[Tidender.] Kroaren

 

døydde no i Vaar. Han vart fødd det Aare Krigen braut ut, og soleis nære fire Tjug. Dei siste Aari var han klein, slagbroten i den eine Sia, og dei siste Dagarne hadde han mist Mæle. Men han var ein drusta kar i si Tid. Ut fraa Fedraheimen drog han paa Lag ein Styvingsgut med ein Fehandlar te Mandalsdalen, der han gjæte ei Drift um Sumaren. – Same Hausten til Kristianssand der han tok Fangst i nokre Aar. – Han feste ei Gjente i Kristianssand, drog heim, hadde bygsla ein Husmannsplass paa Farsgarden sin, ja den var hellest Præstegods, gifte seg, bygde Stove og Løe, rudde Plassen, og gjore eit Par Gothenborgsreiser med ei Sillejægt um Sumaren.

  

Men det var i Styrerome paa Sædebaaten i Sillefiskje at Kroaren blei vaksen.

 

De sko bli ei heil Regle aa fortelja, kor væl han var buen te styra Baaten me Aar og Ror, kor han kjende Renno, der Garno sko setjast, kor Sella seig inn, kor han svingde Baaten, so Skavlan sko kje falla so tung.

  

Høg var han, brei var han, og Maal hadde han. – Her er Hærmor nok etter Kroaren. Den Dagen Kroaren laag umbord, mens der sto Garn i Sjøen, daa fanst der kje Baat paa Sætri.

 

Paa Sillefiskje slo Kroaren seg upp te ein Vælstannsmann.

  

Han dreiv og Sumarfiskje. Hadde Notepartar og var Notebas. Naar Makrelen var paa Kaste, og ein tok Miste i Kastingje, daa blei kje Kroaren bli, skjente som Turk, te han blei haasmælt.

 

Der kan nok finnast fleire slike Kultar paa so lange Landalei, som Noreg hev, men her kringo finnst kje den, som likna Kroaren.

 

Han var Bakstrævar; Mat og Klær og Buna. – Almuevenen heldt han fraa det fyste, og Dølenlikaso, Maalmann vart han fort. Der er Minne enno um den fyste Døl, han fekk Auga paa.

 

Han sette i aa bannte paa, ”at slik sko dei kje ha Lov te prenta”.

 

Ein var der daa testas, som las nokre Stykkje av Bla, men daa fekk Kroaren andre Augo og Øyrer. Han ville snaut tru, der blei lese rett. Han tok te aa stava. Jau de blei rett.

 

Men dette liknar vaart eiget Maal” sa han, og Dølen tinga han trast. Ja han gav ein Dalar te Minnesteinen paa Vinjes Grav.

 

Der var meir aa segja um Kroaren, men kanskje Soga er lange nok, daa han var kje meir hell ein Husmann.

 

 


Frå Fedraheimen 26.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum