Born.

”Kva er du ifraa?” spurde Jon ei liti Gjente, som sat og gret paa Kyrkjegarden.
”Eg er heimanifara”, tutrad Gjenta, og tok til aa turka vekk Taararne med Handebaket sitt.
”Kva heiter du?” spurde Jon.
”Eg heiter Ane”, svarad ho og vart blid.
”Kva gret du for daa?” spurde Jon og tok ho i den vaate Hand.
 
”Eg gret for Mor”, sa ho og tok til aa vaatna i Augo att.
 
”Kvar er Mor di daa?” spurde Jon so mjukt han kunne.
”Ho er i Himmerikje”, og Graaten kom att.
”Men det er daa ikkje noko aa graata for det”, sa Jon. ”Eg hev ei liti Syster i Himmerikje eg; men ho hev det so gildt ho, segjer Mor. Ho hev det mykje betre enn eg. ”Ho fær ikkje Ris helder ho”,
 
”Fær du Ris daa?” spurde Ane.
”Ja, eg fekk Ris igaar eg”.
”Daa er du stygg”, sa Ane.
 
”Er eg stygg? det er ikkje sant det Mor!” sa Jon og drog Munnen ut i ein Trut.
 
”Kva fær du Ris for daa?” spurde Ane.
”For inkje”.
 
”Ja so er Mor di stygg daa”.
 
”Er Mor stygg?” spurde Jon og vart stuss.
 
”Ja det er ho, naar ho gjev deg Ris for ingen Ting”.
”Det lyg du”, sa Jon og vart sint, ”mi Mor er ikkje stygg; men di Mor er stygg ho”.
 
”Nei mi Mor er ikkje stygg! ho er i Himmerikje ho; dit slepp ikkje di Mor”.
 
”Nei di Mor er ikkje i Himmerikje; dit slepp ein ikkje utan ein er pen og skikkeleg, det hev Mor sagt”.
 
”Ja Mor mi var pen og skikkeleg ho”.
 
”Nei Mor di var stygg ho!”
 
”Det lyg du”.
”Eg lyg ikkje”.
 
”Jau du lyg!” skreik Gjenta og vart sint. ”Eg skal segja det til han Far eg, at du segjer det, at Mor mi var stygg”.
”Ja berre seg”, svarad Jon og flirde”, min Far er større enn din”.
 
”Nei min Far er størst”, meinte Ane.
 
”Det er ikkje sant”.
 
”Jau det er sant”.
 
”Det lyg du!”
 
”Nei eg lyg ikkje!”
 
Og so bar det til aa slaast; so tapte Gjenta og tok til aa graata, og so vart dei gode Vener att.
 
”Vil du vera med meg heim?” spurde Jon.
 
Ja det vilde ho daa, og so var ho med han heim. Jon hadde so mangt rart aa syna ho. Han hadde murt seg upp ei Krambud av Stein, og der hadde han Sauder og Kyr og Hestar og Baatar av Stein og Tre, og so hadde han Tobbak av Høymoleblod og mangt anna. Og daa dei hadde set alt, gav han ho ei kvit Ku og ein Baat, og so skulde han fylgja ho heim.
 
Men ho hadde ikkje Steinkrambud. Ho hadde berre eit Skrin, som ikkje var Lok paa. Men i dette Skrinet hadde ho mange gilde Ting.
 
Fyrst tok ho upp ei Pakke og der inni var mange Brev, som ho sjølv hadde klypt ut til Hestar og Kyr og Geiter og mange andre Dyr. So hadde ho ei annar Pakke, og der var so svært mange Klutar i, svarte og kvite, gule og grøne, brune og blaae, raude og rendutte og rosutte og rikkutte og prikkutte og sponsutte og alt det, som nemnast kann. So kom ho med eit ørlite Skrin, og deri var det ei ørliti Dokke med eit ørlite Andlit; dette hadde ho fenget av Far sin, daa ho var ørliti. Daa dei hadde set yver alt dette, var Kvelden komen, og det tok til aa myrkna. Men ho hadde noko til, som han endeleg laut sjaa, fyrr han gjekk. Ho hadde det i ei Kraa for seg sjølv, og no kom ho smitande med det. Det var ein liten rund Ball aa sjaa til; men so tok ho til aa løysa paa det, for der var ein lang Traa umkring det. Innunder Traaen var noko tjukt Graapapir; innunder Graapapiret var noko av ei Avis; under Avisi var noko finare Papir, og under det var noko endaa finare Papir, so fint som Silkje: men innunder Silkjepapiret var ein Bomullsdott. Denne Bomullsdotten tok ho so mjukt og varlegt i Handi si og spurde Jon, um han kunne gjeta, kva som var inni.
 
Det kunne Jon ikkje. Men vilde han lova, at han ikkje skulde fortelja det til nokon livande, so skulde han faa sjaa det likevæl. Det lovad Jon, og so tok ho det aalvorsamt utor Bomullsdotten; det var ein _ Sylvring, som ho hadde fenget etter Mor si.
 
”Er ikkje denne pen?” spurde ho, og det glitrad i Augo hennar.
Jau Jon totte han var pen.
 
”Trur du ikkje no, at Mori mi er i Himerikje?” spurde ho og tok Jon so trufast i Handi.
Jau no trudde han det.
 
”Men er ikkje mi Mor og skikkeleg?” spurde han og saag so vonfullt paa Ane.
Jau det var ho daa, meinte Ane.
 
”Men er ikkje eg med skikkeleg?” spurde han uppatter.
Jau han var skikkeleg han med, meinte ho. ’
 
”Alle Folk er skikkeleg”, meinte Jon.
 
Ja det var dei daa. Men han Støyle-Knut var ikkje skikkeleg, for han hadde rivet sund nokre Kretur for ho, eingong ho skulde syna han Krambudi si.
 
Og so skulde Jon daa til aa gaa, etter at dei hadde fenget i seg kvar si Kake. Men ute var myrkt, og Jon var myrkrædd, og so skulde Ane vera med han paa Vegen. Men daa dei kom fram, torde Ane ikkje gaa aaleine attende, og so skulde Jon fylgja ho eit Stykkje. Men daa han skulde snu, torde han ikkje gaa aaleine attende, og so skulde Ane fylgja han eit Stykkje.
 
Slik gjekk dei att og fram til der kom Folk og leitte etter dei.
 
Gorm.

Frå Fedraheimen 23.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum