[Tidender.] Huseby, Maalsaki og S.

 

Ved aa lesa Stykket aat Huseby opp att er me meir og meir komne til den Meiningi, at det ikkje var Svar verdt. Det er skrivet paa ein sovoren Maate, at eit Ordskifte er umogelegt; men daa me hev lovat Svar, lyt me til lell.

 

Det, Huseby vil, er aa syna, at Maalsaki ikkje hev havt so stor Framgang, som det er sagt. Litt hev ho havt; men mykje er det ikkje.

 

Og for aa syna dette, kjem han dragande med nokre Tal, som etter hans Meining gjev han full Rett.

 

Det var eingong ein Gut, ein svær Kar av ein Reiknemeistar. Han fann endaa ut, at han var eldre enn sin eigen Far.

 

Huseby ser og ut til aa kunne gjera noko av kvart i dette Stykket.

 

Me vil ikkje her trøytta Lesaranne vaare med Tal. Me vil berre upplysa, at Salet i 1884 var ikr. 1550 Kr. og i 1885 ikr. 2780 Kr. Desse Tali hev me fenget av Kasseraren i Samlaget, og korleis H. enn ber seg aat, skal han ikkje vera Kar aa rikka dei.

 

Ei Stiging i Salet paa ikr. 1200 Kr. tykkjer me Maalmenn ikkje er so utrulegt lite enno.


At Huseby tykkjer, det er utrulegt lite, kjem vel av andre Grunnar.

 

Hermed lar me Tali fara. Me hev ikkje meir Bruk for dei. Me skal berre leggja til, at naar Huseby segjer um oss Maalmenner, at me er ”uimodtagelige for kjendsgjerninger”, so hev han full Rett, um han meiner den Slags ”kjendsgjerninger”, han finn for godt aa koma med. Me er no eingong soleis, at me trur ikkje paa ”Autoritetar” og minst av alt paa slike Autoritetar som Huseby.

 

Korleis Huseby sjølv steller seg like yverfor ”kjendsgjerninger”, syner seg best i den Maaten, han skriv mot S. paa.

 

Alle Maalmenner, som kjenner S., veit, at me hev ingen millom dei nolivande, som hev ofrat somykje for Maalsaki, som han hev gjort. Utan aa sjaa korkje paa Tap elder Vinning, hev han like fraa han vart vaksen stridt og lidt for aa gjeva ”Maalet hennar Mor”, den Plassen, som det høyrer til aa inntaka. Han hev set den eine etter den andre av dei, som i Ungdomen brann for Maalsaki, falla fraa og svika si fyrste Kjærleik, men sjølv stend han like rak og med ei endaa fastare Tru paa Saki. Det er noko so endelaust stort i dette og me Maalmenn kann aldri fulltakka han for det. Hadde me havt mange slike, so skulde nok Saki voret lenger framme enn ho er.

 

Ein sovoren Mann kjem Huseby og freistar aa sværta til. Han (S.)hev ikkje noko med aa tala um tap (noko, S.forresten ikkje hev gjort), ”Maalsagen har ialfald lønnet sig udmærket for ham”.

 

Huseby hev i 2 Aar voret Kommissjonær for det norske Samlaget. So vert han trøytt og vil ikkje vera det lenger. Han hev ikkje tapat eit Øre paa det, det er noko, som alle veit. Likevel gjeng han trøytt.

 

Og so kjem han, han, som ikkje hev ofrat eit Øre paa Maalsaki, og kastar seg yver ein av vaare fyrste Maalmenn.

 

Er ikkje det vakkert gjort?

 

Hr. S. kann taka det rolegt. Han kann vera stød paa, at Huseby kor mykje han enn freistar paa det, ikkje skal vera i stand aa sværta han til for oss. Me for vaar Part kunne ikkje anna, daa me las Stykket aat Huseby, enn tenkja paa Mopsen, som heldt paa aa gøy paa Maanen; og me tenkjer, at Flesteparten av Maalmennerne vil segja det same. Me tok inn Stykket hans, av di me totte han maatte faa Løyve aa forsvara seg, og me tok det so mykje tryggare inn, som me viste, at det var ikkje mange, som vilde festa nokon Lit til det, han hadde aa segja.

 

Daa me tykkjer, at det er svært lite Gagn i heile denne Striden, so lyt me segja stop med det, som er no.

 

 

Bladst.

 

 


Frå Fedraheimen 02.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum