Dei 2 Vinstre og Vinstrebladi. Skrubb til baae Kantar.

 

(Del 1 av 2.)

 

Det var ikkje vandt aa vita, at, naar Storslaget i Politiken hadde stae, at daa dei, som fekk Sigren, vilde skiljast i mykje. Eg tenkte, sant aa segja, at dei hadde skilst mykje meir, enn dei til dess hev gjort. Men det kann ein no ikkje segja er mykje.

 

Men so hev dei, undarlagt nok, gjort Skilnaden mykje større, enn han er: dei hev roke i hop og slaast, fyrr dei fekk noko (nokor Sak) aa slaast om.

 

Sjaa no denne velsigna Kiellandssaki! Ja der hev dei no vore so usamde, som dei best kunne bli, utan om ein Ting, og det var, at ho var so uhorveleg stor. Dei hev paa baae Sidor lagt i Veg med alle Vaapen, dei kunne finna: kvasse og sløe, reine og rustne, og dei hev gjort til Vaapen det, som det inge Verje elder Aataksmon var i og.

 

Her er det ”tvo Aandsretningar”, som stend imot einannan” – so hev dei tekje i paa baade Sidor: ”Kristendom og Heidendom” ropad dei paa den eine Sida, ”Aandsfridom og Aandstrælking” skreik dei paa hi. Og so bar det til slaast. Det vara eit Aar, det vara tvo, og ingen Ende vart det paa det - - det kann gjerne verta ein 7-Aars-Ufred for alt det om, kven som hadde Rett elder Urett. Det var eit Under, at ikkje Daae og Michelet, som ikkje var god til skyna, at korkje Kristendomen elder Aandsfridomen var i rett Faare aa kalla, at dei ikkje vart reint klemde i Hel i den snorpe Aatgonga.

 

Og i Millomstunderne slaast dei no m. a., om kven som heve valde Striden. Ja det var nok noko uvisst med den gamle 7-Aars-ufreden og det. Men so kann vel detta Spursmaalet valda ein ny 7-Aars-Ufred! Og so kann det vara og rekka. For slaast vil dei, det er dei og samde om.

 

Og Kiellandsstriden heve no ikkje berre lagt detta eine Strids-Egget. Av dei andre er vel det om, kven som er ”rein” elder ikkje rein eit av dei største.

 

Ja, eg synest meg sjølv nok so rein; men difor kann eg ikkje vita, om eg er det; eg ser ikkje vidare Flekker paa meg – difor kann nok andre sjaa. Men eg vilde gjerne hava so mange Umbrøyte, som nemnde er, hadde eg nær sagt. Eg vil gjerne hava fullFridom for alle, Dissentarar og Fritenkjarar og Kvinnfolk og Arbeidarar (Husmenner) og kven det er, utan for Tjovar og Kjeltringar. Eg vilde, at alle maa faa gifta seg og ikkje vera Lygnarar for det: eg vil gjerne faa borgarleg Vigjing, men ikkje Dubbelt-Egteskap: eit for bra Folk, og eit for Tollarar. Eg synest ikkje om, at ei 30- og 40- og 50- og 60-Aars Kjering skal vera umyndug, naar alle Gjentor og alle Vyrdsløysor av Mannfolk er mynduge, fraa dei er 18 elder 21. Eg likar ikkje, at den, som hev mange Born skal betala so mykje meire (Riks-)Skatt enn den, som ingi hev; det skulde helder vera tvert om. Eg vilde gjerne, me so nokonlunde snart skulde vaaga oss til aa lata alle faa full Borgarrett (Røysterett); det fekk daa vera, om ein skulde hava nokre ”Garantiar” i Herad og By: Pengarne bør ikkje vera rettlause dei helder. Og ikkje Diktararne helder – dei maa og faa sitt ”ubeskaaret”. Eg vilde og, at Prestarne maatte faa hava Lov til aa segja eit Ord utanfor sit ”Distrikt”, om so bar til. Eg vilde, at Mindretalet skulde hava Rett, likeso væl som Fleirtale. Eg vil, at Kyrkja skal hava baade Rett og Fridom, ho likesovæl som Borgarsamfunde: om det so er Sokneraad elder Soknefridom, so gjeng eg med paa det; kristne Folk maa faa Lov aa lika den eine Presten betre enn hin, og dei maa faa Lov aa hava ei Meining og faa stella seg noko lite ette den, om dei ikkje fyrst spyrr Kyrkje-Departementet. Og eg segjer: lat oss, om so var, gjerne faa Stat og Kyrkje skilt, lat oss faa likeframme Val, lat oss gjeva Riksstyre rett til aa halda nye Val, naar det vil – og meire til. So, radikal ser eg daa ut til aa vera. Men om eg er ”rein” – ja du fær svara, du lesar – det kunne no vera snodig aa faa vita det og.

