Soga um tvo Elskande.


(Or Strengleikar; umset fraa Gamallnorsk).
 
Fordum i Normandi hende det ein Tilburd, som sidan vart vida kjend, um tvo Ungmenne, som elskad kvarandre so overlag, at dei umsider baae tvo laut lata Livet sitt av brennande Elskhug. Um desse tvo Ungmenne gjorde Bretarne¹) ein Song, som dei kallar Songen um dei tvo Elskande. Dette hende verkeleg i Neystrik, som no heiter Normandi, der det er eit stort og ovlege høgt Fjell; der kviler desse tvo Ungfolk ovanpaa Fjellet. 
Men paa eine Sida av Fjellet nær ved dette let ein Konge gjera ei stor Borg og lagde mykje Vinn paa dette Arbeidet; han var daa Herre yver dei Folki, som heiter Pistrar, og Kongen let kalla Borgi Pistres²). Dette Namnet hev ho sidan jamnan boret; men Bygdi og alle Husi der er kjende under Namnet Pistradalar. Den Kongen, som daa budde der, aatte ei Dotter, ei frid og høvisk Møy; men han hadde ikkje fleire Born. Han ærad og elskad henne yver alle livande. Megtuge Menner bad um aa faa henne til Kone og vilde gjerne hava henne; men Far hennar vilde paa ingen Maate gifta henne burt, for han kunne aldri sjaa henne fraa seg, so ho maatte vera hjaa han baade Natt og Dag til aa hugga og gledja honom, sidan han hadde mist Dronningi si. Men mange let ille yver det, at han gjorde henne so kjær for seg, at alle Folki hans neiste og lastad honom for det. Som han høyrde, at Folk talad og let ille um dette, vart han harm ogmislikad det so mykje, at han vart hugsjuk og sorgfull av det. Han tok daa til aa tenkja yver, korleis han skudle laga det, so Folk sluttad aa beda um Dotter hans. Daa let han kunngjera, at um nokon bad um Dotter hans, daa skulde han i Sanning vita, at Kongen hev sagt, at dersom han fær boret Dotter hans upp-paa Fjellet i fanget sitt utan aa kvila, so skal han faa henne.

Daa no denne Tidendi vart frett yver heile Landet so prøvde mange aa bera henne; men dei klarad det ikkje. Det var nokre, som fekk boret henne midt upp i Fjellet, men ikkje lenger, difor let dei det vera med det. Lenge vart det no ikkje annleis med dette og Kongsdotteri; ingen vilde beda um henne, fordi ingen kunne faa fullført det, som Vilkori kravde. I dette Kongerikje var ein ung Mann, Son aat ein framifraa Kar, væn og gjæv som ingen annan; han freistad aa vinna Kongsdotteri.
 
Han var ofte lengje i Kongens Hird og heldt mykje av Kongsdotteri, rødde ofte med henne og sagde, at ho skulde taka imot Kjærleiken hans, for han var ein raustleg og høvisk Kar; Kongen rosad honom og mykje og heldt av han. Dei rødde ofte med kvarandre og elskad kvarandre, men løynde det so godt og listigt, at ingen kunne merka Elskhugen deira. Men det tregad dei mykje, at dei ikkje kunne møtast og koma saman. Guten tenkte, at det var betre for honom aa bida med Tolmod enn aa fara fram med so toskutt Hast, at han av Tvihug miste baade Von og Tiltru. Kjærleiken batt dei baae tvo fast i hop. Dernæst bar det so til, at Guten eingong kom til Kjærasten sin, væn og staut som han var, og bar seg ille for henne, kor sjuk av Elskhug han var; han sagde, at ho ikkje skulde plaaga han lenger i Elskhugslekkjurne og bad henne fylgja honom burt og sagde, at han ikkje lenger vilde bera denne Verk. Men um han kom fram med Friingi si til Far hennar, so viste han, at Faren elskad henne so hardt, at han ikkje vilde gifta henne burt til han, dersom han ikkje klarad aa bera henne uppaa Fjellet i Armarne sine. Daa mælte Møyi: Kjæraste, sa ho, eg veit for vist, at du ikkje vinn aa bera meg, for du er ikkje so sterk og kraftig. Men um eg reiser burt med deg, so vil Far min jamnan liva med Harm og Hugsott, vreid og sorgfull. Men Gud veit, at eg elskar honom mykje, og at han er meg so kjær, at eg aldri vil gjera honom nokor Sorg. Du maa finna paa ei onnor Raad, for denne likar eg ikkje. Eg hev ei rik Frændkone, som hev store Eigedomar uti Salernaborg³); ho hev voret der i meir enn femti Vetrar og er fullkomi i all Lækjekunst, daa ho lengje hev drivet paa med den Kunsti; ho skynar seg paa alle Slag Gras og Røter. Um du vil fara til henne og fli henne eit Brev fraa meg og syna henne, korleis det er lagat med deg, so vil ho hjelpa deg med Raad og Røkt og gjeva deg slikt lækjande Gras og ein Drykk, som vil gjeva deg stor Kraft og Styrkje. Sidan naar du kjem att til dette Fylke, daa skal du beda Far min um meg. Han vil kalla deg barnsleg og segja deg Vilkoret, men du skal gjera gaa inn paa det, daa det ikkje kann vera annleis.

Daa Guten hadde høyrt Røda og Raadi hennar, vart han hugad og takkad henne. So tok han Avskil med Kjærasten sin, foor til Fylket sitt og budde seg skyndeleg til Ferdi si, foor so til Salernaborg, kvilde seg der og talad med Frenka aat Kjærasten sin, daa han hadde gjevet henne Brevet, som han hadde med seg. Daa ho hadde set yver Brevet, sagde ho, at Guten skulde drygja hjaa henne til dess ho hadde røynt heile hans Aatferd. Daa styrkte ho han med Lækjemidlar og gav honom ein slik Drykk, at um han vert aldri so arm og trøytt, so fekk han att sin fulle Styrkje og Magt og Kraft, naar han smakad paa honom. Daa han hadde utført dette, foor han heim til Fosterlandet sitt og gøymde Drykken paa eit lite Kjerald, som han hadde med seg. No er Guten fegjen og glad. Daa han var heimkomen, drygde han ei liti Stund i Fylket sitt og foor so strakst til Kongen for aa beda um Dotter hans. Kongen negtad honom ikkje Dotteri, men han let daa um, at det vilde vera stor Daarskap og Uraad for Guten. _ Ein Dag let Kongen stemna sine Vener saman for Dotter si og Guten, som vilde prøva aa bera Dotter hans uppaa Fjellet, og mykje Folk samlast daa der til aa sjaa denne Tilburden. Daa Stemnedagen kom, var Guten der fyrst av alle og gløymde ikkje Drykken sin. Paa Engjarne ved Seineborg samlast denne store Mannfjølden. Kongen let Dotter si koma dit; ho hadde ikkje andre Klæde paa seg enn ein Serk. Guten tok henne paa Armarne sine og gav henne Drykken, for han viste, at ho ikkje vilde svika han. Men det vil ikkje nytta honom, for der fanst ikkje Hoov hjaa han. Han laup med henne som skjotast, og daa han var komen midt i Fjellet, gløymde han Drykken for den Fagnad, han fekk av Møyi. Daa ho kjende, at han møddest, sagde ho til han: Kjæraste, drikk Drykken; for eg kjenner, at du er trøytt; drikk og uppattny Styrken din. Daa svarad han: Eg hev Kraft nok, kjæraste! Hjartat mødest ikkje, og difor vil eg slett ikkje kvila. Daa han var komen tvo Tridjepartar av Fjellet, fall han nesten i Uvit. Møyi bad han med mange Bøner: Kjæraste, sagde ho, drikk Lækingi di! Men han vilde korkje høyra elder tru Ordi hennar; han foor eit langt Stykkje med henne og kom seg daa uppaa Fjellet med ho med stor Pine. Daa fall han ned og stod aldri sidan upp; Hjartat hans brast og so laag han der sprengd.
Daa Møyi saag Kjærasten sin, trudde ho, han laag i Uvit, og sette seg paa kne hjaa honom og vilde gjeva han Drykken aa drikka. 
Men han kunne ikkje mæla eit Ord, for han døydde so, som no er sagt. Ho klagad daa vyer Dauden hans med høge Rop og kastad strakst ifraa seg Kjeraldet med Drykken i, og Drykken rann or og dreiv vida yver Fjellet, so heile det Fylket læktest av det, fordi der sidan fanst mange gode Gras, som lækte mange Folk, som drakk av den Drykken. No er det aa fortelja um Møyi, som var so vitug og høvisk og væn: ho fall ned der og døydde av Sorg hjaa Kjærasten sin. Men dei, som bidde paa dei, daa dei saag, at dei tvo ikkje kom ned, gjekk daa upp etter dei og fann dei baae tvo daude. Daa datt Kongen ned og laag lenge i Uvit og tok seg so nær, at det var berre sovidt Livet hekk i han; Folket, som var samlat der, syrgde og mykje paa Dauden deira. 
I tri Dagar heldt dei Liki ovan Jorde; daa vart det lagat ei Steinkiste, og deri vart dei baae tvo lagde, og alle raadde til det, at dei skulde verta gravlagde der paa Fjellet. Daa so var gjort, for alle burt. Av denne Tilburd med Borni vart Fjellet sidan jamnan kallat Fjellet aat tvo Elskande. Men Bretarne gjorde sidan eit Kvæde, som dei kallad Songen um tvo Ekslande.

p.


¹) = Folket i Bretagne.
²) No Pître ved Seinen, ovenfor Rouen.
³) Salerno i Italia, der det i Millomalderen var ein vidgjeten Lækjarskule.