Joli kjem.


Tone: Fraa Himlen høgt me koma her.

No kjeme Jol i Stova inn
og fylla vill vaart arme Sinn
med Glede av eit himmelsk Slag,
for myrke Natt vart ljose Dag.

Gud heve elskat store, smaa,
so høgt, at vel me alle maa
vaart Hjarta mot hans Naade snu,
som kjem og vil i detta bu.

Og drikke du det minste av
det botnelause Naadens Hav,
vert Saali rein og fri og fjelg
og Joli ei velsignad Helg.

Daa veit du, han deg kjærast er,
som sette deg so høgt i Verd,
at han forlet sitt Himmelrom
at fria deg or Vesaldom.

Lat upp for Guds einborne Son,
din Frelsarmann og Livsens Von!
Han kjem fraa Himlen til deg ned
med Ljos og Liv og Sjælefred.

Kor hugnalegt det er aa sjaa
eit Hus, der alle samde staa
at ofra Jesus Lov og Pris
og halda Jol paa kristen Vis.

Finn, Jesu, du hjaa meg ein Stad
og utan Svik mitt Jolekvad.
Kom inn, lys upp, du høge Gjest,
til nyfødt Liv og heilag Fest!
 
_ vik.