[Tidender.] Kristiania, den 1ste Oktober.

 

Dei, som ikkje fær Bladet lenger, hev ikkje betalat for 2dre og 3dje Fjordungaaret.

 

Det er vandt aa finna ein so meiningslaus Lov som denne, at dei Tingarar paa eit Blad, som ikkje sender inn Bladpengarne til Slutten av Fjordungaaret, lyt betala Postpengar. Medan ein soleis kann senda Bladpengar aat Fedrah. inntil 30te Septbr. fritt, so lyt ein betala 20 Øre for Brevet um ein betalar den 1ste Oktober.

 

- Me sluttar oss fullt til dei Blad, som hev skrivet imot denne Loven, og me vonar, at Regjeringi snart sender han ut or Verdi.

 

 

Striden i Vinstre. Det ser mest ut til, at det skal verta slutt paa Striden no ei Stund. Det, som hindrar Vestlandspostpartiet, er desse Kyrkjelovarne, som det absolut vil hava fram, endaa det er soleklaart, at Mesteparten av Folket ikkje er hugat paa dei. Høgre gjeng ikkje med paa dei, og likeins ein stor del av Vinstre, so det er ingi Von um, at dei gjeng gjennom. Og dessutan so hev det ikkje nokon Braahast med dei helder. Det, me fyrst og framst treng aa samlast um no, er aa faa innførd Jury, eit betre Herstell og aalmenn Røysterett. Desse tri Ting er Reformar, som Folk verkeleg vonar paa, og som dei trur skal verta til stor Nytte for Landet.

 

Me kann ikkje fatta, kvifor Vestlp. arbeider so hardt for Reformar, som det veit ikkje gjeng, so lenge Tinget er samanset som det no er. Det gjeng daa ikkje aa tvinga Tingmennerne til aa røysta for anna enn dei sjølv vil. Bladet kann sjølvsagt arbeida for dei, men aa vilja gjera dei til Programsaker, fyrr Folk flest hev sluttat seg til dei, det er det lite Meining i. -- Nei, lat oss einast um dei Ting, heile Vinstre er samde um, og som me veit gjeng gjenom. Det er den rette parlamentariske Maaten aa arbeida paa, og den einaste, som vil vera til Gagn for Landet. Naar Folket gjennom Vali hev sluttat seg til Kyrkjereformarne, daa gjeng dei gjennom, men ikkje fyrr.

 

Det vilde vera godt, um det vart Ende paa denne meiningslause Striden i Vinstre. Ingen utan Høgre hev Gagn av han. At han eingong maa koma, det er ikkje vandt aa vita, men endaa er det for tidlegt. Det skader ikkje aa drya ei Rid.

 

 


Frå Fedraheimen 02.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum