Upplysnings-berarar.

 

Det er godt med det her i Landet, at so mange Prestar og Skuledirektørar og andre høge Herrar tek paa seg det Arbeidet aa halda Auga med, at Folk berre fær læra det, som uforfalskat og gagnlegt er. Det fær inkje hjelpa, um Folket vert uvitande og tykkjelaust under deira Styre: Hovudsaki er, at det inkje fær galne Meiningar og inkje kjem burt fraa Hyrdingen. Betre aa standa sturande still enn aa koma paa Villstigen, meiner desse Kararne.

 

Han meinte so Presten i Amtsmøtet her med; han var so heppen, at han fek teket fraa Oddmund Vik’s Høgskule dei Kronurne, som Amtet gav i fjor.

 

For eit Aars Tid sidan byrjad Oddmund Vik halda Høgskule her paa desse Kantar, ved Joberg. – Amtsformannskapet gav honom ei liti Hjelp, Skulen vart umtykt og alt var væl. Iaar lagde han fram ei umframt god Utgreiding um, korleis han dreiv Arbeidet og sette upp den Timeplanen, han brukte ved Skulen. Stiftsdireksjonen kom daa med Framlegg um, at han skulde faa ei liti Hjelp iaar ogso. Men no var Saki den, at Høgre og Vinstre iaar stend paalag like sterke i Amtsmøtet. Høgre meinte difor, at det var best aa halda Slag um den Ting; kanhenda kunne dei vera so heppne aa faa tynt denne Skulen, som dei tykte var altfor ”folkeleg”. Ja, so klemde daa einaste Presten i Amtsmøtet paa, det beste han kunne. Men det var no lell inkje so mykje, han hadde aa segja. Det var sermerkt Vik’s ”Maal”, han hadde noko aa utsetja paa, det vil segja: han hadde inkje noko imot ”Maalet” – var det likt seg, nei langt ifraa, han var sæl i det; og han tykte jamvæl, at det var vænt aa høyra, naar Vik heldt Talar paa Landsmaalet. Men det var det, at Folket her paa desse Kantar inkje forstod honom! Aa jau, ein kann noko finna paa, naar ein grunar, og Pastoren hadde truleg grunat mykje paa, kva han skulde finna paa aa segja. – Men verre  var vel det, som vart sagt mindre um: at Vik inkje so heilt ut ser Kristendomen med dei vanlege norske Presteaugur. Det er inkje fritt, anna han skal vera noko paaverkad av Grundtvig. At det er Kristendom, han legg Elevarne paa Hjartat, det negtar ingen. Men han har gløymt, at inkje all Kristendom stend like høgt i Rang her i Landet. - Tru me so er ferduge med hans Synder? Aa nei, aller verst er vel det, som inkje vart sagt: at han er Vinstremann og det ein traust og dugande Vinstremann. Men helder enn aa gjeva ein Vinstremann Hjelp til Skulehald vil Høgre riva Skularne ned. Um Folket vert standande i Faakunne og Likesæle, det er inkje so faarlegt endaa. – Pastorn klagad yver, at Folk las Bibelen for lite, og no gjorde Vik galet i, at han inkje hadde Bibeltimar paa Skulen. Men av Vik’s Utgreiding um Skulehaldet sitt kann ein sjaa, at han held Andagt eit Kvarter kvar Morgon. Skal det altso vera betre, at Ungdomen slett inkje kjem paa Skule, enn at han fær høyra Andagt kvar Morgon? Det gjeng rundt for meg; eg forstend inkje, kva Pastoren meiner. Men det kunne vel finnast dei, som meinte, at dei fekk Upplysning og Livsvekkjing ved slike Morgonstunder ogso. _ So kom Avrøystingi _og Amtstilskot vart negtat med 10 mot 9 Røyster. _ Skuledirektøren møtte fram. Hans Pligt skulde det vel vera aa forsvara framlegget fraa Stiftsdirektionen. Men han hadde inkje eit Ord aa segja, tagde still til det, som vart sagt imot  aa gjeva Pengehjelp til ”Vestfolds Folkehøgskule”, altso imot Stiftsdireksjonens eiget Framlegg. Og han saag inkje usæl  ut, daa Hjelpi vart negtat. _

  

So hev dei daa fenget Oddmund Vik paa Svelteforing til so lengje. No trur dei vel, han er knekt, skadelaus. Dei forstend ikkje, dei høge Herrarne, at det gjeng an aa arbeida for ei god Sak med Hug og Dug, sjølv um Magen inkje alltid er vælfyllt. Kanskje Oddmund Vik syner dei, at han inkje er so lett aa krøkja endaa, men at han kann halda fram, som han byrjad, med Eldhug og Dugleik, _Kannhenda vil det ganga slik likevæl, at det inkje vert Trongsynet og Faakunna, som vinn i Kampen mot Rettferd og Framgong.

 

 

Laurvik 19_6_86.

 

Nj. R.

 

 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum