Lysingar.

 

Lærarkursus ved Ullensvangs Folkehøgskule

 

fraa 30te Juni til 30te Juli. Undervisning i Landsmaal og Oldnorsk; historiske Fyredrag. Lærarar Ingvar Bøhn, Andreas Austlid og Johannes Helleland. – Lærarar, Lærarinnor og Seminaristar fær Undervisningi fritt, og av Statstilskotet fær dei nokot til Reis og Upphald. Andre enn Skulefolk kann og vera med, naar dei betala kr. 4 i Skulepengar. Dei som tingar i tide, kann faa Hus og Kost paa Skulen fyr Kr. 22.

 

Johs. Helleland.

 

(1 G. i ”Verd. Gang”).

 

Norsk Maalskule.

 

Fraa 23de August vert det haldet Maalskule i Kristianssand 5 Vikur, helst for Lærarar og Lærarinnur. Dei, som er med, fær 25-30 Krunur kvar av Statsmidlar. Det vert fleire Lærarar, og Stipendiat Ross hev lovt aa halda Foredrag um Bygdemaali. Deltakarar lyt melda seg fyrr 25de Juli til J. Løvland, Kristianssand.

 

24de Juni 1886.

 

P. A. Skjefveland.

 

J. Løvland.

 

 

Målskulen

 

for Kristiania stift skal haldast på Bjørnstad nær ved Rakkestad jarnvegstasjon i Småleni frå 2dre til 31te august.

 

Skulen er nærmast etlad for lærarar og lærarinnor, men soframt romet strekk til, kann dei få koma inn kven somhelst, menn og kvinnor. Skulen fær dei fritt.

 

Forutan øving i norsk mål i munn og penn vert der haldet foredrag kvar dag um andre ting.

 

Underskrivne og rimeleg lærar Olav Sande frå Sogn skal undervisa i norsk.

 

Cand. teol. stipendiat Hans Ross skal i slutten av august halda foredrag um dei ymse målføre og fru Ragna Nilsen um kvinnesaki. Dessutan held underskrivne foredrag um uppdragels, um ”romantik og realisme”, og der vert rimelegt haldet nokon fleire foredrag frå bokheimen.

 

Av statstilskotet kann lærarar og lærarinnor få, solangt det strekk til, ikring kr. 30.00 – ialfall inkje under kr. 25.00 _; er der sers trang til det, som hjå unge folk, som enn inkje hev fenget seg arbeid, kann det henda, dei kann få enno meir, sovitt dei skal klare utgifterne fullt ut, tenkjer eg.

 

Meldingar maa sendast til underskrivne trast – iallfall fyre 15de juli – med søknad um tilskot. Hus og kost kann ein få på gardom ikring skulen. Middag kann ein få på skulen for kr. 15.00 heile tidi.

 

Alvheims høgskule 12/686.

 

Lasse Trædal.

 

  

NORA

 

kjem ut ein Gong kvar Maanad med eit Hefte paa 16 Sidur. Ho inneheld: Dikt, Forteljingar av gode Forfattarar, Sogur, Smaastykkje av ymse Innhald um aalmenne Emne o. s. br. Prisen er Kr. 1.00 for Aaret, Postpengar ireknad. Paa 4 Eksemplarar fær ein det 5te fritt. Nye Tingarar, som sender pengar, fær Aargangen 1885 for 50 Øre + 10 Øre i Postpengar.

 

Det kann tingast paa alle Posthus elder beint fraa Ekspedisjonen, Karl Johans Gate 12. I Kristiania kann ein tinga det i ”Fedraheimens” Eksped.

 

 

 

Gilde Bjørnhundskvelpar er aa faa kaupt hjaa Erik Straalberg Lilleelvdalen, Østerdalen. 10 Kr. Stykkjet.

 

 

Bladstyrar: Ivar Mortenson, kand. teol.

 

 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum