Tidender.

 

Kristiania, den 16de Juli.

 

Folkehøgskulen i Aafjorden. Vaar Melding sidst Laurdag var ikkje rektig, endaa ho hadde gjenget gjenom mange Blad. I Søndre Trondheims Amtsting gjekk det so for seg: 17 røystad for og 14 imot Tilskot. Dei som var for, var ikkje 2/3Fleirtal. Men næste Dag gav Stiftamtmannen Aprobasjon paa Vedtaket og spurde, um nokon kom med Protest. Det gjorde so Brodtkorb, og daa hadde dei soleis maatt til Regjeringi, Men Brodtkorb tok att sin Protest, og dermed var Saki greid. Skulen fekk Pengar.

 

 

Kanalisering av Spangereid og Listeid. Der er Tale um aa faa i stand Kanalar gjenom Spangereid og Listeid, til Letting for innanskjærs Sjøleid millom Mandal og Fjellefjord. Daa vert – isofall – Lindesneslandet og Listerlandet Øyar.

 

 

Det tridje svenske Arbeidarmøte,  som nyss hev vore haldet i Ørebro, hev vedteket sovore Program:

 

1. Heilt upp Religionsfridom.

2. Like Røysterett ved alle politiske og kommunale Val for mynduge og sjølvstenduge Samfundsmedlemar, som hev gjort si Plikt mot Stat og Kommune. Val skal gaa for seg paa Sun- og Heilagdagar. Riksdagsmannsval paa ein og same dagen yver heile Landet.

3. Betre og fri Skulegang med ein aalmenn Borgarskule som Grunnlag. Og fraa den maa ein kunna gaa over til Skular for høgre Daning. Skuleundervisningi maa verta skild fraa Kyrkja.

4. Indirekte (umveges) Skattar maa burt, dersom dei verkar, at alt, som høyrer til Livsens Naudturvt, vert dyrare. Der maa bli direkte (beintfram) og stigande Innkome- og Erveskatt. Der maa verta fleire Forfallsdagar til Skattebetalingi.

5. Tenarloven maa vekk. Straffeloven maa verta rimelegare, so at Misgjerd og Straff kann vega kvarandre upp. Jury maa innførast i kriminelle Saker. Fri Sakføring og juridisk Hjelp til dei, som lite hev. Innføring av Forlikingsdomstolar.

6. Innføring av normal Arbeidsdag paa i Høgdi 10 Timar.

7. Aalmenn Trygd mot Ulukkur og Alderdom med Hjelp av Staten. Særskilt Andsvar for Arbeidsherren, um Arbeidaren kjem til Skades under Arbeidet, fordi der er laake Greidur og Aatgjerder paa hans Verkstad hell Fabrikk.

8. Medhelde i Strævet for Fred millom Folki.

 

 

For Hus og Hjem”. No. 14 hev til Innhald: Noko um Barneuppfostring (etter ”Le mariage” av Dr. Garnier). – Den fyrste Barndoms Helselæra (Framhald). – Det menneskjelege Likame. I. – ”Visiting Ladies”. – Reiseforskrifter. – Handarbeid: Staalpennegøyme. – Kjøkenet: Stikkelsbærvin. Ribsvin. Ein god Kopp Kaffe. – Matsetell. – Lysingar.

 

Bladet kjem ut kvar Laurdag i Stavanger og kostar Kr. 1.10 for Halvaaret.

 

 

Vali i England. Som det ser ut, fær korkje Gladstone elder nokon annan Partihovding Fleirtal for seg i det Parlamentet, England no velgjer til. Hartington, Chamberlain, Trevelyan og andre, som fyrr i eit og alt stod paa Gladstones Sida, men hev skult seg fraa han i det irske Spursmaalet, kann ikkje gaa med Høgre i andre Ting enn dette. Det er berre vedkomande Irland, dei er usamde med Gladstone. I mest alle andre Saker gaar dei med han heretter som fyrr. Salisbury er Høgreføraren. Um han no kjem til Roret, vert han ikkje verande der lenge. Chamberlain arbeidar paa ein ny Utveg til Hjelping for Irland. Kann henda Parnell slær seg til honom. Det hender og gjerna, at Gladstone gaar med seinare. Um han i so Fall laut slaa av i Kravi sine og forandra Forslaget sit noko, fekk det ikkje hjelpa, - vilde han vel daa segja. Det gjelder i det minste aa faa gjort Upphavstaket til ei verkeleg Betring av Tilstandet i Irland. Han vilde no med ein Gong greida upp i Sakerne, men det gjekk ikkje. I England vil dei ha Tid til aa tenkja seg um no som altid, naar store Ting skal avgjerast. Det er det, Chamberlain stolar paa, at der enno kann verta ei Raad, um det enn ikkje gjekk no og paa den Maaten, Gladstone vilde. Eldest skal Motstandet mot Gladstone mest skriva seg fraa Framlegget hans um Uppkjøpingi av dei irske Godsi, som dei irske Land-lordarne sit inne med.

 

 


Frå Fedraheimen 17.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum