Tidender.

Kristiania, den 22de Januar.
 
Landsmaalet paa dei høgre Skular. Kyrkjedepartementet hev sendt eit Rundskriv til alle ”høgre Skualr” til aa høyra, korleis Rektorar og Skuleraad meiner, at Undervisningi i Folkemaalet med dets historiske Utvikling best kann bindast ihop med Undervisningi i Morsmaalet elles, kor mykje Tid ein kann bruka til det, og kva ein for Tidi kann setja som Maal for Undervisningi.
 
Diktarløner. Det vert sagt, at Regjeringi ikkje vil koma med Forslag um nye Diktarløner, men halda paa dei gamle, som alt er. Likeins med Komponistløner, jamvæl til Johan Svendsen, som hev fast Post i Danmark.
 
 
Den svenske Riksdagen vart nyleg opnad. I Trontalen vart det ikkje sagt noko serskilt merkjelegt.
 
Det er no mange svenske Blad, som driv med aa øsa upp Folket imot Norig, som dei tykkjest hev fenget for stor Fridom, og som dei ikkje unner full Sjølvstilling. Det er likevæl berre millom Storingarne, at det hev nyttat dei aa kveikja noko Hat imot oss. Bønderne hev ei onnor Meining. Det ser ein greidt av den Talen, som Karl Ivarson helsad Landtmannspartiet med. Han sagde millom anna:
 
”Det svensk-svenske Selskap, som i den siste Tid hev viljat hevda ein Fedralandskjærleik for seg sjølve, dei er i Røyndi ein Fiende av Sverik, naar dei med ei trongsynt Nasjonalkjensle søkjer Strid med Brorlandet Norig, og soleis ogso for sin Del set Sveriks Vælferd paa Spil, den som baade ut og inn er best tent med at ein vedkjennest Norigs fulle Jamstelling i den skandinaviske Union”.
 
Vinstre er Namnet paa eit nytt Riksdagsparti, som held paa og danar seg. Dei hev vedteket som Program: 1) Utviding av Røysteretten, 2) full Religionsfridom, 3) Folkeskulens utvikling til ein samfelles Fyrsteskule for alle, 4) Fordeling av Skattarne etter Skatteevni, 5) Sparsemd med Statens Midlar, 6) Minking paa Militærstellet og Tilslutning til Fredsarbeidet, 7) Forbetring av Rettsstillingi aat Arbeidaranne.
 
Ifraa Balkanhalvøyi, høyrer ein no ikkje so mykje um Dagarne. Ein veit berre, at alle Magter arbeider paa aa faa Freden istand millom Serbien og Bulgarien; no er det væl so, at baade Serbien og Grækenland held paa og rustar seg av full Magt, men dei hev daa likevæl ikkje tvilat um anna, enn at det vil lukkast Stormagterne aa aga Smaastatarne fraa aa hogga laust. Men paa det siste er det mange, som tok til aa tvila igjen. Minst fire Herar stend ferduge, medan tvo av Stormagterne vaker paakvarandre, ferduge til aa stella ein halv Million Hersveinar i Marki. Serbien hev yver Hundrad Tusen væpnad Menn, og Folket er fullt av Øsing for den Usigeren, dei fekk, og er brennhugad etter Vinningar, um dei var aldri so smaae. Bulgarien framleides hev likeso mange Mann, eldhugad og sigerøre. Turkarne hev ført tvo Hundrad Tusen stridslystne Asiatar inn i Landet og um dei og ikkje hev nokor god Tru til Framtidi sjølve, so er dei meir hugad til aa slaast enn til aa senda heimatt Asiatarne, fyrr dei hev kunna gjort nokon Nytte. Grækenland hev kallat inn kvar einaste Hersvein, som kann brukast, vonleg 50,000, og hev tømt Statskassa til aa bu dei til, og endeleg hev dei offentleg sagt, at Landsens Lagnad stend paa Spil, og at dei maa slaast. Og so er det Russland, som grant vaker etter, um Vegen deira til Konstantinopel skulde stengjast, og um Fyrst Aleksander verkeleg skulde vinna seg fullt Sjølvstende, so dei sjølve ikkje fekk noko aa raada. Austrike samlar so stilt Herfolk i Bosnien og driv sitt Spil med Serbien og kanskje med Grækenland. Soleis ser det verkeleg ut, segjer eit engelsk Blad, medan Stormagterne paa Papiret hev gjort Fred og Semje, og Folk trur, at Faaren er yverstaden.
 
Brennevinssamlaget i Kristiania skal alt hava verkat, so det hev minkat mykje med Drukkenskapen. Soleis skal det hava hendt det Sersyn, at sume Dagar hev det berre voret ein elder tvo, som hev vortet ført paa Raadstoga for Drukkenskap.
 
Heidersgaave. Hr. Soknerpest K. Seip fekk til Heidersgaave, hjaa Folkehøgskulegutarne i Aafjorden ein Ljosstake av Sylv, brennande med tri Ljos. Og Gardbrukar Nilsen fekk ei væn Kaffikanne for han hadde lagat Rom aat Skulen.
 
Siste Kvelden song Gutarne firstemmig, og me som høyrde paa, tykte dei song reint underleg vakkert. Til næste Veter ynskjer me det like gildt for Gjenturne.
 
K. B.
 
Ny Sledemaksel. Til Sigurd Jørstad! Eg saag i Samhold, at De hadde teket med Dykk fraa Amerika eit Mynster til ein Langslede. Kunne De ikkje syna fram for Folk denne Langslede-gjerdi? T. D. ved aa faa eit ”Grundrids” av ho inn i dei ymse Bondebladi, og so kunne de fortelja stutt og godt, korleis ein fer fram, naar ein skal gjera ein slik Slede.
 
Det vilde kanskje ruske lite i dei mange Bakstrævaranne vaare, som støtt kjem med det, ”at det var godt nok aat han Far, so er det væl godt nok aat meg au”; sjølv um det er aldri so gagnlegt, det ein byd dei.
 
Gjer det Sigurd Jørstad, og De vil gjera meir Gagn for Landet vaart, ”enn ein som skriv ei middels Bok”.
 
O. Sv.

Frå Fedraheimen 23.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum