Den høge Muren.


Det er ikkje lengje sidan der laag ein stor væn Hage like utanfor Glaset i Arbeidsromet mitt. Berre ein smal Veg var der millom Værelset mitt og detta vesle Paradiset. Til kvar Dag fløymde der slik ei frisk, styrkjarnde Luft inn gjenom det opne Vindaugat. _ Aa, som eg gledde meg i aa sjaa paa alle dei fagre Blomar og Tre, og skoda Fuglarne og Skyi som fauk der høgt, høgt uppe! Um Morgonen strøymde Solstraalarne inn til meg, og um Kvelden fekk eg sjaa paa den straalande Stjerneheimen. Alt detta vakte mange fromme, gode Tankar hjaa meg.
 
Og no er det burte, Himmel, Blomar, Stjernur, Tre, Sky, Fuglar _ Tankar og Songar _ altsaman! Dei hev no bygt eit stort keidsamt Hus like utanfor Vindaugat mitt, so eg ser berre den kalde Muren um eg glor ut.
 
Og dette Værelset, som eingong var so fagert og hugsamt, tykkjer eg er som eit Kjellarfengsel no.
 
Ja, det var Skade! Fraa Dag til Dag voks Muren, og det vart minder og minder aa sjaa av det bjarte blaa. Siste Sundag glytte den siste Solstraalen inn til meg, um Maandagen hadde han vortet for høg. Aa, eg totte eg kunne graata.
 
So var et ein Dag, der kom inn til meg ein Mann, som eg klagad meg for. Og av han fekk eg Trøyst nettupp for at han tvilar paa dei heilage Ting. Ser du, sagde han, den Himmelen me kann sjaa, er litt um Senn vortet løynd for deg av kvar Murstein, som vart lagd, soleis hev det gjenget med meg innvortes. Di meir eg lærde i Verdi, di meir miste Barnetrui noko av Sterkleiken sin, og no er eg so fatik, so tom og so uendeleg trøyt. Og han gret som eit Barn.

Daa fyrst gaadde eg, koss lite eg hadde aa klaga yver. Eg var daa svært lukkeleg imot han. Tusind Gonger betre er det daa, at den Himmelen me kann sjaa vert løynd enn den andre. Aa so ulukkelegt som eit Menneskje er, naar det ikkje lenger kann beda sit Fader vor!
 
(Etter Funcke).