[Tidender.] Johan Hermann Wessel.


Det er i dag Hundradaarsdagen, sidan han døydde.

Det norske Selskab reiser honom i dag eit Minnesmerkje i Kristiania. Stytta stend paa Plassen bak Stortingsbygningen.

Diktaren Johan Hermann Wessel er væl verd aa heidrast paa den Maaten.
 
Han var Presteson, Brorson til Tordenskjold og var fødd 1742 i Vestby Prestegjeld. Han gjekk paa Skule her i Kristiania, sidan heldt han seg i Kjøbenhavn.
 
Det er ikkje so mykje det han hev skrivet, men det er Lune og Lentur i det, so det er ei Hugkveiking aa lesa det endaa. Mest namngjeten vart han ved Skodespilet sitt Kjærlighed uden Strømper; der gjorde han syndleg Narr av den tilskapad og ihoplagad Diktarskapen, som var paa Moten ved det Leite. For det var frisk Natur i den Guten, han sat ikkje smidde og stelte med Versi sine han, men riste dei or seg med kaat Laatt og log ihel all Unaturen i Samtidi, endaa han ofte sjølv drogst med Armod og Hugsjuke. Han var vanleg lat og likesæl, men naar han var i Laget sitt, gneistrad det av han med Leik og Løgje.
 
Det er væl dei heidrar upp att Minnet hans, for slik ein Gut turvte me hava no og, skal ikkje Bokheimen vaar verta moselagd med Sturskap. Laattmakarar og Lentekrokar, som ingen vyrder, kann ofte vera betre Samfunds-reformatorar enn dei drustaste og gjølelegaste Preikarar, for dei fær den sunne Sans i Folket med seg.
 
Dette norske Selskabet, som reiser Stytta hans, kom til paa den Tidi; det var Nordmennerne nedi Danmark, som tok til aa skilja seg ut, der hadde Wessel Livet sitt. No er dette Laget berre eit Etarlag. Likevæl hev dei no gjort eit godt Verk, som dei skal hava baade Ære og Takk for.