[Tidender.] Ludvig den andre av Bayern

 

vart gravsett den 20de i München med stor Stas. Liket hans vart køyrt paa ei fin Vogn med otte svarte Hestar fyre; paa Loket av Likkista laag Krune og Scepter, og paa baae Sidur av Vogni gjekk Livvakti, etter gjekk Prins-regenten med bert Hovud, og etter han kom Krunprinsen av Tyskland og andre store Menn. I halvannan Time gjekk Ferdi fraa Slottet til Michaelskyrkja, og der var der ei Mengd med Bispar, Prestar og Munkar, som song, medan Røyken steig upp av dei gyllte Kjer. Daa den fyrste Bisp hadde signat Liket, vart det boret ned i Gravi. Alle Folk var svartklædde i Byen, og yver heile Landet ringde dei med Kyrkjeklokkurne. Otto den fyrste, han som er Konge etter Ludvig, var ikkje med; han sat millom sine Sjukepassarar paa eit av Slotti sine; han er galen han og, so han hadde lovlegt Forfall.

 

Kong Ludvig, som no ikkje er meir, høyrer til ei gamall Kongeætt, som truleg er utlivd. Han hev funnet paa mange rare Ting i længre Tid, og det han hev gjort, hev kostat Landet mange Miljonar. Det er underlegt, at dei tolte han so lenge, som dei gjorde. Men det er no so med Kongedømet, at ingen hev i Grunnen Løyve til aa avsetja Kongen og gjera han umyndug, sjølv um han skulde verta galen.

 

Mest Pengar gjekk der til dei store Slotti hans; uppaa Taket paa eit av desse hadde han bygt ein stor Dam, so at han kunne sigla der med Baatar. For aa faa Vatnet blaatt, strøydde han nedi det eit Stoff, som aat upp Zinkplaturne i Dammen, og so strøymde Vatnet ned i Slottet og øydelagde Maalarstykkje.

 

Mange Pengar spanderad han og paa sine Elskingar og paa sine Tenestfolk, som han i Sinne hadde skamsleget. Soleis var det ein Tenar, som fekk 12,000 Krunur, for det Kongen hadde kastat Thetyet i Hovudet paa han, daa han gleid paa det glatte Golvet og slog sund ei Flaske.

 

I den seinare Tid trudde Kongen, at han var Ludvig den 14de av Frankrig. Han gav Order um, at dei skulde stella til Middag Kl. 12 um Natti for 20 Personar; men han møtte upp aaleine, og Tenaranne hans maatte setja fram Mat for Folk, som ikkje var tilstades. I fleire Timar talad han daa med dei um dei ”brennande Spursmaal” og um Husi sine.

 

Han var i usturteleg Gjeld, og det var den, som øydelagde han og. Han vilde laane Pengar av nokre Prinsar i Frankrig, vert det sagt, og Regentskapet vart daa innsett.

 

Han hadde reist til Slottet Berg, og der fekk han Tak til aa drukna seg. Saman med Liv-doktaren sin, den gjæve Dr. Gudden, spaserte han i Parken um Kvellen den 13de denne Maanad. Dei trur, at Kongen hev kvilt seg litt paa ein Benk, og at Gudden hev gjenget noko tilsides. Kongen hev daa med det same kasta seg i Vatnet. Gudden, som straks hev gaatt dette, hev daa sprunget til for aa taka Kongen og halda han. Men Kongen, som var mykje sterkare, hev daa teket han og haldet han under Vatnet, til han er daaen, og so sjølv gjenget eit Stykkje ut og gjort av med seg. Dei fann Gudden standande i Leirbotnen, med bøygd Rygg, Armarne strake og Hovudet trykt ned. Kongen fann dei mest paa same Maaten.

 

Ludvig av Bayeren er kje den fyrste Kongen, som er vorten sinnsjuk. Um Nebukadnezar høyrer me i Bibelen, at han var galen i sjau Aar, og um den romerske Keisaren, Kaligula, veit me, at han var so galen, at han trudde, han var Jupiter og gjorde heilen sin til Konsul. I siste Del av fyrre Aarhundradet var der mange galne Kongar; soleis Kristian den 7de, som var Konge i Danmark og Norge til 1808.

 

 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum