Irland og England.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)

 

(Slutt fraa fyrre No.)

 

Men Irarne protesterte mot denne Realunionen, som var komen i stand ved lite heiderlege Emner. Og dei krov Fridom for Katholikarne, og at Foreiningi skulde gjerast til inkjes. Fyregangsmannen i denne Rørsla var Daniel O’Connell, som var Advokat i Dublin, ættad fraa Irlands gamall-keltiske Hovdingar og idug Katholik. Fyrste Frukti av den dugande og kraftfulle Uppkveikingi hans var det katholske Frigjeringsbrev av 1829, som slo fast, at Katholikarne fekk open Veg til Statsembætti og Parlamentet. Daniel O’Connell døydde i 1847. Han hadde altid prøvat halda heile Strævet for Irlands Frigjering fraa England innanfor Lovens Grensur. Sjølvtekt hadde han altid raadat ifraa, daa slikt noko helder ikkje vilde nytta like overfor England, som var so uhorveleg mykje sterkare. Men der kom upp eit nyt Parti, paaverkat av den franske Februarumveltingi i 1848. Og dette Partiet var rothoggande. Aa halda Maate vilde det ikkje høyra tale um. Det vilde riva Irland laust fraa England, um det so var med Vald og Magt. O’Connell vilde berre stytta seg til den umoralske Verknaden, men dette unge Partiet til fysisk Styrkje. Hovdingarne var Smith O’Brien, Thomas Meager og John Mitchell. Dei hadde eit Blad, heitte United Irishmen. Og Herskriket deira var Bygging av barrikader (Gatestenging, Brote), Øylegging av Jarnvegerne, Tyning av Tropperne, um det so var med ”Vitriol og sjoande Olja”. Regjeringi tok og sette Førararne fast, jagad dei seinare or Landet og vart snart Herre over det Kavet, desse hadde fenget til.

 

Hovudplassen for den irske Uppeggingi vart etter dette i Nordamerika, der det bur ein Masse Irar. Daa Borgarkrigen stod paa i dei foreinte Statarne, og der kom ein Knute paa Traaen millom England og Regjeringi i Washington, saag det so ut, at Irarne fekk gode Framtidsvoner. Dei var so kloke – politisk – at dei heldt med det amerikanske Unionspartiet. Dei gjekk berre og ventad paa Ufred millom England og Unionen og slo seg isaman i eit Samlag, heitte Feniernes Samlag etter den irske Helten Fenn, som i det tridje Hundradaar etter Kristus skal ha’ gjort mange Storverker og vert heidra i dei irske Folkesongarne. Hovudmannen fór den feniske Rørsla var John O’Mahony, som i November 1863 lyste Meiningsfelagarne sine saman til Stevnemøte i Chikago, der dei gjorde eit Vedtak um, at ein fri, sjølvstendug irsk Republikk skulde vera Formaalet deira. I Irland hadde Feniernes Læra sit Hovudorgan i  The Irish People, og den fremste Føraren der var James Stephens.

 

Den krigen millom England og den amerikanske Unionen, som dei hadde gaat og stundat etter, vart der ikkje noko av, og Ministeriet Gladstone laga seg ein Grand etter Irlands Ynskjer. Det tok vekk att Tvangen um den bispelege Kyrkja som irsk Statskyrkja. Likeeins vart det retta noko paa Irlands Jord -Bruksgreidur ved Lover um Aaker- og Landbruk av 1870.

 

Ved Sidan av Fenierne kom der upp eit anna Samlag og i 1872. Det hadde til Hovding Isak Butt og gav seg Namnet Homerulerne, som sette seg til Formaal Irlands Sjølvstyre, utan korso aa vilja hogga radt av Sambandet med England. Fraa desse Homerular skilde der seg att igjen i 1877 ut ein radikal Flokk med Charles Stewart Parnell til Førar. Og desse forlangte, at Irland skulde løysast radt fraa England. Daa Butt døydde i 1879, vart Parnell Home-rularnes Førar, og sjølvfylgelegt fekk heile Partiet no ein radikal Holdning.

 

Som ventande kunne vera utnytta Homerularne den agrariske Uroi (agrarisk : som vedkjem Land- og Jordbruk) som Von for Irland, idi dei irske Forpaktarne hadde det so fatigt og smaatt. Home-rularne tok dette med i Politikken sin.

 

I Oktober 1879 vart Parnell vald til Præsident for den irske Landliga, grunna av Michael Davitt, tok Ordi ”Irland for Irarne” til sitt Feltrop og stod paa, at det agrariske Spursmaalet rimelegast let seg greida ved, at dei engelske Landlordar vart utkjøpte, utan at dei skulle faa noki Godtgjering for Grunneigedomarne, som dei eingong i gamle Dagar hadde rovat til seg. Landligaen gjorde, at der vart mange agrariske Brottsgjerder, og dette att igjen gjorde, at Regjeringi sette ein Stoppar for den og kastad Parnell i Vaktarrest i Oktober 1881. Same Aaret gjorde Gladstone noko av Vigt til Betring av Tilstandet i Irland. Han fekk den Landloven vedteken, som inneheldt, at dei irske Forpaktararne skulde faa Trygd mot eigenmegtuge Uppsegjingar, faa Minking i Forpaktningsavgifti og kunna gjera Krav paa Godtgjering for dei Utbetringar, dei hadde gjort med Gardarne.

 

Parnell lovad Gladstone, at han for Framtidi vilde fara varsamare aat, og vart sett paa fri Fot. Den 17de Oktober 1882 stemnde han i Dublin Folk saman til eit Riksmøte. Der skipad dei den  irske Nasjonal-liga, som likeeins bar namnet Nasjonal-partiet. Ligaen sette fram tvo Hovudkrav. For det fyrste: der skulle upprettast eit serskilt irsk Parlament, som hadde aa ta vare paa Irlands serlege Saker. For det andre: Paktararne skulde gjerast til Sjølveigarar ved Hjelp av Statstilskot, som vart aa betala inn gjenom ei Tid av 63 Aar. Dette Programmet (Formaal paalag) vart ikkje vedteket og godkjent av eit uforsonlegt Parti under Føraren Davitt. Dei tykte, det gjekk for lite langt. Men resten av Riksmøtet vedtok Programmet, og det er no det irske Nasjonal-parties Merkesak. I September i fjor, med Vali stod paa, sa’ Parnell, at dersom dei vilde senda han og 80 Mann i Fylgje til Westminster (Tinghuset i London), skulle han klara gjera Irland sjølvstendugt og fritt. ”Det engelske Parlamentet – sa han – maa velja millom tvo Ting. Anten maa det gjeva Irland full Heime-sjølvstyring, held og maa det regjera Irland som Nybygd under Kongskruna snupt utan Plass for Irarne i Parlamentet. Begge Maatar aa gjera det paa vil føra til same Utgangen: Irlands nasjonale Sjølvstende. Som det ser ut for menneskelege Augo, er der ingen Ting i Verdi, som kann hindra Sigren vaar utan nettupp dette eine: Skort paa Maatehald fraa vaar Sida”.

 

 


Frå Fedraheimen 17.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum