[Ymist.] Den vanlege Hesteutstillingi

 

for Aaret vart haldet her den 28de og 29de d. M. Det var frammøtt 119 spræke Hestar; men alle var ikkje like spræke, kann ein vita, og so skulde det dømast, um kven det var dei likaste. Dei vart prøvad baade med Riding og Køyring; for dei reid og køyrte, so Skomdottarne valt. So vart baade Bein og Boger trevlad yver, og so vart det lagt Brett paa Beinlag og Kropsføring.

 

Ja det kann ikkje vera godt aa døma rett og rangvist her. Nokre hadde det Sermerkje, andre det; men det lyt vel vera ei Norm, dei gjeng etter, veit eg. Her er dei, som fekk dei høgste Premiarne:

 

1. Av Gamle-hingstarne (10-15 Aar) fekk ”Bæringen” 2dre; 1ste vart inkje utdelt.

2. 4-10-aaringarne: ”Ruggengod”, ”Dølen”, ”Staaheimsbrun” og ”Dovres Son” fekk kvar sin 3dje.

3. Av 3-aaringarne fekk ”Foyer” 2dre.

4. Av Folungmærrarne (10-15 Aar) fekk ”Dokka”, ”Nanna” og ”Stjerna” kvar sin 3die.

5. Av Ungmærrarne fekk ”Borka” hans Erik Helbostad fraa Hadeland 2dre.

  

Dei fleste hadde upp Hestarne sine sjølve, og det ser ut til, at dei Pengarne, som Staten let til til desse Utstillingarne ikkje er reint burtkastat.

 

 


Frå Fedraheimen 02.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum