Hr. Bladstyrar!

 

(Innsendt).

 

 

I No. 37 er det ein T. E., som skriv um, kor galet det er, at Fedraheimen no kjem berre ein Gong i Vika, og det for Skuld dei mange etterlatne Tingarar, som ikkje idest senda Bladpengarne. Og dette er leidt. Vaart fremste Maalblad burde stydjast meir enn det til denne Tid hev voret Tilfellet. Det er kleint, at det norske Folket ikkje er god for aa gjera meir for dette Bladet, daa det held mangfalduge Tusund av dansk-norske Blad. Dei talar um, at Maalsaki er ei Folkesak; men skal ein døma etter det, Folket gjer for vaare Maalblad, hev det visst lite Hjarta for Saki. Vil me, at Talen um Kjærleiken til Maalsaki ikkje berre skal vera Talemaatar, lyt me difor i Verket stydja baade Blad og Bøker, som utgjevast paa Maalet. Det skulde vera ei Æresak for oss ikkje berre aa halda Maalbladi uppe, men stydja dei slik, at dei gjeng godt. Gode Maalmenn i By og Bygd! Ting Maalbladi og betal dei!

  

Det er ymse Grunnar til, at Folk er so likesæle med aa halda Maalblad. Mest er det no gamall Vane; fraa Skulen hev dei lært seg til aa taka sin Lesnad paa Dansk, som dermed hev fenget liksom ein Fyrstefødingsrett i deira Tankar. Deira eiget Maal vert Stykkbarnet det, som vert haldet for simpelt og raatt. – So er det Likesæla hjaa andre, - Girugskap hjaa sume, - Trongsyn hjaa mange, - og tronge Tider hev væl ogso sin Innverknad. – Det raakar væl helder ikkje so sjeldan, at Folk mislikar Innhaldet av det elder det Blad, og difor vil dei ikkje halda det. Men skulde ein berre halda Blad, som var ein tillags i alle Maatar, vart nok ingi Blad haldne. For ikkje noko Blad er slik, at det i alt fær Medhald av sine Tingarar. Serleg Maalbladi maa ein ikkje vraka av den Grunn; for Skuld det store Fyremaalet – Maalsaki sin Siger _lyt ein tidt vera yverberande. _Som no t.D. Fedraheimeni det siste. Det er visst mange av Tingaranne, som med meg djupt mislikar hans Stelling i Kiellandssaki. Lell vil eg framleies halda han.

 

Fær eg Løyve til, Hr. Bladstyrar! aa segja nokre Ord um det, du skreiv um Negtingi av Diktarløn aat Kielland? For sant aa segja tykkjer eg, du er noko ugreid her. Det er greidt aa sjaa, at du er glad yver, at K. fekk dei 1600 Kr.; og endaa gladare hadde du voret, um han hadde fenget dei som Diktarløn, ser det ut for. Men Grunnarne til Gleda er ugreide. ”Me held ikkje K. for aa vera den nasjonale Diktar, som me syntes skulde turva, og me likar ikkje Laget og Tankarne hans fullvæl”. Kvifor vil du daa, at han skulde hava Diktarløn? Jau, for Skuld Aandsfridomen. Me andre, som ikkje vil, at han skal hava Løn, meiner nett det same som du um hans Diktning, og nettupp difor er det, at me ikkje vil. Det gled meg, at me er samde her i Hovudsaki, um enn resultatet er so beint motsett. Etter di Meining skal ein altso ikkje sjaa etter Innhaldet, naar det gjeld Diktarløn; det kjem berre an paa, um Diktargaava er der – ja og so lyt Aandsfridomen verjast. Aa gjeva Diktarløn er aa verja Aandsfridomen, aa negta henne er aa gjera Vald paa Fridomen. Snodig! Eit Spursmaal: Vart Aandsfridomen bergat ved dei 1600 Kr. ”i Erstatning for Budgetterminen”?

  

So synest eg, du er noko ugreid i Hermingi av dei Motgrunnar, som Diktarløn-motstandaranne kom med i Tinget. – Det var 32 Vinstremenn mot, ikkje 26, som du segjer, 54 var for. – ”Sume var rædde Prestarne”, segjer du. Kven var det du? For det skulde vera forvitnelegt aa hava Greide paa, kven av Tingmennerne det er, som er so styvingsagtige, at dei ikkje torer for Prestarne. Eg tenkjer, me vert samde um aa lata dei sitja heime næste Gong. ”Sume var rædde Veljaranne sine”. Um dei gjeld det same som dei ovanfor nemde. Lat oss berre faa vita, kven det var! _”Sume vilde syna, at dei vilde gjeva Statens Pengar til kven dei likad”. Hm! Skal tru nokon gjev Diktarløn til den, han ikkje likar? Ja du og Ullmann gjev det ikkje, veit eg; men andre? _”Sume meinte, at ein trengte ikkje Diktarløner; naar me løner Prestar og Skulemeistrar, hev me so ikkje nok daa?” Aa, kjære deg Bladstyrar! kven var det som kom med slikt Pølsesnak?

 

Men so er det ein Ting, som eg vil protestera imot, og det er den Tanken som no held paa aa koma upp, at Diktaranne skal hava ei Serstelling i Samfundet framum andre. Det ser ut, at Fedraheimenogso hyser ein Snev av denne Tanken. Eg meiner dette Uttal: ”Ein Diktar er fyrste Rangs Mann i Samfundet, ein Statsmann kjem snaudt so høgt. Og so skulde ikkje Landet unna sine beste Menn og likaste Arbeidarar daglegt Braud?” Det skulde gleda meg, um eg tok imist i dette.

 

Austlandet er lengst framkomet i Aandsfridom, segjer du; men paa Vestlandet er det skralt. Til dette vil eg berre segja, at skal ein døma etter Avrøystingi i Kiellandssaki, so hev du Rett, det vil segja, dersom dei, som røystad imot, var Fiendar av Aandsfridom, dei, som røystad for, Vener av han. Men det er nettupp det, som skal provast. Eg tenkjer Sanningi er den, at paa Vestlandet hev dei kristelege Hugmaal større Magt enn paa Austlandet; difor er dei ikkje so ”aandsfri”, at dei vil æra al Slags Diktning, anten den er god elder laak. _So vil eg ogso peika paa ein annan Ting, som er verd aa merkja seg, og det er at ikkje ein einaste Præsident elder Sekretær er fraa Austlandet; men fraa Vestlandet er det 3 Præsidentar og 5 Sekretærar. Det tyder ikkje paa, at Austlandet er so langt framkomet lell.

 

So vil eg berre spyrja deg, um du, som set Bonden so høgt, er einig i det, Garborg skreiv i Stykkjet um ”Bondekultur”. For det er mangt i det Stykkjet, som er skikkat til aa saara dei, som er glad i Bonden. Hellest vil eg segja, at det i Stykkjet hans Garborg er mykje av det, ein kann kalla logisk Vrøvl; for ein kann vrøvla, um er ein aldri so logisk, elder kanskje fordi ein er altfor logisk.

 

 

Austlandet i Juni 86.

  

n.


 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum