[Tidender.] Vali i England.

 

Det er no valt til endes til det nye Parlamentet, og Førararne hev fenget Medhald, soleis som her skal synast fram:

 

Salisbury (høgre) fekk 317 Røyster.

Gladstone                ”   191  _

Parnell                     ”   86   _

Hartington (som er vinstre, men i Spursmaalet um Irlands Framtidsskipnad hev skilt seg ut fraa Gladstone) 76 R.

 

 

Parnell held med Gladstone. Det vert difor av deiras tvo Flokkar tilsaman 277 R. Men dette er 40 Røyster mindre enn dei, Salisbury aaleine raader over. Hadde Hartington haldet med Gladstone, vilde dei kunna ha’ møtt Salisbury med i alt 353 Røyster og havt eit Fleirtal paa 36 R.

 

Det kjem altso an paa Hartington. Skulle han finna paa halda med Gladstone, vilde Salisbury rjuka.

 

Avisurne melder, at Gladstone gjeng av, og at Dronningi hev sendt Bod etter Salisbury. Han vert altso no Fyrsteministar.

 

Men fær han ikkje Studnad av Hartington, vil han ikkje lenge kunna halda seg. Skal han venta faa Hartington med seg, maa han slaa av i Synsmaaten sin um Irland, og daa vert det Hartington og ikkje han, som gaar i Fyreenden, og det vil han vel ikkje.

 

Liksom Parnell fyrr, so er det difor Hartington no, som hev alt i si Hand.

 

 


Frå Fedraheimen 24.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum