): ”Men so forstend De okk’ inkje”.

 

Løvland synte, kor meiningslaust det var aa tala um, at Skilnaden millom alle desse Dialekter skulde prova, at dansk var Fællesmaalet. Aa tala um, at Landsmaalet var anna enn Dialekterne; var som Blix hadde sagt ”en Fantasi, som ingensteds hørte hjemme”. Det, Maalmennerne kravde, var berre, at Norsken skulde verta likestillat med Dansken.

 

Red. Vogt talad um, at det berre er eit norsk Maal i Skrift. Landsmaalet er ikkje livande; det er ingen, som talar det, det var berre noko Ivar Aasen hadde funnet upp.

 

Liestøl heldt eit framifraa godt Fyredrag paa norsk. Han synte, at Saki var ei Nasjonalsak, og kor mykje me vilde vinna paa det i det praktiske Livet. Dialektarne gjekk ikkje upp i dansk. Naar Prof. Storm uppheldt seg ved at nokre sagde ei Vika,

andre ei Vike, andre ei Viku og endaa andre ei Vuku, so var det ikkje Meining i, at dei skulde verta einige um aa segja en Uge, daa var det betre som Landsmaalet gjorde aa segja ei Vika. Motstandi mot Landsmaalet kom berre fraa teoretiske Kantortankar. Landsfolket burde hava fritt Løyve aa bruka Maalet sitt, likeso væl som Byarne sitt; men liksom Landsfolket lærde aa lesa Bymaalet burde Byfolket læra Landsmaalet. Striden i Maalsaki var ein Strid millom By- og Landsfolket mot eit gamalt Kantorstyre (Bureaukrati).

 

Lærar Spindager fraa Lyngdal uttalad sin Kjærleik til Maalet.

 

Hans Ross paavisad, at iallfald Aalmugen i Byarne brukad norske Dialekter, soleis t. D. blaud, Graud, Bein, Stein, tru Kyn og norske Formar. Her i Kristianssand sagde dei t. D.: ”Æ blakk ’an me ein Stein, so han datt”. Tviljodi gjekk kanskje attende i svensk og dansk; i høgtysk derimot utviklad det seg nye, og det same var endaa meir Tilfellet i engelsk. Prof. Sweet heldt endaa alle engelske Vokaler for aa vera Tviljod. Regtignok er det mykje Skilnad millom Dialektarne vaare; men Skilnaden fraa Landsmaalet var liten, samanliknat med Skilnaden fraa dansk. Austlids ABC vart brukat baade i Rogafylke, Telemork, Gudbrandsdalen og Guldalen, og alle Stader gjekk det godt, endaa han var skriven paa Landsmaal, og i mange Byar var Maalet so norsk, at ein vitug Lærar godt kunne bruka han som den fyrste Boki aat Barnet.

 

Møtet sluttad Kl. 10.

 

(Etter Kr. St.av.).

 

 


Frå Fedraheimen 02.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum