[Tidender.] Olaf Huseby og Maalsaki.



(Del 1 av 6.)

 

I. I den svarte Dansketidi, daa Noreg var Provins under Danmark, hadde beggje Landi berre ein Bokheim: den danske, som den nemndest. Kjøbenhavn var i dei Dagar so i eit og alt Hovudstaden i Danmark og Noreg, at det vilde ha vore ein underleg Ting, um me i Bokvegen skulle ha orka havt noko for oss sjølve, naar me ikkje hadde det i andre Ting og, som vedkjem Aandslivet.

 

Rektignok gjorde me i dei seinare Tider, medan Bandet millom Landi var heilt, eit dugelegt og stort Tilskot til den samse Bokheimen, vissa fraa 1772 av og utetter. Og Namnet vart ”Fælles-literaturen” mot ”danske”- Do. fyrr. For aa kunna heita ”Fælles-literaturen”, segjer det seg sjølv, at der maatte vera minst tvo um den. Det hadde altso gjenget fram med Skynet. Det var ikkje eit, men tvo Land.

 

Daa Noreg i 1814 endeleg kom seg laust att fraa D., skulle med retten Bokheimen vore skiftat, so eitkvart av Landi hadde fenget sit baade kvat Verdleik og Mengde vedkjem. Men so langvarig og sterk aandeleg Samrøring og Fostbroderskap let seg ikkje i Snarvendingi og heiltupp med eingong greida fraa kvarandre. Millom anna hadde gamall Vane mykje aa segja. Me Nordmenn laut finna oss i aa sitja i uskiftat Bu solenge, og Danskarne hadde ikkje noko imot dette, kann me vita.

 

Det var korso fyrst etter 1830, at Noreg for Aalvor tok til faa Bokmenn, so det forslog. Men Maalføret var det danske, um enn med ein Tæft av norsk yver seg, og Bokheimen var framleides sams for baae Landi. Namnet var anten ”Fælles-literaturen” elder ”den dansk-norske”. Dette siste var eit Framstig. ”Norsk” kunne ikkje lengre haldast ute.

 

Men Danmark gjekk i Fyreenden no som fyrr. Det sag lenger nen langt ut med aa koma heimatt fraa Utlendingskapen i Bokavlen. Der var mange Band og djupe Røter, som heldt att. Og soleis hev det haldet ved til denne Dag. Arven var likso seig aa verta kvitt, som den var gamall. Kjøbenhavn hadde Rangen som vaar aandelege Hovudstad, og Danskarne som Høgsteretten, naar det galdt aa lesa, umtala og verdsetja fyrst Bøker av Forfattararne vaare. Her heime torde me ’kje mæla eit Ord, og Bøkerne vart ikkje fult paa-agta, fyrr dei hadde gjenget gjenom den danske Skjerselden.

 

Dette var harmlegt, tykte mange, daa Noreg især i dei siste 20_30 Aar hadde stadet langt fram um Danmark i Bokvegen. Namnet kunne trygt ha’ vorte retta til ”norsk-dansk” Literatur. Men rettaste hadde vore, at me baade var vaar eigen Domstol og trykte og gav ut Børkerne vaare sjølve. So kunne me daa eingogn ha’ fenget Fot under eiget Bord att i dette Stykkje og.

 

Men forutan alt anna, som laag i Vegen, skorta det oss paa ein norsk Gyldendal, liksom dei danske hadde havt sin i langsamelege Tider. Og ikkje berre det. Men me var att i Staden plaga av ein heil Brote ”norske” Bokhandlarar, som sikkert nok var mykje Orsak i, at Gyldendal der nede kunne dra’ so væl til seg og halda so fast paa dei norske Bokskrivarar, store og smaae, som snudde seg fraa Heimlandet og søkte ned til honom. Her var mykje Snakk um dette, og det spurdest etter Grunnar til sovori Aatfaring.

 

Eit av Svari var, at norske Bokskrivarar fekk fleire Lesarar ved aa fara til Kjøbenhavn med Bøkerne sine. Men vigtugaste Orsaki var nok, at Gyldendal hadde meir Fram- og Vidsyn, so at han augna Gaavurne hjaa dei unge Forfattarar, torde setja iveg med Utgjevingi og ga’ rimeleg, ja god Betaling. Tapad han kann hend paa nokre av dei, tente han so mykje meir paa andre. So hadde han daa baade Gagnet og Æra av det altsaman. Og med honom Landet hans, kva Æra vedkjem. Bjørnson sa’ um han, at han var so ”redebon” i Pengevegen. Han var so god aa ha’ med aa gjera i alt, at det var ein stor Hugna.

 

Men vaare Heimebokhandlarar var smaabrotne og trongsynte. Ikkje var der Framferd i ein aaleine av dei og ikkje i alle tilsaman. Og so dette med Høgre og Vinstre. Dei let baade eigi og Landsens Æra og Gagn sigla fraa seg, naar dei berre fekk sitja i Fred som gode Høgrebokhandlarar. For dei var egta Kristiania-borgarar dei, maavita, og daa samad det seg ikkje noko anna. Johan Sverdrup kunne ikkje faa sine politiske Talar trykte og utgjevne her heime, men maatte gaa til Kjøbenhavn han og. Og det fordi han var Vinstremann.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 17.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum