Vegglid-Keringe.

 

(Av John Lie).

 

 

Ho var ei storfellte, rike Kering,

Fermskleg og fagtegreid,

Av hennes Ætt og Ord og Medel

Stod Gjetord længste av Leid _

Ho kunne det so væl

I riklege Laget seg leika.

 

Ho ha baade Vegglid og Vollar-Haugen

Og Pening og Sylvar-Krams,

Med Kyrkja ho glima og lyste

I blænkjande Stas og Drams _

  

Det vene Vegglid og Vollar-Haugen

Ho aatte som Tonn i Hans,

Men lite hjelpte ho Sælingen

Um han baade svalt og fraus _

 

Lag ho gjorde so Govet stod,

Og Gnassarne um ho baud,

Ho gav inki arme Sælingen

So myki som Bein elder Braud _

 

So va ho seg eigong i eit Lag

I drusteleg Leik og Dans:

Det Laget var likandes _sa ho _

Der inki ein Husmanne  fans!” _

 

Krinta ho seg paa Sokke-Leisten,

Og slængde Skone ifraa:

No skal de sjaa hennar Vegglid-Kona,

De veit dei  Rike  hev Raad!” _

  

D’er gromt og godt i Granne-Laget

Aa hava Fyrkja slik,

Men stakkars Sælingen sukkar,

Og ynskjer, at han var rik _

 

Ho dansa solænge med Rikingarne,

Til seiste ho ha inki Sko,

Storlæte hekk i Fillur kring ho,

Og Folket gliste og lo _

 

Ho dansa solænge med Rikingarne,

Til reint ho fòr utor Foto,

Storlæte hekk i Fillur kring ho,

Daa ho kom heimatt fraa Oto _

Ho kunne det so væl

I riklege Laget seg leika.

 

 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum