Tidender.

 

Kristiania, den 25de Juni.

 

Fraa Stortinget. Dei diplomatiske Sakerne vart sende fraa Odelstinget til Stortinget. Præsidentarne hadde lagt fram ei Adresse, som ein skulde tru, alle vilde samla seg um. Den lydde so:

 

I Tilslutning til gjentagne og samstemmige Udtalelser, hvorved tidligere Storting har hævdet Norges fuldstændige Ligeberettigelse i Unionen, udtaler nærværende Storting den Forvisning, at det norske Folk i Troskab mod Konge og Fædreland vil værne om Rigets Ære og Ret og støtte Regjerings og Stortings forenede Arbeide for at erhverve Norge den Andel i Styrelsen af de udenrigske Anliggender, der tilkommer det i Kraft af dets Stilling som selvstændig og med Sverige ligestillet Stat i Unionen. 

 

Sagens Dokumenter vedlægges Protokollen”.

  

Men so var det H. E. Berner, som saman med Høgre skulde forskipla Semja. Daae  kom med eit anna Forslag, som sagde det same aa kalla, men i kraftlause Ordlag; der fann Stakaranne Rom; det var 32 av dei.

 

Loven um Skrifteigendom  vart det ikkje noko av iaar.

 

 

Grunnlovsforslag. Aalmenn Røysterett. 37 gilde Stortingsmenn hev skrivet seg paa Forslag um aalmenn Røysteret for Karar. Det er:

 

S. Jaabæk, A. Qvam, V. A. Wexelsen, Steen, Peter Holst, G. Krogh, J. Sparre, B. E. Bendixen, Carl Berner, V. Ullmann, Peder Rinde, L. Bentsen, Julius Olsen, L. Johansen, Nils Juel, Joh. Holmesland, J. Løvland, Nikolai Sørensen, O. Thomesen, E. Reierson, Olaf Sveinsson, S. Nielsen, Daniel Sæter, Ellingsen, Egge, Fjermstad, Lange, Goverud, W. S. Dahl, E. M. Havig, Wist, O. S. Holm, Reitan, Staff, Castberg, K. Moursund, K. Akre.

  

Ullmann, Thomesen, G. Krogh, Sparre, Quam, Lange, N.J. Sørensen og Castberg hev Forslag um, at Kvendi og skal hava same Retten.

  

So er det Forslag um, at gamle Stortingsmenner skal kunne veljast andre Stader ifraa enn der dei bur, um aa knipa inn Stortingtidi, um aa slutta med Konstitusjonseiden, at Vali kann haldast paa ein Heilagdag, at Reglarne um Visekongedømet skal takast av, at tri Statsraadar skal vera med, naar det gjeldst um diplomatiske Saker o. s. v.

 

 

Stortinget sluttad Onsdagen. Ikkje nokon Tale.

 

 

Til Statsrevisorar  vart uppattvald dei gamle: H. E. Berner(91 R.), Hølaas(88), Jacobsen(71), Garborg(58), Hjorth(48). Varamenner: Stortingsmann Rejerson, Advokat Motzfeldt, Advokat Mejdell.

 

 

Kanalarbeidet millom Ulefoss og Strengen i Telemork gjekk Stortinget inn paa.

 

 

Av Maalbøker vert det ikkje selt so lite endaa, som Folk trur.

  

No hev Det norske Samlaget fenget Uppgjer av Hovudkommissjonæren sin, hev voret, Bokhandlar Huseby & Co, og han hev i 1885 selt Bøker for Samlaget for Kr. 1552.72. So hev Samlagskasseraren i same Tidi selt Bøker for Kr. 1231,11.

 

Dette er no berre Bøker, som Samlaget hev gjevet ut, og som er selt for Kontant, og naar ein so tenkjer paa det, som vert kaupt av vaare store Bokskrivarar Aasen, Garborg o. a., so vert Summen utruleg stor.

 

 

Arne Garborg og Viggo Ullmann er no for Tidi hardt ettersøkte i Høgrebladi og sume Vinstreblad ogso. Fedrah. bør og blanda sitt Maal inn i denne Concert. Naar andre Blad hakkar paa dei, kvifor skal ikkje Fedrah. gjera det same? ingen av desse Menner er nemleg fri for Lyte. Ullmann er eit Barn og vert aldri vaksen, han kann aldri læra det, at det sømer seg Stortingsmenner aa vera sløge som Slangar og ikkje berre einfalduge som Duvur. Han er ein unasjonal Mann, for han kann aldri læra seg til den rette norske Bondefulskap. Elder kvarhelst kann du finna eit Ord um, at ein fullærleg Mann vert forstaden?

 

Arne Garborg hev og store Lyte, Fedrah. hev væl ikkje Rom til aa rekna upp alle saman, her skal berre nemnast eit. Han veit ikkje, at Moralen er gjord av Viskelær, som kann tøygjast og tenjast etter som det høver, han skynar seg med andre Ord ikkje paa det, som dei kallar for ”relativ moral”, han sviv i dne Trui, at Moralen er eit Jarnband, som skal klemma like hardt baade i smaatt og stort. Han er attaat Fritenkjar. Og so den ”bondekulturen” daa! Var deg Bonde!

 

Dei er Uvyrdingar baae tvo. Um dei gjekk meir i Kyrkje og lydde paa Prestarne, vilde dei læra aa skikka seg meir viseleg for Verdi.

 

X.

 

 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum