”Skagastølstinden”.

 

(Del 3 av 3. Fyrste delen.)


(Sognamàl).

 

IV. “Bestiging”.

 

(Slutt fraa fyrre No.)

 

 

So var Skagastøylstinden “bestegen” ifrà ein Kant, og dat varte ikkje laingje før dat var flaire, som dat hadde gjort, men pà dai tre andre var han ”umulig” og màtte so verta. Dat skal no mykjet undra meg, om han ikkje er ”bestigelig” ifraa ein Kant til _ _ skal undra meg, om ingen Fortunsdøl ha gjenget verre – eg vil ikkje saia pà kvat Kant, eg mainar, for eg vil ikkje ha Skuldi, om inkvan (inkon) gàr sta forkastar seg. Eg har no enno dan Mainingi, atte dar snaut skal finnast Topp her i Landet, som ikkje iminsta ifrà ein Kant kann klugast, bert han kann koma som ein 1500 M. øver Havet, dat grunnar seg paa Stainslaget, som er so kvassbrynt i Høgfjelli, og pà dat, atte dai er so fælande sunderspraingde av Vedret.

 

Det er Ruiner vi beundre i Jotunheimen”, sa ein eingong, og so er dat og. Sjølve Skagastøylstinden haingjer pà ein Kant allvist so laussprokken, atte dar kvart Aar rulla ein Maingde ned, um tie Aar kannhenda han er myket got stuttare – og nàr da eingong ràpa ned alt dat laussprokna, so - - kan dat henda, han verte ”bestigelig”. Pà Norkanten er han so sprokken, og Sprekkedn gàr so djuft, atte eg trur, han kjeme til skrullast ned som ein tinande Sandhaug.

 

Vil ein oppà, og han ikkje er gamall, kann dat spøkja (henda), han stàr seg pà dryga ai Stund, men kjeme han so opp, skal han ikkje tru seg betre enn alle ferna Slegter. – Dat var ein god Dod, dà Olav Tryggvason gjekk opp feste Skjoldet sitt oppà Smalsarhorn (Hornelen), og no kann ein ”ria ei Mær opp”.

 

Dan, som søkje Tanken sin møllom Fjelli, tykkjer dai er høge og bjarte, men dan, som skal søkja Maten sin, tykjer dai er jote og svarte, darføre er han ikkje so forheppa pà kluva lainger, han har Erend. I Ongdomen setter han seg nok ofta føre: dar vil eg opp ein Gong, men dat verte utsett, so saknar han seg og segjer: eg er for gamalle no.

 

Føre nokre Aar sidan var dar fælt til ”Stiging” opp ”ubestigelige” Fjell. Dansken Hall steig opp pà Romsdalshodne, ”ubestigelig” var dat, màveta. Men Romsdølom visste, han Kristen Sme hadde voret oppe føre 100 Aar sia. Dat har Hall ogso bode sagt og skrevet ikkje ein Gong berra. Men dat hjelpte ikkje, nokot so stort màtte vera øvt av ein Utlending – kunne ikkje vera mindre. Antan Hall vilde helde inkje, skulde han vera ”det vanskelige Problems første Løser”. Ja enno sinn Sumarkom Morgenbl. atte med detta om ”cand. Halls Rute” – kunne ikkje vera mindre.

 

So Skagastøylstinden, store Hurròngen? S. klaiv opp og vart sàre nabnkunnuge – var han dat ikkje før; men eg ha laingje ventat pà, inkvan skulde ta til Ords om dat, atte fullvist er det ikkje, atte Slingsby var dan første – trulegt er dat vel – fullvist er dat ikkje. Dar gàr ei Segn i Fortunsdalen, som dai gamle iminsto ikkje hava gløymt – dat er nokot, mange veit; ho Mor fortalde so mangein Gong ho (henar Folk hava butt dar ifrà uminnelege Tider). Kjedn av Segni er so: I eldgamel Tider var dar ein Mann, som var so domdrestuge, han vàgde seg opp pà store Hurrongen. Han gjekk got opp; men kunne ikkje vinna ned – dat var dai falske Trolli, som valda dat, og dat var føre à visa, kvat Magt dai hadde i dessa Fjelli. Segni gjekk, ikkje dat Slag føre Kallen si skuld, annat enn han var ein Fàveting, gjekk dai baint ivold. Dat skulde han ha vist.

 

Solangt var alle Førteljarar einte, men so delar Segni seg. Somme saier, han vart vekke og aldreg attefunnen (trollteken), men somme saier, han lovde ei Kjyr til ”Spetalen”, trur eg, atte eg ha haurt, og so vann han ne atte. Men helt han dat daa? spore me smàe, men dat fekk me aldreg Vissa for.

 

Eg vilde paika pà denna Segni, men ikkje skal ho gjera Slingsby mindre, utan ho eingong verte vist granskad og funni fullgo, og dat felle vel nokot vandt, dà ho slettikkje er ebna pà melda om Fjellstiging – det var ikkje nokot gje Gaum til i dan Tidi – men om Trolli. – Men han kann gjæta pà ho so laingje.

 

Han Bestefar viste ikkje, kvat han vilde saia om store Hurròngen, han (Tinden) sjølv var no so og so, men dat skal vera stygge Ting med dai underjordiske, dar var ikkje gàande, dar han ikkje hadde Erend. Han trefte eingong i Fjelle pà ein Landmàlar, som han trudde, som vilde fraista opp – han vart med – og gjekk, tildess Fremandekaren tykte, ikkje Folk kunne koma høgre, dar skreiv han eit Brev og la unde ein Stain, sa han Bestefar.

 

Ein endebratt Fjellvegg er lettare aa kluva oppi Høgfjelle, enn ein slik nee i Dalen av dai Grunnar, eg før nebnde, framtom var dat ikkje for Skuld tvo Ting, dan eine er: Fjelli høgt oppe er ofta so skralande sundsprokne, ein veit ikkje, kvar ’an skal hefta Tà helde Fingra, dat er som dirrande alt saman – medà dar nede i Dalen er slaipare likasom øngre Berggrjot og tryggare. Dan andre er: Lukti er so tunn dar oppe, ein fàr ikkje Andaturv og kjenner seg skjelvande etta eit Par Tak oppi, ein er so ulike seg, kjenne seg ikkje sjølv, veit ikkje lita seg til eit Tilsprang, som han hugheilt kunne evla lainger nede, dat er meste dan, som er vanen i Berg nede i Dalen, som fàr slike Kjendsler. Han er ikkje so støe pà Hond og Fòt, som han er vanen, dat gjere, atte han er meir ferduge til snu helde ein kunne venta etter alt, han mà ha øvt seg. Dan, som aldreg ha gàt Hurròngen, er dà gjerna betre faren. – Det skal ”Tindebestigeren” ta med i Rekningen.

 

 

Hans  Vigdal.

 

 


Frå Fedraheimen 17.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum