Ein Selle.

 

(Del 22 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald)

  

 

Det vart berre Skodd all Dagen, men eg kravlad og kraup for aa koma meg ned av Urdi. Men so kom eg fraa det harde i det blaute, og kom meg ut paa Myrarne daa, og der kom eg aldri att. Endeleg seig eg ned trøytt og sigen og somnad. Daa eg vaknad og skulde sjaa meg umkring, totte eg, her var so kjenslegt, her hev eg visst voret fyrr, tenkte eg. Ja tydeleg var det ikkje her daa, eg laag den Natti fyrr? Eg vart reint vill daa; skal eg aldri koma av denne Myri daa, anna fara rakla her til min Døydedag? Eg sette meg ned reint stursam og geispad og var mest hugad til aa finna Vegen heim, for det var berre Tull av meg aa fara etter slik Tussedom. Som eg sat so, vart det Kvelden, men daa lettnad det i Veret, og Vinden bar eit Ljod hit med Bjøllur og Lokk; jau, det var det rette, meiner eg; daa var det ute med mine Heimferdtankar og. Eg drog meg imot den Kanten, som Ljodet kom ifraa, men eg hadde ikkje gjenget mange Stig, fyrr eg stod frammed eit Vatten, og paa andre Sida laag det ein Støyl, Kreturi gjekk utyver Vollen, og eg saag eit Kvende gjekk att og fram og stelte.

 

Nei, no skulde det ikkje vera eg, som skulde gjeva meg, det var visst det. Eg tok avstad straks og vilde gaa umkring Vatnet; Skoddi slepte seg ned paa att, kann du vita, men det var daa plent det same; naar eg berre fylgde Strandi eg, so kom eg nok fram. Men Strandi var drjug ho, eg maatte krøkja upp i stygge Urdar og nedatt paa Myrar og i all Slag Ulende, og tilslutt viste eg snaudt, anten eg hadde slept Vatnet elder koss det var lagat. Eg tok mest til aa tvila paa alt, eg hadde set, og heldt det for Hildring alt i hop, for neimen um eg var god til aa skilja sant fraa falskt no lenger. Men eg vart daa glad, daa eg saag, at eg var ikkje langt ifraa Vatnet endaa, daa var det alltid ei Von. Men det var nok ingi lite Tjørn, var det sjaa-ande til, det var ein heil Sjø. Daa eg hadde gjenget baade langt og lenge, vart eg var noko nedpaa ei Slett, som tottest vera so likt eit Hus, at eg tok Kosen utetter straks; daa eg kom dit, var det ein stor Steinhamar, og kor mykje eg bankad paa, so vilde det ikkje ganga upp nokor Dør. Rundt umkring laag det andre Steinar so store som Kyr. Ja so, sagde eg ved meg sjølv, er det so lagat, dette er nok Støylen og Kreturi du saag, og Stein det vert væl ikkje anna enn Stein det, kor mykje, ein lokkar. Ja no var det ikkje onnor Raad enn aa sjaa til aa nattstella seg som ein best kunne og finna seg eit laglegt Rom. Som eg gjekk og tenkte paa dette trøytt og sinnad, kom eg til ein Stein, som eg totte hadde noko som liknad for Horn. Sjaa aldri etter slikt meir, sagde eg ved meg sjølv; men likevæl kunne eg ikkje halda meg, eg laut av og sjaa. Du store min, daa eg kom burtaat og skulde kjenna, so var det ei verkeleg Ku, og daa eg skulde sjaa betre etter, so vart det mange. Er det Kyr, so maa her og vera Folk, tenkte eg, og tok til aa leita rundt umkring, og eg hadde ikkje gjenget langt, fyrr eg kom til noko, som tydeleg nok maatte vera Døri til eit Sel. Eg visste ikkje, um eg skulde tru meg sjølv elder ikkje, men eg vart glad, daa eg kjende Trehandtaket paa Døri i Henderne mine. Eg reiv Døri upp, berre so Naglen flaug, og spurde, um det var Folk. Daa reis det upp eit Menneskje burti Kraai, som eg høyrde paa Maalet, at det var eit Kvinnfolk. Men myrkt var det inne, so eg fekk ikkje sjaa kor ho var lagad. Eg spurde um eg kunne faa liggja der kvassaste Natti, og kom fram med noko meiningslaust Snakk um, at eg hadde vildrat meg burt, at eg var paa Fisking elder Leiting, elder koss Ordi lagde seg, det minnest eg ikkje. Daa eg hadde haldet paa og vasat soleis i 4-5 Minuttar, vart Endskapen den, at ho kom og kastad nokre Ryur burti ein Krok av Selet og sagde, at eg kunne faa liggja der. Eg rødde ikkje noko meir, men lagde meg og somnad straks. Eg sansad ikkje nokon Ting fyrr det leid langt um lenge, det var ein Einerkrakje, som skurad meg i Ryggen, so eg vart reint saar, eg let ikkje upp Augo, berre snudde meg paa Sida og somnad att som ein Stein. – Det var likevæl, som det lyddest noko for Øyrom mine som kjende Lokkar og Ljod fraa uppe i Lidarne, men det var eg so vant ved no, at eg ikkje hugsad meir etter det, anna leet Svevnen taka meg, som han vilde. Eg veit ikkje kor lenge eg sov, men eg halvvaknad med det, at eg totte det rignde. Men eg somnad so smaatt att, men slo snart upp att det eine Auga og glytte ikring; daa var det Budeigja, som heldt paa og yste, berre so Mysa skvatt burtpaa meg: yste og song. Eg vart liggjande aa høyra paa Etterslengen for det fyrste, det var slik ein snodig Krull paa Tonen, og den kom att ved kvart Verset, men tilslutt vart eg so vaken, at eg høyrde alt i hop, ho trudde vel eg sov ho.

 

 

Aa Ungersvend, Ungersvend ligger du hera

- det spilar ei Hind –

aa du som skulde uti Frustoga vera.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa kva skal eg meg uti Frustoga gjera,

- det spilar ei Hind -

eg kann slett ikkje anten dansa hell kveda.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

 Det du ikkje kann, det skal du læra,

- det spilar ei Hind –

det skal du uti Frustoga gjera,

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa naar du kjem deg i Drykkestoga inn,

- det spilar ei Hind –

drikk deg maateleg Drykken, før væl dine Ord.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa møter du der nokon drukken Mann,

- det spilar ei Hind –

so gjeng du av Vegen, lat han sleppa fram.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa møter du der nokon Daare,

- det spilar ei Hind –

so gjeng du av Vegen, lat han sleppa føre.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa er det nokon, som deg synest best,

- det spilar ei Hind –

du drikke til honom, som site deg næst.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa er det nokon, som deg synest best,

- det spilar ei Hind –

du drikke til honom, som site deg næst.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa er det nokon, som du heve kjær,

- det spilar ei Hind –

so skal du ’kje alltid ha Augo di’ der.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa haldt fast i Haand, trø litt paa Fot,

- det spilar ei Hind –

er Viljen god, so trø ho imot.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Aa Takk skal du ha’ for di gode Lære,

- det spilar ei Hind -

eg ynskjer at du den same maa vera.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

Nei ikkje eg kann, og ikkje eg maa,

- det spilar ei Hind –

eg ynskjer at du den same maa vera.

- Det spilar ei Hind yver all den Skog.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum