Bladstyrar!

 

No gjeng det fram med Maalsaki, ”so det stundum er Hugnad til sjaa”. Men mykje vantar endaa, og det er iser noko, som eg saknar so saart, og som eg difor vil peika paa.

 

Det er meg baade ei Hjartesak, og eg trur, det vil fremja Maalsaki storlegt, at me fær ei Preikesamling og ei Bønebok paa Landsmaalet.

 

Solengje Dansken skal brukast i Kyrkje og Heim, vil Folk halda paa den Meining, at han er eit ”hellig Sprog”.

 

Helst vilde eg hava to Bønebøker, ei for Heim og ei for Skule. I Skulen snakka eg sunnmørsk, men bed _ av gamal Vane _paa dansk, og skal eg lesa ei Bøn, vert det og dansk.

 

Eg vil difor beda ”Det norske Samlaget” elder andre snart skaffe oss slike Bøker. Paa Landet les mange – kanske flestalle – Bøni især um Helgi, likso Folk pla vana ”lese Tekstra” kvar preikelause Sundag.

 

Trur Fedraheimen, me snart faar slike Bøker, elder kanskje du veit aa nemne slike.

 

 

Med Vyrdnad

 

R. O.


 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum