[Tidender.] Folkehøgskulen i Aafjorden.


Fraa 5te November til 19de Desember hev Stortingsmann Daniel Sæter og Sokneprest Karl Seip haldet Folkehøgskule paa Garden Frønes i Aafjorden. Skulen hev dei denne Tidi vortet søkt av 22 Gutar. Dei flestalle av desse er fraa Aafjorden. Berre tvo av dei er fraa Bjørnør og ein fraa Ørlandet. Kvar Dag hev Skulen voret haldet i minst 7 Timar. Læraranne Sæter og Seip hev og voret gilde Menn til aa utføra dette sitt Arbeid. Forutan at Gutarne hev faatt meir Kunnskap i Skrivning og Rekning, hev dei vist og faatt eit klaarare Syn paa Livet i det heile og store. Me andre, som ikkje nettupp er Elevar paa Skulen, hev og havt mykje Gagn av, at Skulen kom hit. Kvar Laurdagskveld og sumetider Sundagskvelderne hev her voret haldet Fyredrag um mange vigtuge Saker. Eg kann nemna: 
Fedrelandskjærleiken, Skjotarsaki, Skulesaki, Maalsaki, o. s. b. um Barndomsaldren, Ungdomstidi, Manndomsaldren og Alderdomen hev Stortingsmann Sæter haldet fleire gode Fyredrag.
 
Sume Laurdagskveldar hev me havt Samrøde um dei Spursmaal, som ligg det norske Folket nærmast aa faa Svar paa, ikkje daa aa gløyma Maalsaki og dei Ting, som staar i Samhald med den. Maalsaki hev sine Motstandarar, det er sannt; men eg trur, at dei flestalle av dei, som bur paa Landet, og som er imot Maalsaki, ikkje eingong veit kva Maalsaki er for noko. Eg hev høyrt Bønder, som kallar det danske Maal sitt Morsmaal fordi dei ikkje veit, at Morsmaalet er det Maal, Mor talar . Dei trur, at det Maal , som dei i sin Barndom hev leset i Bøkerne, er Morsmaalet . Dei hev ikkje set noko anna Maal i Bøkerne enn det danske , kann eg gjerne segja. Eg hev høyrt sovorne Motstandarar av Maalsaki hava sagt, at Morsmaalet vil dei ikkje missa; men dei hev strakst etterpaa komet med den Røda, at det er dette me hev i vaare danske Bøker . Sovorne Motstandarar kann me vel snart taka paa Ordi, og soleis maa me venda upp ned paa deim. Eg trur, me Maalvener maa takka Folkehøgskulen for det, han gjer, for aa læra Folket elska sitt Morsmaal. Eg hev den Tru, at Landsmaalet fær fleire Vener her i Aafjorden og enn fyrr, etterdi at Folkehøgskulen hev opnat Augat paa mange for, kvat stor Bate me hev av, at me fær vaart eiget Maal som Bokspraak.
 
Gutarne hev skrivet ei Avis, kallat Ungdomstanken, i den seinare Tidi, Skulen gjekk, og eg hev høyrt fleire Stykkje i den paa vaart eiget Maal. Eg gledde meg, kvar Gong eg fekk høyra eit og anna Stykkjet med den heimlege, kjære Ljod.
 
No er Folkehøgskulen sluttad her for i Aar. Eg skulde ynskje, at den ogso kom hit det komande Aar. Um detta kann me vel ikkje hava so stor Von likevel. Me fekk ikkje noko Pengar av Amtet til denne Skulen, og det var soleis ikkje so greit aa faa den hit. Likevel kom den til Bygdi. Me hev den kjære Prest Seip aa takka mykje for det. Stortingsmann Sæter hev ogso gjort store Uppofringar for Skulen, og difor skal han og hava stor Takk. 
Me hev ikkje so mykje aa takka dei gode Høgremenn i vaart Fylkesting (Amtsting) for! Dei var nok rædde Folkehøgskulen, og kvifor? Eg trur, fordi den gjever Folket meir Upplysning, enn dei Herrarne kann lika. Du gode Folkehøgskule! Berre upplys Folket, so mykje du kann, du! Eg trur, det er bra for Folket, og daa fær det vera, som det kann, for dei ufolkelege Storkarar.

I. O .