 

Rimelegast er det vel ellest, at du svarar som so: det er meg det sama, kva du er, din Vigtigpjes: kven er det, som bryr seg med, kva du er elder ikkje er.

 

Men Meiningi mi var no ikkje berre den, at eg vilde peika meg fram. Eg vilde hava eit Døme, eit Eksempel; eg kunne gjerne hava tekje deg, om du daa ikkje var dømd heilt rett-truande av den eine elder andre Parten; det er ikkje eg – no skal du høyra.

 

Eg skreiv noko lite om Vali fyrre Somaren og Hausten. Eg meinte t. D. det, at det fekk ikkje koma so mykje an paa, anten Tingmans-Emnet var so raka rein elder noko ”vestlandspostisk”, berre han var ein dugande Vinstremann, eg meinte og, at millom dei Ting, som Veljararne skulde sjaa paa, var og den, om han hadde Interesse for dei kyrkjelege Ting, og stod paa den rette Side i det Stykket.

 

3/4 Oftedøl”! kvæste so eit av dei reine Bladstyri mot meg: Vinstre skal ikkje sjaa paa kyrkjelege Ting, berre paa politiske.

 

Men eg tenkte og tenkjer, at det gjeng an aa vera baade rein og kristeleg. Og Vestlandsposten og Venerne hans gjer ei god Gjerd, naar dei freistar aa lata Ljoset fraa Kristendomen skina over Politiken.

 

Men eg tenkjer og, det maa gaa an aa vera baade rein og norsk, baade rein og Regjerings-Ven.

 

Eg tenkte, at eg var det, vilde ialfall gjerne vera det. Og ikkje vera nokon Høgrehatar helder.

 

Men det skal ikkje kunna ganga an, segjer dei. Ein maa anten vera som Verdens Gangelder Vestlandsposteni alle Maatar.

 

Eg tenkte no det, at om eg vil segja, du Fedraheim, skulde vera slik Kar, at du kunne standa heilt opp paa eigne Bein, men eg synest ikkje du gjer det¹).

 

Jau, segjer du kanskje, eg vil hava ”Aandsfridom”, og daa kann eg ikkje vera onnorleis, enn eg er.

 

Ja tru det?

 

Tarv du for di  sparka til Regjeringi av di ho fann, at det var rettaste aa tegja i Kiellandssaki?

 

Det kann eg ikkje skyna. Du kunne sagt, at det var ikkje rett gjort elder noko slikt – Kritikk er bra – men Hædingsord slike som du kom med – ja dei var no usanne, det er det eine, men det andre er, at du heve lært deim av Verdens  Gang, og du skulde vera for god til slik aa dilta etter.

 

Og so eit endaa betre Døme: Verd. Gg. hadde sagt, at Vestlp., slik som han tedde seg, ved næste Val maatte gjera sitt til aa faa ut or Tinget Folk som H. E. Berner, W. Konow, A. Qvam, W. S. Dahl o. m. fl. Kva gjer so du? Du gjeng like i Faret paa V. G. og skriv, at ”dei segjer, at Oftedølerne skal vilja faa ut or Tinget desse her nemnde Mennerne som faarlege”. ”Dei”, som sagde det, var no ingen annan enn V. G., som du vilde vera Profet for.

 

Nei, vær deg sjøl, Kar! V. G. er bra i mange Maatar, men naar du tek paa og apar etter, so er det V. G., du er, og ikkje Fedraheim. Men det var daa vel berre Fedraheim du skulde vera, veit eg!

 

 

Kven heve vekkt Ufreden?

 

Det er du det, Vestlandsp., segjer V. G.

 

Det er du det, V. G., segjer Vestlp.

 

Skulde eg noko raada,

so var det Raadi mi:

lastar du andre Sida,

so sjaa paa Sida di;

baade Sidor er veike,

og kvar heve Veila si;

di skal dei tegja baade

og ingi lasta hi.

 

Ja nei, ”tegja” vil eg no ikkje nettopp, dei skulde gjera. Dei kunne daa godt bruka Munnen, om det ikkje nettopp skulde vera til aa ”ita²) og bita”. Det er no dei ”reine” som heve vore Meistar i detta, og no ser det ut, som Vestlp., som hittils hev halde seg nok so rein i det Stykket, vil gjera Fylgje med – sjaa Stykket om Garborg den 10de Juli.

 

Eg tykkjer, det godt kunne gaa an aa vera usamde om somt og samde om anna: standa saman elder skilde, etter som det høvde til; men no er det det rare, at dei hev stae saman mest altid i Stortinget: eg minnest ikkje dei hev skilt seg i andre Ting enn i Kiellandssaki og i _Garborgsaki, kann ein vel kalla det, at dei ”ureine” elder kva dei no skal kallast _”Oftedøler” er no det vanlege Namne _ikkje vilde røysta paa Garborg til Ettersjaa-ar for Riks-Reknskapi _noko som eg synest er umogeleg aa forsvara, og Vestlp. hev og (som sagt) maatt gjera seg uvanleg morsk og sint, daa han skulde freista faa til slikt Forsvar (det gjekk no ikkje rart med det daa). Dei hev stae  i Hop, men buldra og braaka og slaast med Munnen. Er det ikkje løglegt? Kunne dei ikkje bitt med Ordstriden, til dei hadde fengje noko aa stridd om _og det kjem nok, men her var det daa best, at kvar Dag sytte for seg.

 

Ja, segjer Vestlp., men ein maa i Tide smekka til Fritenkjarskapen og Europæismen. Det kann so vera, det er berre som det skal vera; men so skulde ein no ikkje sjaa desse Uvætte alle Stader elder vera blind for det gode, av di der kom noko uegta med. Kor mange norske Menner var ikkje med paa Kiellandssaki _og kor mange kristne; var det so Meining i det aa tala store Ord om, at her var det Fritenkjarskapen, som skulde knekkjast? Di er det og so ulaglegt aa bruka den Saki som Grunnalg for eit ”kristent Vinstre”. Det er sant, me borde hava ein slik Flokk (Parti) for sjølve seg, men aa faa det i Stand paa slik Vis, at mange av dei kristne ikkje kann vera med, det er der liti Meining i; for det fyrste vart Grunnen ustød, av di dei, som var med, ikkje hadde meire Rett til Namne, enn mange, som var utanfor, og kristeleg set vilde det gjera vondt, naar der vart endaa eit Skilje-Gjerde millom kristne og kristne. Lat oss rydja Grunnen, for at den Dagen maa koma, daa dei kristne Fridomsmenner kann standa saman i ein Flokk, og det fyrste, me daa hev aa gjera, er aa virka til, at der kann verta full Fridom for dei vantrue, for det er det daa langt fraa enno.

 

 

(Sluttar.)

 

¹) Ja eg ser nok, at du læt alle segja si Meining, og det er bra; for di skal du hava all Ros.

²) Dei segjer so heime; ellest segjer dei no mest eta.

 

 


Frå Fedraheimen 17.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum