Um Ordningi av Folkeskulen

skriv Ullmann andre Stykkjet i Magne. Det handlar um nye Læreemne i Skulen:
 
Alle er samde um, at Folkeskulen skal vera bygd paa Morsmaals Grunn. Men ikkje alle hev fenget Syn for, at det er usunt aa byrja med Maalundervisning i Barnealderen; baade er det sjælelegt usunt, fordi Barnet ikkje er mogje for den Tenkning, som Maalundervisningi krev, og det er usunt for Lekamen, som vert bunden for mykje attaat Boki, og so vert Sansen for Morsmaalet øydelagd, naar ein kjem med det framande for tidlegt, fyrr dei hev fast Grunn i sitt eiget. P. Voss sagde eit godt Ord um dette paa Skulemøtet i Kristiania, han vil byrja med Maalundervisning i 12 Aars Alderen; men det og meiner eg er for tidlegt, og eg trur elles, at framande Maal ikkje høyrer med til Aalmendaningi, men dels til Fagdaningi, t. D. for Handelsmenn og dels til den vitenskaplege Daning. Men ein maa vera glad um ein kann faa Folk til aa slutta med dette Jaget etter aa læra Borni upp i alle mogelege Framand-maal. Aa setja Maalundervisningi fyrst etter 12 Aars Aldren er den einaste Maaten til aa binda Folkeskulen i hop med den lærde Skulen.
 
Men so maa der mykje meir Kunnskap inn paa Folkeskulen. Det vil og Statsministar Sverdrup, han vil hava mykje meir Undervisning i Morsmaal, Historie, Samfundslære og Naturlære; det held eg med han i. Men so segjer han, at Kristendomsundervisningi er bra stelt, men det held eg ikkje med han i.
 
Kristendomsundervisningi no er som Faraos sjau magre Kyr, som slukar alt og vert ikkje
feitare sjølv for det.
 
Soframt det var so lagad med Kristendomen, at ein ikkje kunne verta ein kristen utan aa slita og stræva sjau Aar i vidslungne og keidsame dogmatiske Lærebøker, daa fekk det so vera. Kristendomen vilde daa aldri hava vortet nokor Verdensmagt likevæl. Men no er dei fleste kristne komne ut yver dette, at Kristendomen er Dogmatikk, dei hevdar, at han er eit Trudomsliv og ei guddomeleg Historie. Og daa maa og Kristendomsundervisningi vera annleis.
 
Til aa vera Kristendomslærar høyrer det aa hava full Grunn i Trudomsordet og so 
gjeva Borni livande Skildringar av Utviklingi av Guds Rikje fyrst og fremst gjenom Skildringar av Herren sjølv og so gjenom andre; gjeva dei Skyn paa kva Kristendomen er og kva han er for ei Magt til aa bera og frelsa gjenom Synd og Død. Det er i livande Menneskje Kristendomen syner seg, ikkje i daude Læresetningar, han er ei personleg Vedkjenning, ikkje ei Lærebok i Dogmatikk. Luther hev gjevet Tilleiding til det, for i den litle Katekisma si, som er den beste Barneboki, som finst, naar ho vert retteleg brukad, det vil segja, naar Trudomsordi, Fadervaar og Nattverdsordi vert kjende for Borni, ved at Foreldri og Læraranne jamleg brukar den i Livet. Naar Borni hev lært dei, kann dei lette, greide og barnslege Forklaaringi hans Luther brukast med stor Nytte, men dei bør aldri puggast, ein skal berre ganga igjenom dei mundtleg, til dei sit fast i Minnet. Naar ein so legg attaat gode Samtalar og god Forteljing av Bibel- og Kyrkjesoga, so hev ein den Kristendomsundervisning, som maatar for Barnet, er naturleg for Aldren og derattaat er tenleg for dess aandelege Liv.
 
Eg synest difor, at Folkeskulens Laagmaal i Religionsundervisning burde vera Luthers Katekisme og ei Gjenomganging av Bibelsoga og Kyrkjesoga ned til vaare Dagar. Eg ynskjer ogso, at Brevi i den nye Pakt kann verta gjenomgjengne, men paa eit seinare Stig enn i Barneskulen, det er ikkje Barneføde slikt.
 
Vilde ein taka Religiosnundervisningi etter dette, so kunne ein godt draga inn ein heil Del Religionstimar til Bate for andre Emne, og likevæl hadde ein gagnat Kristendomens Sak. I dei fyrste Skuleaari burde det væl veraein Times Religionsundervisning um Dagen, men sidan kunne ein minka paa det lite um Senn, so det vart berre eit Par Timar um Vika. Og um ein daa berre hadde 9 _12 Skulevikur, so fekk ein meir Plass baade for Morsmaal og Historie, Jordlære og Naturkunnskap, og Statsministar Sverdrups Krav kunne paa den Maaten koma til sin Rett.
 
Ei onnor Sak er det, at det som Folkeskulen kann læra ein i alle desse Emne vert berre lite, allvist naar det skal koma Haandarbeid, Vaapenbruk og Eksis attaat. Her kjem me paa den eine Sida inn paa den grundtvigske Tanken um den rette Undervisningsmaaten for Born i 12 _15 Aars Aldren og paa den andre Sida inn paa Tanken um Samanknyting millom all Undervisning i Landet.
 
Det er mi Meining, at me bør hava ein sjølvstendug Folkeskule for Born fraa 6te til 14de Aar. Men eg trur ogso, at der maa vera Raad til aa brjota av ved det 12te Aaret og so senda Borni paa andre Skular, der dei so kann faa den Undervisning, som høver seg for Menneskje millom 12 og 16 Aar. Slike Skular bør ikkje heilt sleppa Religionsundervisningi, eit Par Gong um Vika kann vera nok, men elles bør Undervisningi her leggjast mest paa Naturfag og sovore, slike Ting, som nett høver med den Aldren. Og so Haandgjerning som fast daglegt Fag, attaat, Gymnatstikk og Vaapenbruk. Her er det ogso Rom til meir Historieundervisning og Kjennskap til 
Statsforfatningi. Der som dei ynskjer det, som væl helst kann vera Tilfelle i Byarne, maa der verta Høve til aa faa læra livande Maal, helst berre eit, for elles fær ein den same Forleitingi og Sundbytingi, som Middelskularne vaare hev, og som øydelegg Karakteren.
 
Desse Skularne, som nærmast vil svara til Middelskularne, er det ingen Grunn for Staten til aa halda; Staten hev berre med aa syta for Laagmaalet, men stydja og hjelpa skal han likevæl desse andre Skularne ogso, naar Kommunar elder Einskilsfolk skipar dei til. Kunne me sleppa, at desse Skularne strandad paa dei mange Skjeri _ kunne ein faa Folkedomen med seg paa, at denne Aldren ikkje er ei Tid for boklege Syslur, men baade for Gutar og Gjentur ei Tid til aa øva Kroppen _ ei Tid, daa det mindre enn i nokon Alder kann nytta aa slaa paa Hjartestrengjerne, men daa det ”sunne Lekam” skal utviklast _ daa lagde me Grunnen til ei aandeleg og lekamleg Helsa for den næste Ætti, som det er langt ifraa, at me sjølve hev.
 
Men denne Skulen maatte vera noko i seg sjølv. Me maa koma burt ifraa den Tankegangen um aa setja upp eit vilkorlegt Maal, eksamen artium, og so laga Skularne etter det. Livsens Lov maa vera det avgjerande og ikkje Artiumsloven. Det er Lytet til Middelskulen, den spør ikkje: høver dette for Barnet? men: kann det hjelpa meg fram til artium, til eit Handelskontor o. s. b.? Dei fleste Skulemenn ser kor galet det er, men dei hev ikkje Mot til aa brjota det gamle, og so fær Foreldri helder ikkje høyra, kor ille Skuleskipnaden er.
 
Ikkje til Konfirmasjonen helder kann Skulen gjera noko Slag Umsyn. Kann ikkje Skulen og Konfirmasjonen semjast, naar Skulen vert lagad paa eit sunt, naturlegt Grunnlag, daa visar dette, at Konfirmasjonsskipnaden vaar ikkje er, som han skal vera, og so fær det vera Kyrkja si Sak aa umvøla den, for det er Kristendomen si Uppgaave aa gagna og tena Menneskjelivet, ikkje aa valda og styra, so det skader. So lenge Folket vil hava Kristendomen med paa Skulen, kann Kyrkjelyden vera glad. Skulde Folket setja slike Vilkor, at Kyrkjelyden ikkje kann taka imot dei, so fær den syrgja for Kristendomsundervisning aat Borni sine sjølve. Skulen høyrer Folket til, men Folket er ikkje alltid det same som Kyrkjelyden.
 

Frå Fedraheimen 23.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum