Eit og anna um Bonde-Trældomen fyrr i Tidi.

 

(Del 4 av 4. Fyrste delen.)

 

III.

 

(Tyskland).

 

(Siste Stykkje).

 

Daa Bondereisningi var kuad, slo Luther seg heiltupp til Fyrstarne. Dei, som hadde Møde og tyngdest ned, fekk ikkje Kvile hjaa dei tyske Reformatorarne. Evangeliet var ikkje for dei smaae, det var berre til Bate for Fyrstemagti.

 

”Dei Band, som Bønderne hadde viljat sprengja, vart til tunge Lekkjur.” Medan Herremennerne steig i Velde, seig Bønderne djupare ned i svarte Trældomen og Ørvæna (Fortvilelse).

 

Berre i Schweitz og _ i det minste for ei Stund _ i Ditmarsken vann Bønderne.

 

Alle Stader elles vesnad det frametter i det 16de Aarhundrad. Bønderne hadde fyrr for det meste Gardarne paa Ervefeste, men no vart det meir Skikk aa leiga paa Livstid elder Aaremaal. Hoveriet aukad paa, so Bonden laut gaa fraa sitt eiget Arbeid kvar Gong han vart tilsagd, alleslags Tyngslur kom til. So kom den fæle Tretiaars-Ufreden med drepande Farsotter; Bonden vart daa reint utarmad, Jordbruket øydelagt.

 

Kjeisarmagti veiknad av, so no fekk Smaafyrstarne og Herremennerne raa seg plent, som dei vilde. Og dei turvte ikkje ottast Bonde-Reisningar lenger, for Fyrstarne heldt faste Herar, so dei slapp aa beda Landdagarne um Mannskap; Pengarne pinte dei ut av Bønderne og julad dei, til dei betalde. Rakk det ikkje til, tok dei Bønderne til Soldatar og leigde dei ut til andre¹).

 

Dei fleste Stader kallad dei ikkje Bønderne for liveigne, men for ”hørige”, men Namnet gjorde korkje til elder fraa.

 

Til Vederlag for dette fæle Hardstyret, som Herremennerne lagde paa Bønderne, skulde dei syta for dei fatige paa Godset, setja upp og halda i Stand Kyrkjur, Skular og Forpaktar-Hus. Dette var noko, som fylgde med Herremannens Eigedoms Rett til Godset.

 

Men med denne Eigedoms-Retten fylgde og, at dei foor med Bønderne liksom dei var Naut, og allerverst hadde Bønderne det etter Tretiaars-Ufreden og 100 Aar frametter.

 

Hjelpi kom ikkje fraa Reformatorarne; det var helder til Skade for Bønderne, at den romerske Kyrkja vart undantrengd; men Hjelpi kom fraa ein Kant ein minst skulde venta det. I det 18de Aarhundrad hadde dei tyske Fyrstarne fenget fullt Einvelde og dermed Yvertaket yver Smaatyranarne. Fyrstarne turvte store Herar og større Innkomur, og difor laut dei leggja seg frami, naar Bønderne vart slik pint, so dei korkje kunne brukast til Soldatar elder orkad aa betala.

 

I Preussen vart det freistat i 1702 paa aa lata Bønderne kaupa seg frie paa Krungodsi og faa Hoveriet umsett til ei Avgift; men det kom inkjevetta ut av det, for Bønderne var so utarmad, at dei aatte ikkje Kongens Mynt. So kom det ein fæl Mannadaude nokre Aar etter i Austpreussen, der Bønderne hadde det verst, og daa avlyste Kongen, Fredrik Wilhelm, Liveigenskapen paa alle Krungodsi til aa hjelpa upp Landet og faa Unggutar til Heren, (1719 og 1720), og Bønderne fekk no Jordi paa Ervefeste, men so vart Stavnsbandet innført i Stellet, og det vart mest likso ille som det hadde voret.

 

Den same Kongen let Herremennerne faa Hovudgardarne sine, som dei fyrstundes hadde fenget til Len av Kongen mot aa fylgja han med Mannskap i Ufredstider, til fri Eigedom mot ei viss Avgift; for no fekk Kongen Mannskap paa annan Maate. Dette var den einaste Avgifti, som Adelsjordi hadde aa svara. Daa soleis all hin Skatten laag paa Bondejordi, forbaud baade Fredrik Wilhelm og Fredrik den andre strengt aa leggja ned Bondegard-arne og draga dei inn under Hovudgardarne, naar Festebønderne døydde; dei skulde daa bygsla dei burt til andre Festebønder. Fredrik den 2dre vilde hjelpa upp Jordbruket og vilde faa Liveigenskapen i Pommern avteken, men dette vart reint faafengt. Alt det han vilde gjera for Bønderne, vart upp i inkje, daa han sjølv heldt den gamle Stands-Skilnaden uppe; han trudde soleis, at berre Adelsmenner dugde til aa vera Offiserar.

 

Liksom det var Stands-Skilnad, var det Skilnad paa Jordi og. Der var tri Slags Jord, Adelsjord, Byjord og Bondejord. Adelsmannen kunne ikkje raa som han vilde med Bondejordi, fekk ikkje driva ho sjølv, men laut bygsla ho burt. Sameleis, um han aatte Byjord. Ein Borgar kunne ikkje driva Bondejord annleis enn med Festebønder, og Bonden kunne ikkje driva anna enn den ufrie Bondejordi.

 

Soleis gjekk det til den franske Revolusjonen. Dei tyske Bønderne tenkte aldri paa Revolusjon, dei vart seinare trælkad, sette seinare upp og vart seinare utfridde enn dei franske. Men daa det bar laust i Frankrike, so foor dei til aa tenkja paa Umbot i Tyskland og.

 

Etter Aaret 1791 vert ikkje Ordet ”Liveigenskap” brukt lenger i Preussen, endaa Bønderne i Røyndi var liveigne endaa. I 1799 tok Kongen paa og fekk Hoveriet paa Krungodsi avløyst mot ei Avgift.

 

Men stort anna vart ikkje gjort helder fyrr den store Merkedagen kom, daa ei ny Tid skulde spretta for Preussen; det var den 
Dagen, daa det gamle Preussen med Korporalstaven og liveigne Bønder og Serretter ramlad i hop i Dubbelslaget ved Auerstädt og Jena, 14de Oktober 1806. Stands-Skilnaden og Serretterne hadde ikkje kunnat berga Fedralandet, no laut dei byggja paa eit nytt 
Grunnlag.

 

Von Stein het den store Statsmannen, som skulde gjera fyrste Steget til aa reisa uppatt Preussen. Han selde Krungods til Bønderne, so mange no vart Sjølveigarar og Landet fekk Pengar til aa betala Ufreden med, 3 Maanadar etter Freden til Tilsit avlyste han den gamle Skilnaden paa Adelsjord, Byjord og Bondejord og gav Lov til aa selja Jord so mykje dei vilde, og avlyste Liveigenskapen (elder Erbunterthänigkeit, som det no vart kallat) forutan Skadebot til Herremennerne. I 1808 gjorde von Stein Festebønderne paa Krungodsi til Sjølveigarar mot aa betala Gards-Reidskapen og ein Gong for alle betala 25 Gonger so so

mykje som Hoveriet var verdt um Aaret. Daa vart det med ein Gong 47,000 nye Sjølveigarar.

 

Hardenberg, som fylgde etter Stein, avlyste den Serrett Adelen hadde paa aa hava Jordi skattefri, han drog inn og selde den geistlege Jordi, avlyste dei Serretterne Herremennerne hadde havt paa aa driva Kvernbruk, Bryggeri og Brenneri og let so, at alle Bønder skulde faa sleppa Hoveriet mot Skadebot. I 1811 gav han ut tvo Rettarbøter, um korleis Festebønder og Forpaktarar kunne verta Sjølveigarar, slik at Herremennerne og 
Bønderne laut fira noko kvar paa sin Kant. Det vart forbodet og aa festa Arbeidarar mot Vederlag i Jord paa lenger Tid enn 12 Aar.

 

Soleis lagde von Stein og Hardenberg Godviljen til. I 1813, daa Preussen slost paa Kniven med Napoleon, reiste det jamsides med den faste Herren ei Landverje, som var heiltupp ein Folkeher, der Bondesonen og Fyrstesonen slost Side um Side. Det saag ut som det alt var stor Fridoms-Dag i Preussen.

 

Men so kom 1814 og Wienerkongressen, og Preussen seig inn under Bakstrævet att. 
Dei store Rettarbøterne kom ikkje stort lenger enn paa Papiret. Staten kom ikkje Bønderne til Hjelp med Pengelaan, so dei hadde ingenting aa kaupa seg frie med. Herremennerne fekk hava sin Yvereigedoms-Rett med Domar-Magt og Serrett paa Skytteri. Fraa 1811 til 1848 kom det til berre 70.000 Sjølveigarar i Preussen.

 

So rann det store Revolusjons-Aaret 1848. Daa kom det ein merkeleg Kveik i det tyske Folket, liksom paa Reformasjons-Tidi. Fleire Stader, der Bønderne hadde reist seg 300 Aar fyreaat, reiste dei seg no med, øydelagde Herregardar og gjekk paa Skytteri.

 

Daa fyrst tok dei paa for Aalvor i Preussen aa hjelpa Bønderne. I 1850 kom det ut ein Lov, som fastsette, at nokre Tyngslur, dei som skreiv seg fraa Feudalsvæsenet og Liveigenskapen, skulde avtakast utan Skadebot til Herremennerne, men dei, som var grundad paa Kontrakt elder Avtale, kunne verta avløyste mot ein Sum Pengar, det 18_25 dubbelte av de som dei var verde for Aaret.

 

Hypothekbankar vart skipad til aa hjelpa Bønderne med Laan.

 

Herremennerne misste sin Yvereigedoms-Rett forutan Skadebot og likeeins Domar-Magti. I Lag med den nye Fridomen, liksom tvo Fosterbrødrar, fylgdest Folkedomstolen, Juryen, som vart innførd i Preussen 1849.

 

No gjekk det fort fram; paa 10 Aar, var det grøvste undangjort.

 

Sameleis hev dei gjort i hine tyske Land. 
Mange av dei tok seinare aat enn Preussen, men var mest ferdige i 1848.

 

I Austrrike, som hadde leget mest i Daudvatnet, tok dei paa i 1848. Her hadde det voret fæle Tilstand i mange Fylke, allvisst i Galisia. Paa Riksdagen i Wien sagde ein 
Tingmann fraa Galisia: ”Ja, Adelsmannen hev faret kjærleg med Bonden! Fekk han slita hardt heile Vika, so fekk han Traktering Sundagen lel, for daa sette Herremannen Bonden i Jarn og stengde han inne i Fjoset, so han skulde verta endaa hardare til aa slita Vika etter. Ja, Adelsmannen er mannamild, for han kveikjer den utmødde Hoveri-Bonden med Paaken, og klagar Bonden fordi han hev for veike Uksar, som ikkje orkar aa draga, so ropar Herremannen aat han: ”Gakk under oket du sjølv og Kjeringi!” 300 Steg fraa Herregarden lyt me fint taka Hatten av. Naar den fatige Bonden vilde gaa upp Troppi, so sagde dei, at han skulde vera i Tunet, han tevjad so ille, maa tru, og Herren kunne ikkje tola Teven av han. Og slik Illgjerd skal me no gjeva han Vederlag for?”

 

 

¹) Kurfyrsten av Hessen-Kassel tente 50 Millionar Krunur paa det i dei 8 Aari (1775_1783), daa dei engelske Nybygderne i Nordamerika slo seg frie.

 

Frå Fedraheimen 30.12.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum