Tidender.

 

Kristiania, den 23de Juli.

 

Verdens Gang. Igaar, Torsdag 22de Juli, hev V. G.teket inn eit Stykkje paa Maalet. V. G.kann lita paa, at dette Stykkjet vert lese likso godt som eit paa dansk-norsk. Ein kann vera for redd og for aa lata skriva og taka inn norskskrivne Uppsett. Tek me ’kje feil, hev V. G.vore bodet um aa hjelpa ein Grand til i Maalvegen. Men det hev ikkje vorte noko av til desse. Ved Aarsskiftet tok Bladet seg nytt Spenntak for aa kunna halda seg som det fyrste Vinstrebladet i Landet. Millom det meir og nya, som V. G.daa tok upp, var ikkje Maalsaki. Kven veit, um ikkje smaae Uppsett og Stubbar paa Maal vilde ha vorte baade lesne og væl mottekne? V. G.skulle tenkja paa dette. Sjølvstende, Fridom og Norskdom krev det.

 

Lat oss ikkje Forfederne gløyma

under alt, som me venda og snu,

for dei gav oss ein Arv til aa gøyma;

han er større, enn nokon vil tru.

 

Lat det merkjast i meir enn i Ordi,

at me halda den Arven i stand,

at, naar Federne sjaa att paa Jordi,

dei kann kjenna sit Folk og sit Land.

 

Magne”, Tidsskrift for Kyrkje-, Skule- og Folkeupplysning, styrt av Fr. Wexelsen, V. Ullmann, Olaf Røst og H. Wexelsen, er komet ut med Nr. 14 og hev til Innhald: Smaae Reiseminner, av H. Wexelsen. – ”Kyrkje-begrebet”, av Olaf Røst. – ”Enten – eller”, Vitnemaal av forskjellige imot Tvil og Vantru. – Ei ny liti Bok, av Fr. Wexelsen. – Eit merkjelegt Ljosglette. – Smaastykkjer. – Kunngjeringar.

 

 

Gladstone skriver dette til ein Ven av seg: Eg vil raa’ Dykk til grant aa studera Irlands Soga. Eg hev i den Vegen gjort det vesle, eg kunne, og er forbina over, kor daud Aalmenndomen er, kva vedkjem alt det skitne og stygge, - det finnst ikkje Ord sterke nok – som skjæmmer ut Unionens Soga. Men Tidi vil verta den store Læremeistaren vaar, og naar me ser paa altsaman, hev me verkelegt naadd mykje paa ei korte Tid. (V. G.)

 

 

For og imot Irland. 1,455,000 Velgjarar hev røystat mot Framlegget um Sjølvstyring for Irland, men 1,382,000 for. Skilnaden er altso berre 73,000 Røyster. (V. G.)

 

 

Spania. Republikanarne i Spania arbeidar paa Uppreist. Dei trur, dei skal faa med seg 4-5000 Mann av Heren, førde av Offiserar og Underoffiserar, som høyrer Armei-i til. Herbodet til aa slaa vekk skal gjevast av Ruiz Zorilla. Upprøret skal byrgja i ein Festning, som er utsidd til dette, og som hev ein republikansk Garnison. Dei ventar berre paa, at Førararne skal koma heim fraa Tinget i Madrid for aa spreidast ut yver heile Landet paa dei Stader, der det trengst. (Fedralandet).

 

 

Jarnveger i Kina. Det hender ikkje nyt under Soli? Jau, det gjer der, naar Kina og vil ha seg Jarnbaner.

 

Der gjekk eit Ljos upp for Regjeringi derburte. Statskassen kunne faa mykje Innkomur av dette. Og so sa hans kinesiske Majestæt, at no vil me ha slike Jarnveger, me og. So kom der Jarnvegsamlag i kapp setjande fraa Amerika, England, Tyskland og Frankrik og bad um Lov faa byggja desse Banerne.

 

Vicekongen i Kina, han heiter endaatil Li-Hug-Chang, var fælande høvisk og smugande fin og smørande blid mot dei, ja mot alle desse Samlagi, og eitkvart av dei trudde, det hadde hans Naade framfor dei andre og skulle faa leggja Banerne. Det tyske Samlaget hadde – kann henda – allermest Von korso. So at dei andre Samlagi vart, snart aa segja, avundsjuke paa dette.

 

Men dei magthavande i Kina, dei er ’kje gode halda Greide paa, dei. Det saag meir og meir myrkt ut med alt i hop. Til sist kom Tyskararne heim.

 

Dei greidde for seg paa eit Møte i Berlin. Vicekongen hadde tykt, det ikkje var høveleg Tid no. Kina vilde ikkje lata Pengarne sine gaa i Europæarne. Kina vilde venta, til dess det sjølvt kunne levera Skinnur, Svillur og Vogner. Men daa vilde det ogso ta’ fat.

 

Kina ta’ fat?!

 

 


Frå Fedraheimen 24.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum